Alfagras
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Alfagras | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Spermatophyta | |
| Underrekkje: | Angiospermae | |
| Klasse: | Monocotyledonae | |
| Orden: | Poales | |
| Familie: | Poaceae | |
| Slekt: | Stipa | |
| Vitskapleg namn | ||
| Stipa tenacissima | ||
Alfagras, halfa eller esparto (Stipa tenacissima) er ein urteart i grasfamilien. Det er ei flierårig plante som er mest utbreidd på steppene i Nord-Afrika og Sør-Spania. Ho har lange blad som er røyrforma og sammanrulla. Bladfibrane vert mellom anna brukt som råmateriale for snøre og tau, og til korgfletting. Skotypen espadrille vert laga av alfagras.
Papirproduksjon [endre]
Alfagrasfibrar vert også brukte i papirproduksjon. Fibrane vert vanlegvis blanda med 5–10 % tremasse. Dei gjev eit papir av høg kvalitet som er vanleg i bøker. I Storbritannia vart dette teke i bruk i 1850.
Kjelder [endre]
- «Espartogräs» på Wikipedia på svensk, innhenta 7. april 2010.
- «Alfagress» hjå Store norske leksikon, innhenta 7. april 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).