Vicomte
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vicomte (mannleg form) og vicomtesse (kvinneleg form) er ein arveleg høgadeleg tittel i fleire europeiske land. Ein vicomte er normalt rangert under grevar/jarlar, og over baronar.
Ordet kjem frå latin vicecomes via gammalfransk visconte, som tyder «visegreve» [1]. Tidlege vicomtar fekk normalt tittelen tildelt på livstid, slik at dei fekk privilegia til ein greve utan at dette gjekk i arv. Etter kvart vart tittelen arveleg, og privilegia var normalt mindre enn dei ein greve eller jarl fekk.
I Nederland, Belgia og Tyskland har ein brukt tittelen borggreve med tilsvarande rang.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Vicomte» frå Wikipedia på bokmål, den 22. april 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Forma visegreve brukast nokre gonger på norsk, men finst ikkje i Nynorsksordboka; sjå «visegreve» og «vicomte».
|
|
||
|---|---|---|
| Keisar og keisarinne · konge og dronning · kurfyrste og kurfyrstinne · storhertug og storhertuginne · erkehertug og erkehertuginne · hertug og hertuginne · storfyrste og storfyrstinne · markgreve og markgrevinne · marki og markise · fyrste og fyrstinne · greve og grevinne · vicomte og vicomtesse · baron og baronesse · friherre og friherrinne · riddar og dame · herre og frue | ||