Rosefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rosefamilien


Knoppar på epletreet Raud Torstein
Epleblomar

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Rosales
Familie: Rosaceae

Juss.

Underfamiliar

Rosefamilien (Rosaceæ) er ein plantefamilie i ordenen Rosales. Han omfattar over 2000 artar fordelt på 100 planteslekter. Det er òg vanleg å dela han i 4 underfamiliar.

Artane i rosefamilien gjev oss blant anna eple, pærer, kirsebær, moreller, plommer, bringebær, jordbær, nyper og moltar. Familien er svært utbreidd i Noreg med over 100 artar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Markjordbær med fruktene utanpå bæret.

Plantane i rosefamilien er tofrøblada og frikrona, ofte fleirårige. Blada er spreidde og fjør- eller handnerva. Dei har ofte òg akselblad nede på bladstilken.

Blomane er som regel tokjønna og gjerne regelmessige femtalblomar. Reinrose er eit unntak med åttetalblomar, det same gjeld tepperot og marikåpe som har firetallsblomster.

Fruktene kan vera ei nøtt, ei steinfrukt eller ein kapsel. Mange av plantane får òg falske frukter ved at fruktbotnen skapar ei slags frukt. Dette gjeld til dømes jordbær, der dei eigentleg frukten sit utanpå bæret, og nyper, der dei ligg inni nypa.

Underfamiliar med kjende slekter[endre | endre wikiteksten]

Abraham Darby-rose
Foto: biolib.de
Roseslekta (Rosoideæ)
Epleslekta (kjernefruktslekta) (Maloideae)
Steinfruktslekta (Amygdaloideæ)
Spireaslekta (Spiraeoideæ)
Slekt uklar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rosefamilien