Vangelis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vangelis

Fødd29. mars 1943(1943-03-29)
FødestadVolos i Hellas
Død17. mai 2022
DødsstadParis i Frankrike
FødenamnΕυάγγελος Οδυσσέας Παπαθανασίου, Evangelos Odysseas Papathanassiou
AliasVangelis, Βαγγέλης
OpphavHellas
Aktiv1961 til i dag
SjangerElektronisk, progressiv rock, klassisk, new age
InstrumentPiano, synthesizer, klaverinstrument, hammondorgel, trommer, perkusjon
PlateselskapUniversal Music, RCA Records, Atlantic Records, Sony Music, Warner Bros. Records, Polydor
Verka somKomponist, musikar, plateprodusent, arrangør
PrisarOscar for beste originalmusikk, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, kommandør av Føniksordenen, Ridder av Æreslegionen, ridder av Ordre des Arts et des Lettres

Evangelos Odysseas Papathanassiou (29. mars 194317. mai 2022), mest kjend som Vangelis[1], var ein gresk komponist innan elektronisk, progressiv rock, ambient, jazz, poprock og orkestermusikk. Han er mest kjend for filmmusikken til Chariots of Fire, som han vann Oscarprisen for, og filmane Antarctica, Blade Runner, 1492: Conquest of Paradise og Alexander. Musikken hans vart òg nytta i PBS-dokumentaren Cosmos: A Personal Voyage av Carl Sagan.

Vangelis spelte i fleire populære band i 1960-åra som The Forminx og Aphrodite's Child, som gav ut albumet 666 som vert rekna som ein psykedelisk klassikar.[2] Gjennom 1970-åra komponerte Vangelis musikk for fleire dyredokumentarar, som L'Apocalypse des animaux, La Fête sauvage og Opéra sauvage, og suksessen med denne musikken førte at han vart ettertrakta i filmindustrien. Tidleg i 1980-åra danna Vangelis ein musikalsk partnarskap med Jon Anderson, den tidlegare songaren i det progressive rockebandet Yes, og duoen gav ut fleire album i lag som Jon & Vangelis.

I 1981 komponerte han musikken til den Oscarvinnande filmen Chariots of Fire, som han med musikken sjølv vann Oscarprisen for. Singelen frå lydsporet, Titles, nådde òg toppen av den amerikanske Billboard Hot 100, og vart nytta som bakgrunnsmusikk under medaljeseremoniane under sommar-OL 2012 i London.

Med ein karriere som dekka over 50 år og med musikk og deltaking på meir enn 50 album, er Vangelis rekna som ein av dei viktigaste eksponentane for elektronisk musikk.[3][4][5]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Dei første åra[endre | endre wikiteksten]

Vangelis vart fødd 29. mars 1943 i Agria, nær Volos i Hellas. Han var i stor grad ein sjølvlærd musikar, og byrja visstnok å skrive musikk alt då han var fire år gammal. Han nekta å ta tradisjonelle pianotimar, og gjennom karrieren sin har han aldri hatt nok kunnskap til å skrive eller lese notar.[6] Han studerte måling, noko han framleis praktiserer, ved Kunstakademiet i Aten.[7] Då han var seks år gammal fekk foreldra hans han inn på ein musikkskule i Aten. I eit intervju med Life vart Vangelis spurt om mangelen på kunnskap til å lese notar:

« Når lærarane bad meg spele noko, lata eg som om eg las notane og spelte frå minnet. Eg lurte dei, men eg brydde meg ikkje.[6] »

Arbeid i band[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1960-åra var han med på å starte popbandet The Forminx (eller The Formynx), som vart populære i Hellas.[8] Dei heldt til i Aten og bestod av fem mann som spelte ei blanding av coverversjonar og sine eigne songar, som stort sett var skrivne av Vangelis, med tekst av DJ- og plateprodusent Nico Mastorakis på engelsk. The Forminx gav ut ni singlar og ein jule-EP, før dei vart oppløyst i 1966, medan dei var på sitt mest suksessfulle.[8] Ein film som vart laga om dei på denne tida, opphavleg regissert av Theo Angelopoulos, vart aldri gjort ferdig, og songane, som var laga for filmen, vart aldri gjeven ut. Vangelis brukte dei to neste åra i studio, og skreiv og produserte musikk for andre greske artistar.[6][9]

