Dei store sjøane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei store sjøane sett frå verdsrommet.
Frå venstre: Superiorsjøen, Michigansjøen, Huronsjøen, Eriesjøen, Ontariosjøen.

Dei store sjøane er fellesnemninga på de fem innsjøane Ontariosjøen, Eriesjøen, Øvresjøen (Lake Superior), Huronsjøen og Michigansjøen i grenseområdet mellom USA og Canada.

Sjøane er den største gruppa med ferskvassjøar i verda, er ein del av det største ferskvassystemet i verda. Innsjøane inneheld over 35 000 øyer og er kopla til havet gjennom eit system av sluser, kanalar og elver. Slusane er for smale for mange skip, noko som har avgrensa sjøfarten på sjøane. Trass i storleiken har dei ein tendens til å fryse til om vinteren.

Ein mykje mindre, sjette innsjø, St. Clairesjøen, mellom Huron og Erie er og ein del av det same ferskvassystemet, men blir ikkje rekna mellom dei store innsjøane.

Elvene i ferskvassystemet[endre | endre wikiteksten]

Systemet inkluderer og elvene som bitt sjøane saman:

Michigansjøen er kopla til Huronsjøen gjennom Mackinacstredet. Desse to sjøane ligg like høgt over havet og er geologisk det same vatnmassivet, men er geografisk skilt og blir derfor rekna for å vere to sjøar. Ei halvøy og store øyer deler Huron i to delar; hovedsjøen og Georgian bay.

Utløp[endre | endre wikiteksten]

Det viktigaste utløpet frå systemet er St. Lawrence-elva, som renn ut frå Ontariosjøen gjennom Quebec til Atlanterhavet. Eit utal elver renn inn i dette systemet, over 200 berre i Øvresjøen.

Nøkkeltal[endre | endre wikiteksten]

Frå vest mot aust, den retninga vatnet generelt flyt, plasserer sjøane seg slik:

Namn Overflate Volum Største djup Høgde over havet Grensar mot Info
Superior 82.000 km2 12.232 km3 406 m 183 m Ontario, Canada; Wisconsin, Minnesota, Michigan, USA. Den største ferskvatnsjøen i verda målt ettert areal, nest størst i volum.
Michigan 57.750 km2 4.918 km3 281 m 177 m Indiana, Wisconsin, Illinois, Michigan, USA Den einaste som ligg fullstendig i USA. Same høgde over havet og eigentleg det same vatnmassivet som Huron, men de ligg geografisk skilt.
Huron 59.600 km2 3.538 km3 230 m 177 m Michigan, USA; Ontario, Canada. Den nest største. Inneheld Manitoulin Island, den største innsjøøya i verda.
Erie 24.000 km2 483 km3 ? m 174 m Ohio, New York, Pennsylvania, Michigan, Ontario. Den minste i volum og den grunnaste.
Ontario 19.009 km2 1.639 km3 244 m 75 m New York, USA; Ontario, Canada Den minste overflata og ligg mykje lågare enn dei andre
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dei store sjøane