Alderney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alderney
Luftfoto av Alderney
Luftfoto av Alderney
Geografi
Guernsey-Alderney.png
Stad Den engelske kanalen
Koordinatar 49°42′52″N 2°12′19″WKoordinatar: 49°42′52″N 2°12′19″W
Øygruppe Kanaløyane
Areal 7,8 km²
Lengd 4,8 km
Breidd 2,4 km
Administrasjon
Land Storbritannia
Demografi
Folketal 2400
Folketettleik 308 /km²

Alderney (fransk Aurigny; auregnais Aoeur'gny) er den nordlegaste av Kanaløyane og underlagt Storbritannia. Ho er ein del av Bailiwick of Guernsey. Øya er 4,8 km lang og 2,4 km brei med eit areal på 7,8 km². Ho er dermed den tredje største av Kanaløyane. Øya ligg kring 15 km vest for La Hague på¨Cotentinhalvøya i Normandie i Frankrike, 30 km nordaust for Guernsey og 100 km frå sørkysten av England. Ho er den av Kanaløyane som ligg nærast både Frankrike og England. Mellom Cap de la Hague og øya ligg det farlege Race of Alderney (Le Raz).

Øya har kring 2400 innbyggjarar som vert kalla vaques[1] etter kyrna her, eller lapins[2] etter dei mange kaninane på øya. Det einaste soknet på øya er St. Anne som dekkjer heile øya.

Øya vert styrt av eit parlament kalla States of Alderney, som består av ein president og 10 medlemmar som vert valde kvart fjerde år. Presidenten leiar dei månadlege møta til parlamentet. Alderney har òg to seter med stemmerett i parlamentet til Guernsey.

Den daglege administrasjonen av øya vert utført av tre komitéar – Plan- og finanskomitéen, Forvaltningskomitéen og Bygnings- og utviklingskomitéen – som vert støtta av eit lite embetsverk. Skattepolitikken er Guernsey sitt område, og parlamentet til Guernsey har derfor ansvar for å gjere tilstrekkelege ressursar tilgjengeleg for styresmaktene på Alderney.

Alderney sitt rettsapparat omfattar éin domstol – Court of Alderney. Neste instans er den kongelege domstolen i Guernsey, og så ankedomstolen til Kanaløyane. Siste instans er Juridisk komité ved Det kongelege rådet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alderney

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dictionnaire Jersiais-Français, 1966; Customs, Ceremonies & Traditions of the Channel Islands, Lemprière, 1976, ISBN 0709158424
  2. Dictionnaire Jersiais-Français, 1966