På tida rundt studentopprøra i 1968 danna Vangelis det progrockbandet Aphrodite's Child i lag med Demis Roussos, Loukas Sideras og Anargyros «Silver» Koulouris. Etter eit mislukka forsøk på å reise til Storbritannia, fann dei ein heim i Paris, der dei spelte inn den første singelen sin, «Rain and Tears», som vart ein stor hit i Europa. Andre singlar følgde, mellom anna to album, som i alt har seld over 20 millionar plater. Platesala gjorde at plateselskapet bad om eit tredje album, og Vangelis starta å skrive musikken til det doble 666, basert på Johannes' openberring, den siste boka i Bibelen. Irene Papas deltok på albumet (vokal på «Infinity»). Krangling mellom medlemmane under innspelinga av 666 førte til at bandet vart oppløyst i 1971, men albumet kom likevel ut i 1972. Trass i dette har Vangelis sidan produsert fleire album og singlar for Demis Roussos, som på si side song på lydsporet for Blade Runner.[9][10][11]

Tidlege soloverk[endre | endre wikiteksten]

Medan han framleis var i Aphrodite's Child, hadde Vangelis vore involvert i soloprosjekt. I 1970 skreiv han musikk for ein film regissert av Henry Chapier kalla Sex Power, der Demis Roussos song vokal. I 1971 førte ein «jam-session» med ei gruppe musikarar i Marquee Studios i London i musikk nok til to album, som uoffisielt vart gjeven ut utan at Vangelis gav løyve til det i 1978, som Hypothesis eller Visions of the Future, og The Dragon. Vangelis gjekk til søksmål for å få albuma trekt attende. Eit meir suksessrikt prosjekt var musikken han skreiv for dyrefilmane av den franske regissøren Frédéric Rossif. Den førte var L'Apocalypse des animaux, som kom i 1973. I 1972 gav studentopprøra i 1968 inspirasjon til eit album kalla Fais que ton rêve soit plus long que la nuit (La draumen din vare lengre enn natta), som bestod av små musikkstykke med klipp frå nyhendesendingar og protestsongar. Somme av tekstane var baserte på graffiti skrivne på veggane under opprøra.[12]

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

I 1973 byrja solokarrieren til Vangelis for alvor. Det første «offisielle» soloalbumet var Earth, men vart framført av ei gruppe musikarar som mellom anna bestod av den tidlegare Aphrodite's Child-gitaristen Silver Koulouris og vokalisten og låtskrivaren Robert Fitoussi (betre kjend som F.R. David).[13] Denne besetninga spelte ei kort stund under namnet Humanity, som gav ut singelen «Bird of Love», skriven av Richard Broadbacker, som var eit pseudonym Vangelis nytta, med B-sida «The Pawn», skriven av Fitoussi, og med Vangelis på trommer.[14] Den same besetninga spelte òg under namnet Odyssey, gav ut ein singel i 1974 kalla «Who», men det var siste gongen Vangelis spelte med dei. Seinare i 1974 trudde ein at Vangelis var på veg inn i eit anna progrock-band, Yes, då Rick Wakeman slutta i bandet. Etter nokre veker med øvingar vart Vangelis usikker på om hans skulle bli med i Yes eller ikkje, og bandet valde å hente inn sveitsaren Patrick Moraz i staden, som seinare vart med i The Moody Blues. Vangelis vart i denne perioden vener med vokalisten i Yes, Jon Anderson, og arbeidde seinare med han ved fleire høve, mellom anna som duoen Jon & Vangelis.[15]

Etter å ha flytta til London fekk Vangelis platekontrakt med RCA Records, sette opp sitt eige studio, Nemo Studios,[16] og byrja å spele inn ei rekkje elektroniske album, som Heaven and Hell (1975), Albedo 0.39 (1976), Spiral (1977), Beaubourg (1978) og China (1979). Delar av Heaven and Hell vart seinare nytta som kjenningsmelodi i PBS-serien Cosmos av Carl Sagan. To melodiar frå Albedo 0.39, «Alpha» og «Pulstar», og eit spor frå L'Apocalypse des animaux, «Création du Monde», vart òg nytta i Cosmos. Ein annan del (songen «So Long Ago, So Clear»), med gjestevokal av Jon Anderson, markerte starten på samarbeidet deira. Beaubourg var eit særs eksperimentelt album, nesten heilt utan melodi og stort sett bygd opp av elektroniske lydar og støy. Kort tid i same året, 1978, etter gav Vangelis ut ein disco-singel, «Red Square», med B-sida «When the Cat's Away», gjeven ut under pseudonymet Mama O.

