Carol Kenyon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carol Kenyon

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 1959 (65 år)
Yrke songar
Språk engelsk
Carol Kenyon på Commons

Carol Kenyon (stundom skrive Karol) er ein britisk songar, fødd kring 1959.

Sjølv om ho hovudsakleg er studiomusikar på mange album og singlar, og konsertar, for andre artistar, har ho spelt inn fleire singlar som soloartist. Den første singelen hennar, «Warrior Woman» kom ut på A&M Records i 1984.[1]

Ho er mest kjend for vokalen på Heaven 17-songen «Temptation», som nådde andreplassen på UK Singles Chart i 1983 [2] og på Paul Hardcastle's Don't waste my time som nådde åttande plass på UK Singles chart i 1986.

Tidleg var ho ein del av National Youth Jazz Orchestra. Ho har òg sunge med Go West, Duran Duran, Kylie Minogue, Mike Oldfield, Jon and Vangelis, Pet Shop Boys, Gary Moore, Dexys Midnight Runners, Pink Floyd, Tommy Shaw, Roger Waters, Morrissey–Mullen, Tears for Fears, Paul Hardcastle og Van Morrison. I 1993 dukka Kenyon opp i lag med David Suchet i Poirot-novellen «The Yellow Iris».

Utval av arbeid[endre | endre wikiteksten]

Solodiskografi[endre | endre wikiteksten]

  • «Warrior Woman» (1984), A&M - UK #91[4]
  • «Dance With Me» (1984), A&M - UK #87[4]
  • «Give Me One Good Reason» (1987), Chrysalis
  • «Fascinating» (1988), CBS
  • «Never Let Me Go» (1990), CBS
  • «Here's My A» (1993), Logic/BMG - Rapination featuring Carol Kenyon, UK #69[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Steward, Sue & Garratt, Sheryl (1985) Signed, Sealed, and Delivered: True Life Stories of Women in Pop, South End Press, ISBN 978-0-89608-240-3, p. 53.
  2. Buckley, Peter (2003) The Rough Guide to Rock, Rough Guides, ISBN 978-1-84353-105-0, p. 483.
  3. "Don't Waste My Time», Chart Stats, retrieved 2011-07-09
  4. 4,0 4,1 "Carol Kenyon», Chart Stats, retrieved 2011-07-09
  5. "Rapination Featuring Carol Kenyon», Chart Stats, retrieved 2011-07-09

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]