Chathamskarv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chathamskarv

Status i verda: CR Kritisk truga


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Suliformes
Familie: Phalacrocoracidae
Slekt: Phalacrocorax
Art: P. onslowi
Vitskapleg namn
Phalacrocorax onslowi
Forbes, 1893

Chathamskarv (Phalacrocorax onslowi) er ein kystbunden sjøfugl og ein mellomstor skarv. Han er endemisk til ChathamøyaneNew Zealand.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Chathamskarvar er ca. 63 centimeter med kroppssvekt på 2,25 kilogram. Fjørdrakta er i svart, med kvit underside frå strupen til undergumpen. Kvite flekker på vengfjørene utgjer eit kvitt band på vengen når fuglen sit. Beina er lyseraude i hekkesesongen og auga har blå augering. Strupe og andlet får ein raud hudpose i hekketida. Ein oransje, naken hudflekk over nebbrota er framtredande, i utsjånad er dei elles mykje like vorteskarvar.

Denne arten finst berre rundt øygruppa Chathamøyane, dei kan beite opp til 24 kilometer ut frå land av øygruppa.[1]

Chathamskarvar hekkar i små koloniar i øygruppa, det inkluderer hovudøya Chatham Island, Rabbit Island ved Pitt Island og Star Key. Reira er bygd av plantar, tang og kvister. Dei legg 1-4, mest vanleg 2 eller 3 lyseblå egg i august til desember.

Dei søkjer vanlegvis føde aleine og føda er småfisk iblanda ulike artar av blekksprutar når dei er tilgjengelege.

Arten har status som kritisk trua, og bestanden er estimert til 1070 individ (2011), og er minkande.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 BirdLife International 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chathamskarv