Canada i Ny-Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Canada
Koloni i Ny-Frankrike
1534 – 1763 France merchande.gif
 
Union flag 1606 (Kings Colors).svg

Flagget tilCanada

Flagg

Location of Canada
Kart over alle område som historisk høyrde til Ny-Frankrike.
Historie
 - Oppretta 1534
 - Avstått til Storbritannia 10. februar 1763

Canada var namnet på ein fransk koloni som ein gong strekte seg langs Saint Lawrence-elva. Dei andre koloniane i Ny-Frankrike var Acadia, Louisiana og Newfoundland.[1] Canada, som var den mest utvikla kolonien i Ny-Frankrike, var delt inn i tre distrikt, kvar med sitt eige styre: Québec, Trois-Rivières og Montréal. Guvernøren i distriktet Québec var òg generalguvernør i heile Ny-Frankrike.[1]

Sidan Canada var meir utvikla enn dei andre koloniane, vert ofte omgrepet «Canada» og «Ny-Frankrike» nytta om ein annan. Etter Paris-traktaten i 1763, då Frankrike avstod Canada og koloniane deira til Storbritannia, fekk kolonien namnet provinsen Quebec.[2]

Bandlagt eigedom[endre | endre wikiteksten]

Ei folketeljing i 1740 synte at det budde kring 44 000 kolonistar i St. Lawrence-dalen, dei fleste av dei fødd i Canada. Av desse budde 18 000 i Québec, 4 000 i Trois-Rivières og 22 000 i Montréal. Dei fleste budde på landsbygda, og byane Quebec hadde 4600 innbyggjarar, Trois-Rivières hadde 378 og Montreal hadde 4200 innbyggjarar. I tillegg hadde Île Royale 4 000 innbyggjarar (1500 i Louisbourg) og Île Saint-Jean 500 innbyggjarar. Acadia hadde 8 000 innbyggjarar.[3]

Pays d'en Haut[endre | endre wikiteksten]

Pays d'en Haut (dei øvre landa) var underlagt Canada, eit enormt område nord og vest for Montreal, som dekte heile Dei store sjøane og strekte seg så langt inn i Nord-Amerika som franskmennene hadde utforska.[1] Nord for Dei store sjøane, vart ein misjon, Sainte-Marie blant huronane, oppretta i 1639. Etter at Huron-reservatet vart øydelagd i 1649, øydela franskmennene sjølv misjonsstasjonen og forlet området. I det som i dag er Ontario og dei vestlege præriane, vart det bygd forskjellige handelsstasjonar og fort, som Fort Kaministiquia (1679), Fort Frontenac (1673), Fort St. Pierre (1731), Fort St. Charles (1732) og Fort Rouillé (1750).

Den einaste franske busetnaden i Pays d'en Haut var sør for Dei store sjøane, rundt Fort Pontchartrain du Détroit (1701), Fort Michilimackinac (1715), Fort Niagara (1678) og Fort Carillon (1755). Denne delen av Pays d'en Haut, kalla Pays des Illinois (Illinois-landa), vart etter kvart annektert av Louisiana kring 1717.

I dag syner omgrepet Les Pays-d'en-Haut til kommunar i Laurentides-regionen i Quebec, nord for Montreal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 MCC. "Le territoire", in La Nouvelle-France. Ressources françaises, Ministère de la Culture et de la Communication (Frankrike), 1998, henta 29. mai 2011
  2. "His Most Christian Majesty cedes and guaranties to his said Britannick Majesty, in full right, Canada, with all its dependencies, as well as the island of Cape Breton, and all the other islands and coasts in the gulph and river of St. Lawrence, and in general, every thing that depends on the said countries, lands, islands, and coasts" Treaty of Paris, 1763
  3. NRC. "New Frankrike circa 1740", in The Atlas of Canada, Natural Resources Canada, 2003-10-06, henta 29. mai 2011