Vangelis medverka òg som produsent og klaverspelar på albumet Phos, av det greske rockebandet Socrates Drank the Conium (seinare berre kalla Socrates og fleire andre, hovudsakleg italienske artistar.[17][18]

I 1979 skreiv Vangelis musikk til ein ny dyredokumentar av Frédéric Rossif, Opéra sauvage. Musikken frå dette albumet gjorde han kjend i filmverda. Musikken frå dokumentaren vart sidan nytta i andre filmar, mellom anna sporet «L'Enfant» i The Year of Living Dangerously (1982) av Peter Weir. Den same melodien kan òg høyrast spelt av eit marsjband i byrjinga av opningsseremonien i filmen Chariots of Fire. Musikken vart òg nytta i reklamar (som sporet «Hymne» i reklame for pasta frå Barilla i Italia og vin frå Ernest & Julio Gallo i USA).[19]

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Chariots of Fire[endre | endre wikiteksten]

Med stjernene i sceneoppføringa av Chariots of Fire ved Gielgud Theatre, juli 2012.
For meir om dette emnet, sjå Chariots of Fire av Vangelis.

I 1981 skreiv Vangelis musikk for filmen Chariots of Fire, som handla om sommar-OL 1924. Musikkvalet var uortodoks sidan dei fleste periodefilmar nyttar tradisjonell orkestermusikk, medan musikken til Vangelis var moderne og full av synthesizer. Filmen vann Oscarprisen for beste film og Vangelis vann prisen for beste lydspor. Opningstemaet frå filmen vart gjeven ut på singel i 1982 og nådde toppen av den amerikanske Billboard-lista i ei veke, etter å ha klatra jamt og trutt i fem månader.[20]

Den greske musikaren Stavros Logarides hevda at Vangelis hadde kopiert melodien til «Titles» frå ein av komposisjonane hans kalla «City of Violets». Logarides var medlem av bandet Poll i 1970-åra og ein ven av Vangelis på den tida. Logarides saksøkte Vangelis for plagiat i 1987. Under rettssaka sette Vangelis opp synthesiserane sine i rettssalen og spelte for dommarane for å syne komposisjonsprosessen sin.[21] Dommaren avgjorde at likskapane i melodien var minimale og at «Titles» var eit original Vangelis-stykke.[22]

Andre Vangelis-lydspor var Antarctica for filmen Nankyoku Monogatari i 1983, og The Bounty i 1984. Vangelis samarbeidde òg i 1981 og 1986 med den italienske songaren Milva, og fekk suksess, særleg i Tyskland, med albuma Ich hab' keine Angst og Geheimnisse. Det italiensk-språklege Nana Mouskouri-albumet inneheld ein song av Vangelis, «Ti Amerò». I lag med tekstforfattaren Mikalis Bourboulis skreiv Vangelis songar sungen av Maria Farantouri, som «Odi A», «San Elektra» og «Tora Xero».[23]

Hovudtemaet for Chariots of Fire vart vald av Steve Jobs i Apple då den første Macintosh-maskinen vart viste fram i januar 1984.

Blade Runner[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Blade Runner av Vangelis.

I 1982 samarbeidde Vangelis med regissøren Ridley Scott for å skrive musikk til science fiction-filmen Blade Runner.[24] Musikken til Vangelis fanga isolasjonen og melankolien i rollefiguren til Harrison Ford, Rick Deckard, og er ein minst like viktig del av det dystopiske miljøet som dei forfalne bygningane og det stadige regnet.[25]

