Cevennane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cevennane
Landsbyen St. Enimie og kløfta Gorges du Tarn.

Cevennane (fransk Cévennes) er ei fjellkjede i sørlege og sentrale delar av Frankrike, som dekkjer delar av departementa Gard, Lozère, Ardèche og Haute-Loire.

Ordet Cevennane kjem av det gallisk Cebenna, som vart latinisert av Julius Caesar til Cevenna.

Cevennane er ein del av Massif Central. Dei går frå Montagne Noire og nordaustover til Monts du Vivarais, og det høgaste punktet er Mont Lozère på 1 699 m. Ein annan stor fjelltopp er Mont Aigoual på 1 567 m. Loire og Allier renn mot Atlanterhavet, Ardèche og sideelvane Chassezac, Cèze, Gardon renn ut i Rhône, medan Vidourle, Hérault og Dourbie munnar ut i Middelhavet. Regionen inneheld ein nasjonalpark, Parc National des Cévennes, oppretta i 1970 og Parc Naturel Régional des Monts d'Ardèche.

Område er kjend for sine store samfunn av protestantar eller hugenottar. Under regjeringstida til Louis XIV, flykta dei fleste hugenottane frå Frankrike, særleg etter opphevinga av Kunngjeringa i Nantes i 1685. Samfunnet i Cevennane heldt seg derimot i ro, og var verna av det åslendte landskapet. I 1702 gjekk denne folkegruppa, kalla camisardar, imot monarkiet. Dei to sidene vart einige om fred i 1715.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cevennane