Chaenomeles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Eldkvedeslekta


Eldkvede med mursteinsraude blomstrar.
Eldkvede med mursteinsraude blomstrar.

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Rosales
Familie: Rosaceae
Underfamilie: Spiraeoideae
Tribus: Pyreae
Subtribus: Pyrinae
Slekt: Chaenomeles
Vitskapleg namn
Chaenomeles

Eldkvedeslekta (Chaenomeles) er ei planteslekt i rosefamilien med fyia artar frå Myanmar, Bhutan, Kina og Japan. Dei er vanlege hageplanter.

Slekta består av lauvfellande buskar, eller i sjeldsynte fall små tre, oftast med tornar. Blada er enkle og tanna. Stipler er store og nyreforma. Blomstrane kjem fleire i lag langs greinene. Begerblada er hårlause, heile, oppretta, og dei fell etter blomstringa. Det er fem kronblad. Det er mange støvberarar. Slekta har fruktemne med fem karpellar (fruktblad) og fem frie pistillar. Fruktene er utan skaft.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chaenomeles