Ei usemje førte til at Vangelis heldt attende utgjevinga av musikken frå Blade Runner, og studioet leigde inn ei gruppe musikarar kalla «The New American Orchestra» for å spele inn det offisielle albumet då filmen kom ut. Det tok 12 år før usemja vart løyst og albumet med musikken framført av Vangelis kom ut i 1994. Albumet var likevel ufullstendig, sidan filmen inneheld musikk som ikkje var skriven av Vangelis.[23] I løpet av åra har mange piratkopiplater av Blade Runner kome ut, med det meste av musikken frå filmen.[26] Ein offisiell plateboks på tre plater kom ut seint i 2007 til minne om 25-årsjubileet for filmen. Denne inneheld det originale albumet frå 1994, ei plate med meir musikk frå filmen, og ei tredjeplate med ny Vangelis-musikk inspirert av Blade Runner. 2007-utgåva manglar likevel noko av lydsporet, mellom anna bakgrunnsmusikken frå Taffey Lewis bar-scenen med vokal av Demis Roussos.[27]

1492: Conquest of Paradise[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå 1492: Conquest of Paradise av Vangelis.

I 1992 kom Paramount Pictures-filmen 1492: Conquest of Paradise, òg regissert av Ridley Scott, i samband med 500-årsjubileet for reisa til Christopher Columbus til Den nye verda. Musikken til Vangelis vart nominert til beste musikk ved Golden Globe, men vart ikkje nominert til Oscarprisen.[28]

Andre verk[endre | endre wikiteksten]

Carl Sagan-serien Cosmos: A Personal Voyage nyttar musikk av Vangelis frå 1975-1979, mellom anna kjenningsmelodien til serien, som var 3. satsen frå Heaven and Hell. «Alpha» (frå albumet Albedo 0.39) og eit utdrag frå «Beaubourg» vart òg nytta i serien. «Alpha» er òg nytta i dramaserien Death of a Princess.

Ei sjeldan Vangelis-innspeling, Etends-tu les Chiens Aboyer? vart òg nytta i TV-serien. Opphavleg var dette ei innspeling berre tilgjengeleg på eit album kalla Ignacio frå 1977. Under produksjonen av serien meinte Sagan at musikken til Vangelis verkeleg skapte den rette atmosfæren for kosmos. Serien Cosmos introduserte musikken til Vangelis for eit heilt nytt publikum, særleg i 1981 då serien vart send verda over. RCA Records i Europa gav ut The Music of Cosmos med musikk frå serien.

I 1982 spelte Vangelis på spansk fjernsyn med Neuronium (Michel Huygen og Carlos Guirao). Dette vart gjeve ut på CD i 1996 som A Separate Affair. I 1983 skreiv Vangelis musikk framført med Irene Papas for den greske tragedien Elektra, som vart sett opp av Michael Cacoyannis i amfiteateret i Epidavros i Hellas.[29] Same året komponerte Vangelis for første gong musikk for ein ballett av Wayne Eagling. Denne vart opphavleg framført av Lesley Colier og Wayne Eagling ved ein galla for Amnesty International i Drury Lane, men i 1984 presenterte Royal Ballet School igjen balletten ved teateret Sadler's Wells. I 1985 og 1986 skreiv Vangelis musikk for to ballettar til: «Frankenstein – Modern Prometheus» og «The Beauty and the Beast». I 1992 skreiv Vangelis musikk for Euripides-skodespelet Medea, med Irene Papas.[30] Vangelis skreiv òg kjenningsmelodien for den franske filmen La Peste frå 1992 av regissøren Luis Puenzo.[31] I 1990-åra skreiv Vangelis musikk for ein undersjøisk dokumentar for den franske økologen og filmskaparen Jacques-Yves Cousteau.[32]

I 1980, seks år etter Vangelis valde å ikkje bli med Yes, gav han og Jon Anderson, songaren i Yes, ut det første albumet deira i lag, Short Stories, under bandnamnet Jon & Vangelis. Dei gav ut tre album til: The Friends of Mr Cairo, Private Collection og Page of Life i høvesvis 1981, 1983 og 1991.[33]

Olympiske leikar[endre | endre wikiteksten]

I mai 2000 skreiv Vangelis musikk for og designa og regisserte det olympiske flaggskiftet under avslutningsseremonien til sommar-OL 2000 i Sydney.[34] Det finst ingen offisielle utgjevingar av musikken til Vangelis frå Sydney-OL, men musikken vart nytta under presentasjonen av emblemet for sommar-OL 2004 i Aten. Musikk frå Chariots of Fire vart nytta under opningsseremonien til sommar-OL 2012 i London i ei humoristisk framføring av Rowan Atkinson som Mr. Bean.[35]

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

Vangelis Papathanassiou som æresdoktor ved Kapodistrian universitet i Aten.

