Litografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Honoré Daumiers litografi Gargantua frå 1831. Litografi kan trykkast i store opplag utan at trykkoriginalen vert merkbart sliten.
Dette litografiet frå 1864 viser George Washingtons enke Martha.
Litografi vart ofte brukt til vitskaplege illustrasjonar. Her er ein illuminert plansje med sjøanemonar frå Ernst Haeckels Kunstformen der Natur frå 1904.

Litografi er ein grafisk teknikk for trykking av bilete. Trykkmetoden er såkalla plantrykk og byggjer på at feitt og vatn støyter kvarandre vekk. Opphavleg vart bileta teikna på litosteinar, men seinare er også metallplater og spesiell film tatt i bruk. Litografi var frå 1800-talet ein utbreidd teknikk for massekopiering av alle slags teikningar, men vert i dag mest nytta til trykking av grafiske kunstblad frå ein handlitografert stein.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ordet litografi kjem av gresk lithos som betyr «stein», samt graphein som betyr «skrive». Omgrepet dekker både teknikken og sjølve avtrykket, det vil si det ferdige biletet. Oppfinnaren Alois Senefelder kalla teknikken for steintrykkarkunst.

Teknikk[endre | endre wikiteksten]

Den litografiske teknikken baserer seg på at vatn avviser feitt. Først vert bilete teikna eller måla på ein porøs kalkstein, ein såkalla litostein, med feitt litokrit eller feit litotusj. Steinen vert deretter fukta med vatn. Når trykkfargen vert lagt på, fester han seg berre til dei feitthaldige felta på steinen, altså der fargen i den opphavlege teikninga sit, og ikkje til dei våte partia. Fargen vert til slutt ført over på papiret i ei trykkpresse.

For å lage fargelitografi vert det brukt fleire steinar med kvar sin farge. I staden for ein litografisk stein kan ein også bruke plater av aluminium som vert behandla med ei gummi/syre-blanding, då vert teknikken ofte kalla algrafi, eller ein nytte ein spesiell litofilm.

Det litografiske trykket har ein mjuk, litt ullen karakter og eignar seg både for detaljar, fine overgangar og jamne flater, presise linjer og sprø blyantstrekar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den litografiske trykkmetoden vart oppfunnen rundt 1798 av Alois Senefelder. Han fann at litosteinane tolte langt fleire avtrykk enn koparplater, som vart brukt til koparstikk. Litografi vart derfor snøgt ein av de mest brukte grafiske teknikkane for å mangdobla teikningar, reproduksjonar av kunstverk, portrett, plakatar, plansjar, illustrasjonar, kart, etikettar, notar og tekstar. Litografiet utgjorde ein viktig del av det tekniske grunnlaget for moderne massekommunikasjon.

Fotolitografi og algrafi[endre | endre wikiteksten]

Teikninga på litosteinen vart opphavleg teikna av ein kunstnar eller handverkar, men i 1868 vart fotolitografiet som nytta seg av ei fotografisk eller mekanisk metode til å overføre bileta til litosteinen. Frå rundt 1900 vart så aluminium vanleg i bruk som trykkform ved sidan av litostein.

Offset[endre | endre wikiteksten]

Etter 2. verdskrig vart litografiet i stor grad erstatta av nyare teknikkar, mellom anna offset-trykk. Likevel har det halde seg populært opp til vår tid, særleg som grafisk teknikk innan biletkunsten. Kommersielt litografisk trykk i ei moderne offset-rotasjonspresse kan lage detaljerte trykk i stort tempo av alt som kan fotograferast og reproduserast på trykkplatene. Denne teknikken står for 40 % av all trykking, emballasje og publisering. Det er meir enn dobbelt så mykje som noko annan trykkmetode.

Litografi i biletkunsten[endre | endre wikiteksten]

Som kunstnarisk teknikk blei litografiet første gong nytta av Francisco Goya i 1825 då han laga fire store trykk med tyrefekting. Sidan heldt Théodore Géricault, Eugène Delacroix og Honoré Daumier fram. Seinare gjorde kunstnarar som Henri de Toulouse-Lautrec, Odilon Redon og Pierre Bonnard fargelitografiet populært i Frankrike, Emil Nolde, Oskar Kokoschka og Käthe Kollwitz i Tyskland og Austerrike. Asger Jorn gjorde det same i Danmark, Edvard Munch i Noreg og James Whistler og fleire andre i Storbritannia. Også Pablo Picasso eksperimenterte med teknikken. Han vart sidan etterfølgd av Henri Matisse, Georges Braque, Marc Chagall, Fernand Léger, Joan Miró, Georges Rouault og ei lang rekke andre kjende kunstnarar. I USA er særleg A. B. Davies, George Bellows, Joseph Pennell og 'Currier and Ives' kjende for sine litografi.

Litografi i Norge[endre | endre wikiteksten]

I Norge vart det oppretta litografiske verkstader i Christiania av Louis Fehr allereie i 1821 og av H. T. Winther i 1826. I 1827 gjorde Georg Prahl det same i Bergen. Som kunstnarisk uttrykksform har litografiet særleg vorte dyrka av av Edvard Munch, men også av Erik Werenskiold, Henrik Sørensen og mange andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]