Carl Maria von Weber
Carl Maria Friedrich Ernst, Freiherr von Weber (fødd 18. november 1786 i Eutin, Holstein, Tyskland, daud 5. juni 1826 i London, England) var ein tysk komponist, dirigent, pianist og kritikar, ein av de fyrste betydningsfulle romantikken komponistane.
Weber sine verk, især operaene Der Freischütz, Euryanthe og Oberon påverka i stor grad utviklinga av det romantiske opera i Tyskland. Av desse har berre Der Freischütz heldt seg på den operaiske standardrepertoaret fram til i dag, men både Euryante og Oberon var viktige verk i komponisten si eiga levetid, og ouverturane frå dei er ofte framførde for seg sjølv.
Utover dette var han og ein nyskapande komponist av instrumentalmusikk. Han komponerte fleire verk for klarinett, mellom anna to konserter, ein concertino, ein kvintett og ein duo concertante; desse dannar saman med klarinettverka til [Wolfgang Mozart|Mozart]] og Brahms hjørnesteinen i det historiske klaverrepertoaret. Weber sine verk for klaver var viktige for seinare komponistar, i sær Chopin og Liszt, men har musikken sin kvalitet sett i betraktning vore lite spela. Grunnen til dette er at Weber hadde særs lange fingre, og musikken hans er ofte tilnærma umogleg å spela som tenkt om pianisten ikkje har dette sjøl.
Weber sitt bidrag til vokal- og kormusikk er òg betydningsfullt. Hans katolske kyrkjemusikk var svært populær i samtida, og han komponerte ein av dei tidlegaste songsyklusane, Die Temperamente beim Verluste der Geliebten.
Weber har og vore prisa for si kunstferdige orkestrering. Hector Berlioz refererte fleire gonger til han i si Avhandling om Orkestrering, medan Claude Debussy sa at lyden av Weber sitt orkester blei oppnådd gjennom gransking av kvart instrument si sjel.
Weber er likevel hovudsakleg kjend som opphavsmannen til den autonome tyskspråklege operatradisjonen. Gjennom sin påverknad la han grunnlaget for seinare tyske operakomponistar som Heinrich Marschner, Giacomo Meyerbeer og Richard Wagner, så vel som nasjonalistar som Glinka. Han blei hylla av 1900-talskomponistar som Debussy og Stravinskij; Gustav Mahler, som fullførte Webers uferdige komiske opera Die drei Pintos og laga revisjonar av Euryanthe og Oberon, og Paul Hindemith, komponisten av den populære Symfoniske metamorfoser over tema av Weber.
Weber var òg musikkjournalist, var interessert i folkemusikk, og lærte seg litografi for å kunne gravere sine egne verk.
[endre] Liv
Weber var fetter av Mozarts kone Constanze. Han studerte i Salzburg med Michael Haydn, i München og i Wien med Joseph Haydn og Abbé Vogler.
I 1804 blei han kapellmester i Breslau. Mellom 1813 og 1816 var han operadirektør i Praha, frå 1816 kongelig kapellmester ved operaen i Dresden. Han var 1817 gift med songerinna Caroline Brandt.
[endre] Verk
- Operaer
- Das stumme Waldmädchen (1800)
- Peter Schmoll (1803)
- Silvana (1810)
- Abu Hassan (1811)
- Die drei Pintos (1820, 1888 fullført av Gustav Mahler)
- Der Freischütz (1821, opphavleg Die Jägerbraut, som og er det norske namnet: Jegerbrura)
- Euryanthe (1823)
- Oberon (1826)
- Klaververk
- Aufforderung zum Tanz
- Ymse sonater
- Verk for Klarinett
- Konzert für Klarinette und Orchester Nr. 1 f-moll op. 73
- Konzert für Klarinette und Orchester Nr. 2 Es-dur op. 74
- Quintett B-dur für Klarinette und Streichquartett op. 34
- Konzertino in C-moll op. 26
- Gran Duo Concertante op. 48
[endre] Bakgrunnsstoff