Vangelis framførte orkesterstykket Mythodea live og gav dette ut på plate. Musikken var meir orkestermusikk enn eit elektronisk stykke, opphavleg skriven i 1993. Musikken vart nytta av NASA som tema for Mars Odyssey-oppdraget i 2001.[36] Eit år seinare, i 2002, laga Vangelis 2002 FIFA World Cup Official Anthem, den offisielle hymnen for verdsmeisterskapen i fotball 2002.[37]

I 2004 laga Vangelis musikk for Oliver Stone-filmen Alexander, og fortsette med det å involvere seg i prosjekt knytte til Hellas.[38] Vangelis gav ut to album i 2007. Det første var den triple 25-årsjubileumsutgåva av Blade Runner, kalla Blade Runner Trilogy og det andre var musikken til ein gresk film, El Greco, kalla El Greco Original Motion Picture Soundtrack.[39][40]

Den 11. desember 2011 vart Vangelis invitert av Katara kulturlandsby i Qatar for å utforme, regissere og komponere musikken for opninga av eit utandørs amfiteater. Under opninga vart det nytta lysshow av den tyske kunstnaren Gert Hof og det heile vart filma av Hugh Hudson.[41]

I 2012 skreiv Vangelis om og la til ny musikk til Chariots of Fire, som vart nytta i sceneoppsetninga i 2012, basert på filmen.[42][43]

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

For ein artist som er så kjend som Vangelis, veit ein lite om det personlege livet hans, og han gjev sjeldan offisielle intervju til journalistar. I eit intervju i 2005 med The Telegraph, snakka Vangelis opent om forskjellige delar av livet sitt. Han sa at han «aldri var interessert» i den «dekadente livsstilen» frå tida hans i band, og valde å ikkje drikke alkohol eller bruke dop. Han sa i det same intervjuet at han var i sitt tredje forhold, og då han vart spurt om kvifor han ikkje har barn, svarte han:

« …Fordi med så mykje reiser som eg har, og alt tullet som finst i musikkindustrien, kunne eg ikkje tatt meg av eit barn på den måten eg trur ein må ta seg av eit barn på. »

Det er ikkje kjend kva som er heimstaden til Vangelis og han har sagt at han «reiser rundt» i staden for å slå seg ned ein spesifikk stad for lengre periodar. Som hobby driv Vangelis med måling og den første kunstutstillinga hans turnerte i Sør-Amerika i 2005.[3]

Utdrag frå andre intervju nemner at Vangelis har vore gift to gonger før. I eit intervju i 1976 med det nederlandske magasinet Oor, vart det skrive at kona til Vangelis heitte Veronique Skawinska, ein fotograf som hadde laga plateomslag for Vangelis.[11][44] Eit intervju i 1982 med musikkmagasinet Backstage indikerte at Vangelis tidlegare hadde vore gift med songaren Vana Verouti,[45], som har sunge på somme av platene hans, første gongen på La Fête sauvage og seinare på Heaven and Hell.

Vangelis døydde 17. mai 2022, 79 år gammal, på eit sjukehus i Paris på grunn av hjartesvikt under behandling for covid-19.[46][47][48] tangen

Musikalsk stil og komponering[endre | endre wikiteksten]

Som musikar som alltid har komponert og hovudsakleg spelt klaverinstrument, nyttar Vangelis mykje synthesizerar[49] og andre elektroniske måtar å lage musikk på. Synthtopia, ein nettstad for elektronisk musikk, skriv at musikken til Vangelis kan kallast «symfonisk electronica» fordi han brukar synthesizerar på ein orkestral måte. Same nettstaden skildrar musikken hans som melodisk: «trekkjer melodiar frå folkemusikk, særleg gresk musikk frå heimlandet hans».[50] Musikken og komposisjonane til Vangelis har òg blitt skildra som «...ein særeigen stil med enkle, gjentakande, men minneverdige melodiar mot stemningsfulle rytmar og akkordprogressjonar[51] Han har ofte nytta vibrato på synthesizerane sine, som vart utført på ein særeigen måte på hans Yamaha CS80 polyfoniske synthesizer - der ein ved hjelp av å variere trykket på tangenten kan produsere ein uttrykksfull vibratolyd.

