Casquets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 49°43.′4″N 2°22.′7″W

Plasseringa til Les Casquets
Casquets sett frå lufta. Fyret står på den midtre øya

Les Casquets eller the Casquets er ei lita øygruppe 13 km nordvest for Alderney og er ein del av ein undervassrygg av sandstein. Andre delar av ryggen stikk opp av havet som øyane Burhou og Ortac. Det er lite vegetasjon på øyane.

Det har vore mange skipsforlis ved øyane og tidvasstraumen her når 6-7 knop på det verste. Det mest kjende forliset var SS «Stella» i 1899. Det største skipet som forliste her var vasstankaren «Constantia S» på 8000 tonn.

Fyr[endre | endre wikiteksten]

Det første fyret på øya kom i drift 30. oktober 1724 og bestod av tre tårn fyrt med kol. Det vart bygd tre tårn for at det ikkje skulle forvekslast med andre franske fyr i nærleiken. Dei vart oppgraderte med oljelampar i 1790, og i 1818 med ei roterande lysstråle. Fyra vart hardt skadde under ein storm i 1823, og vart bygd 10 meter høgare i 1854 og utstyrt med nye lampar. I 1877 vart det eine fyret påbygd igjen, og lyset frå dei to andre vart sløkte. Fyret vart elektrifisert i 1954. Dagens tårn er 23 meter høgt og 37 meter over havet med fem blink kvart 30. sekund. Eit av dei andre tårna er utstyrt med tåkelur. Fyret vart automatisert i 1990.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]