Regionen Murcia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Murcia
Región de Murcia
Flagget til Murcia Våpenet til Murcia
Flagget til Murcia Våpenet til Murcia


Plassering
Plassering av  Murcia
Styresmakter
Provinsar 1
Hovudstad Murcia
President Ramón Luis Valcárcel Siso (PP)
Geografi
Flatevidd
11 313 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

1 424 063
  125,9 /km²
Koordinatar 38°00′″N 1°00′″WKoordinatar: 38°00′″N 1°00′″W
Annan informasjon
Postnummer M
Nettstad: www.carm.es

Regionen Murcia (spansk Comunidad Autónoma de la Región de Murcia) er ein av sytten autonome regionar i Spania. Han ligg søraust i landet, mellom Andalucía og regionen Valencia ved kysten av Middelhavet

Den autonome regionen består av ein enkelt provins (region), i motsetnad til dei fleste andre autonome regionar i landet, som har fleire provinsar. PÅ grunn av dette vart regionen og provinsen styrt av same styre. Byen Murcia er regionshovudstad, men parlamentet ligg i Cartagena.

Regionen Murcia grensar til Andalucía (provinsane Almería og Granada); Castilla-La Mancha (Albacete), som var historisk knytt til Murcia fram til 1833; regionen Valencia (Alicante); og Middelhavet. Det høgaste fjellet er Revolcadores (2015 moh).

Regionen dekkjer eit område på 11 313 km² og har 1,4 millionar innbyggjarar. Ein tredjedel av desse bur i hovudstaden.

Regionen er ein stor produsent av frukt, grønsaker og blomar for Spania og resten av Europa. Det er utvikla gode vingardar nær byane Bullas, Yecla og Jumilla, samt olivenolje nær Moratalla. Murcia er hovudsakleg ein varm region som eignar seg særs godt til jordbruk. Nedbørsmengdene er derimot små og vassforsyninga er dårleg, særleg sidan turismen i området stadig aukar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Regionen ligg i den austlege delen av Cordilleras Béticas og er påverka av terrenget her. Desse fjella er delt inn i Prebética, Subbética og Penibética frå nord til sør.

Sierra de las Moreas

Om lag 27 % av Murcia kan reknast som fjellområde, 38 % som dalføre mellom fjrella og resten som flatmark og platå.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Regionen Murcia har middelhavsklima med milde vintrar (11 °C i desember og januar) og varme somrar (med dagtemperaturar opp mot 40 °C). Den årlege middeltemperaturen er 18 °C.

Regoinen frå lite nedbør, om lag 300 til 350 mm i året, regionen har mellom 120 og 150 dagar i året med skyfritt vêr. April og oktober er månadane med mest nedbør.

Avstanden til havet og terrenget skapar ein temperaturskilnad mellom kysten og dei indre områda, hovudsakleg om vinteren. På kysten går temperaturen sjeldan under 10 °C, men i dei indre områda går temperaturen sjeldan over 6 °C og nedbørsmengdene er høgare (opp til 600 mm).

Byen Murcia målte den høgaste temperaturen i Spania på 1900-talet. 4. juli 1994 vart de målt 47,2 °C. Vinteren 2005 vart den kaldaste på lang tid og det fall til og med snø på kysten.

Område rundt Moratalla og elva Alharabe.

Den største naturlege innsjøen i Spania ligg i regionen, Mar Menor. Det er ein saltvassjø nær Middelhavet. Innsjøen er skild frå Middelhavet av ei 22 km lang og 100 til 1200 m brei sandstripe kalla La Manga del Mar Menor. Laguenen er utpeikt av SN som ein Spesiell Vernesone.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kartagenarane oppretta ein permanent handelspost på kysten ved Cartagena, som romarane kalla Carthago Nova. For dei kartagenske handelsmennene var fjellområda berre det iberiske baklandet i kystriket deira. I romartida eksisterte ikkje Murcia, men var ein del av provinsen Hispania Carthaginensis. Under maurarane vart det utbygd vatningssystem som jordbruket er avhengig av. Provinsen vart då kjend som Todmir.

Kongedømet Murcia vart ein sjølvstendig taifa rundt den mauriske byen Murcia etter kalifatet Cordoba fall på 1000-talet. Den mauriske taifaen Murcia inkluderte Albacete og delar av Almería i tillegg. Etter slaget ved Sagrajas i 1086 tok Almoravid-dynastiet over taifaene og samla det islamske Spania. Ferdinand III av Castilla tok over Murcia i 1243 frå den mauriske konge.

Taifaer i Spania.

På vanleg vis vart muslimane i byane driven bort og arvingen til Ferdinand, Alfonso X av Castilla, som slo seg opp ved å styre over eit stort avfolka Murcia, delte grensekongedømet i tre regionar av administrative årsaker, som han let concejos de realengo styre som løn for medverkinga deira i reconquista, samt militærordenen grunnlagd på 1000-talet. Alfonso annekterte Taifaen Murcia som konge av Murcia og Señorio de Cartagena i 1266 og det vart teknisk sett verande eit vasallkongedømet i Spania fram til 1812. Murcia vart ein autonom region i 1982.

Den kastiljanske erobringa av Murcia var viktig fordi Castilla då fekk tilgang til Middelhavet for første gong og enda ekspansjonen til Kongedømet Aragon, som hadde flytta seg sørover langs kysten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Regionen Murcia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]