I eit intervju med Soundtrack, ein nettstad for musikk og film, snakka Vangelis om korleis han komponerer musikk. For filmar sa Vangelis at han byrja å skrive musikken for filmen så snart han såg eit råklipp av filmen.[52] I tillegg å arbeide med synthesizerar og andre elektroniske instrument, har Vangelis òg arbeidd med og dirigert orkester. Til dømes dirigerte Vangelis eit orkester for Oliver Stone-filmen Alexander, som bestod av forskjellige klassiske instrument, i tillegg til sitarar, perkusjon, fingercymbal, harper og dudukar.[53]

Vangelis nyttar ein teknikk der han speler inn alle spora samstundes på lydband, ved hjelp av eit MIDI-system kalla Zyklus.[54] Han kalla albumet Direct opp etter etterfølgjaren til Zyklus, som vart spesifikt laga for han av designarane i Zyklus MPS, Bill Marshall, Pete Kellock og Mike Crisp.[55]

« Han forklarer den vanlege tilnærmingsmetoden hans. Så snart ein musikalsk idé er der, er så mange keyboard som mogeleg tilkopla kontrollkortet, som igjen er direkte tilkopla dei gjeldande spora på fleirsporsmaskinen. Ideen er no å spele så mange keyboard som mogeleg samstundes. På den måten får ein eit så breitt grunnlag som mogeleg, som så berre trengs å finjusterast. Etter det er snakk om å liggje ting til eller ta bort ting.[56] »

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Frankrike har gjeve Vangelis Chevalier des Arts et des Lettres i 1992.[57] I 1995 vart asteroiden 6354 Vangelis kalla opp etter han.[58] NASA gav sin Public Service Medal til Vangelis i 2003. Prisen er den høgaste utmerkinga romsenteret gjev til folk som ikkje er tilsett i dei amerikanske styresmaktene.[59] Fem år seinare, i 2008, gjorde Kapodistrian universitet i Aten Vangelis til æresdoktor og Professor Emeritus.[60] I juni 2008 gav American Hellenic Institute Vangelis ein AHI Hellenic Heritage Achievement Award for hans «eksepsjonelle kunstnariske bragder» som pioner innan elektronisk musikk og for å fremje gresk kultur gjennom verka sine.[61] Den 16. september 2013 vart Vangelis trykt på eit gresk frimerke.[62]

AFI[endre | endre wikiteksten]

American Film Institute sette musikken til Vangelis frå Blade Runner og Chariots of Fire til lista si over dei 250 beste filmmusikkverka gjennom tidene.[63]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Vangelis.


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vangelis er eit gresk kortnamn for Evangelos; han uttalte namnet sitt som /væŋˈɡɛlɨs/.
  2. «Prog Reviews review of 666». Ground & Sky. 5. januar 2008. Henta 4 November 2008. 
  3. 3,0 3,1 Peter Culshaw (6. januar 2005). «My Greek odyssey with Alexander». London: The Telegraph. Henta 12. oktober 2008. 
  4. Jason Ankeny. «Vangelis Biography». All Music. Henta 6. november 2008. 
  5. Tranglos review Arkivert 2012-07-18 ved Wayback Machine. Henta 6. oktober 2008
  6. 6,0 6,1 6,2 Musician Guide biog Henta 3. september 2014
  7. Clipper Ships website Arkivert 2015-05-18 ved Wayback Machine. Henta 3. september 2014
  8. 8,0 8,1 «The Forminx». Vangelis Movements. Henta 3. september 2014. 
  9. 9,0 9,1 Blue Point Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine. Henta 3. september 2014
  10. Prog Archives om AC Henta 3. september 2014
  11. 11,0 11,1 Elsewhere Oor Henta 3. september 2014
  12. Platemelding Henta 3. september 2014
  13. Groove NL-meldingar Arkivert 2022-03-14 ved Wayback Machine. Henta 3. september 2014
  14. Humanity på Vangelis Movements
  15. Alt.music FAQ Yes Henta 3. september 2014
  16. Nemo Studios Henta 3. september 2014
  17. Sound on Sound-artikkekl Henta 3. september 2014
  18. MD Socrates platemelding Arkivert 2009-07-03 ved Wayback Machine. Henta 3. september 2014
  19. All Music om Opera. Henta 3. september 2014
  20. AMG-melding av Chariots of Fire Henta 3. september 2014
  21. Reuters (12. februar 1987). «Vangelis Plays 2 Works In London High Court». New York Times. Henta 3. september 2014. 
  22. Elsewhere Albums 2 Henta 3. september 2014
  23. 23,0 23,1 Intuitive Music – Vangelis biog. Arkivert 2008-12-07 ved Wayback Machine. Henta 3. september 2014
  24. Vangelis' Blade Runner film score Henta 3. september 2014
  25. Synthtopia BR-melding Henta 3. september 2014
  26. Answers.com review Henta 3. september 2014
  27. Play.com BR Tri. Product page Henta 3. september 2014
  28. 1492: Conquest of Paradise soundtrack review at Filmtracks.com Henta 3. september 2014
  29. Vangelis-side Henta 25 2008
  30. Dennis Lodewijks. «Elsewhere: Other Music». elsew.com. Henta 3. september 2014. 
  31. Internet Movie Database Henta 13 April 2012
  32. Proggnosis Web-site Henta 3. september 2014
  33. Conolly discography of J&V Henta 3. september 2014
  34. Sony BMG V. biog Arkivert 2009-01-14 ved Wayback Machine. Henta 26 September 2008
  35. Reuters (4. juli 2001). «Greek composer Vangelis says music shaped space». CNN. Arkivert frå originalen 3. november 2012. Henta 3. september 2014. 
  36. Tracksounds Review Arkivert 2008-11-14 ved Wayback Machine. Henta 3. september 2014
  37. Prog archives single Henta 3. september 2014
  38. Synthtopia Review of Alex. S.T. Henta 3. september 2014
  39. Synthopia Trilogy Preview Henta 3. september 2014
  40. Elsewhere albums page Henta 3. september 2014
  41. Cultural village amphitheatre opens with inspiring concert Henta 3. september 2014
  42. Twitter: Chariots Tweeter, 16 April 2012, 18 April 2012.
  43. Rees, Jasper. «Chariots of Fire: The British Are Coming... Again". The Telegraph. 3. mai 2012.
  44. Vangelis collector Telegraph interview Henta 12. oktober 2008
  45. Elsewhere Backstage Henta 12. oktober 2008
  46. Mackenzie, James; Tagaris, Karolina (19 May 2022). «Vangelis, composer of 'Chariots of Fire' score, dies at 79». National Post. Henta 19 May 2022. 
  47. «Vangelis Papathanasiou: Oscar-winning composer passes away at the age of 79». OT.gr. 19 May 2022. Henta 19 May 2022. 
  48. Limbong, Andrew (19 May 2022). «Vangelis, famed film composer and synth pioneer, dead at 79». NPR. Henta 19 May 2022. 
  49. «Nemo Studios: Portrait of a studio». Henta 3. september 2014. 
  50. Synthtopia Review of Vangelis Arkivert 2006-03-28 ved Wayback Machine. Henta 3. september 2014
  51. Mfiles biog. Henta 3. september 2014
  52. Soundtrack Interview Henta 3. september 2014
  53. MFTM review of AlexanderHenta 3. september 2014 Arkivert 2008-04-19 ved Wayback Machine.
  54. Groove article Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine. Henta 3. september 2014
  55. Sequencer occult: Zyklus and Direct Sequencer Henta 3. september 2014
  56. Vangelis interview to Music Maker magazine, September 1982 Henta 3. september 2014
  57. Alexander the Great website Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine. Henta 3. september 2014
  58. Minor Planet Center web-site with info about the planet Henta 3. september 2014
  59. Sonic State bio of Vangelis Henta 3. september 2014
  60. Elsew web-site Henta 3. september 2014
  61. American Hellenic website Henta 3. september 2014
  62. Papantoniou, Margarita (17. september 2013). «Six Greek Diaspora Personalities on Postal Stamps | GreekReporter.com». Greece.greekreporter.com. Henta 3. september 2014. 
  63. AFI's 100 Years of Film Scores Ballot (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 16. juli 2011, henta 3. september 2014 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Vangelis