Skarvfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skarvfamilien


Totoppskarv Phalacrocorax auritus
Totoppskarv Phalacrocorax auritus

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Suliformes
Familie: Phalacrocoracidae

Rchb.1850

Slekt: Phalacrocorax
Artar
  • sjå teksten

Skarvar er ein familie, Phalacrocoracidae, med ei slekt Phalacrocorax av omtrent 40 fugleartar som lever av fisk ved kystar og i vassdrag. Dei finst på alle kontinent, med unnatak av dei sentrale Stillehavsøyane.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Skarvar er middels til store vassfuglar og varierer i storleik frå pygmeskarv, Phalacrocorax pygmaeus, på så lite som 45 cm og 340 gram og til den ikkje-flygedyktige galapagosskarv, Phalacrocorax harrisi, med ein maksimal storleik på 100 cm og 5 kg i kroppsvekt. Den nyleg utdøydde brilleskarven Phalacrocorax perspicillatus, vart jamvel større, opp til 6,3 kg. Dei fleste, inkludert nesten alle artar på den nordlege halvkula er i hovudsak mørke i fjørdrakta, medan somme på den sørlege halvkula er svarte og kvite, og nokre få, til dømes kvithalsflekkskarvNew Zealand er ganske fargerik. Mange artar har eit farga område på huda i ansiktet som kan lyse blått, oransje, raudt eller gult, og vanlegvis vert dette området meir klårt i farga i hekkesesongen. Nebbet er langt og tynt, overnebbet er bøygd ned i enden. Skarvar har symjehud mellom alle fire tærne, som slektningane sine.

Dette er kystfuglar i større grad enn pelagiske artar, i nokon grad har skarvar òg kolonisert vassdrag, som til dømes flodskarv i Sør-Amerika, faktisk synest den opphavlege skarvstamfaren å ha vore ein ferskvassfugl, vurdert ut frå habitatet til dei eldste i utviklingslinja. Utbreiinga til denne gruppa er verda rundt, men dei har ikkje kolonisert dei sentrale Stillehavsøyane.

Alle skarvartar er fiskeetarar og fangstar på små ål, fisk og til og med på vasslangar. Dei dukkar frå vassoverflata, mange artar gjer det karakteristiske halvstupet frå overflata før dei går ned. Under vatnet vert dei kraftige føtene nytta til framdrift. Det finst målingar som viser at somme artar kan gå ned til ei djupn på 45 meter.

Når skarvar er på land for kvile, held dei ofte vengene ut i sola. Ein detaljert studie av storskarv konkluderer med at det utan tvil er for å tørke fjørdrakta.[1] Alle skarvar har gumpkjertelsekret som dei smørar på fjørene.

Skarvar er kolonirugarar, dei rugar i tre, på holmar eller i klippeveggar. Egga er bleikblå i farga. Vanlegvis er det berre eit kull i året. Foreldra gulpar opp mat til ungane. Ungane har djupe klossete nebb som liknar meir på nebba til pelikanungar enn på nebbet til dei vaksne.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Skarv i halvstupet frå havoverflata
Foto: Mike Baird
Flodskarv spreier ut vengene i sola
Foto: Dario Sanches
Bengalskarv, Kolkata, West Bengal, India
Foto: J.M.Garg

Skarvar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sellers, R. M. (1995). «Wing-spreading behavior of the cormorant Phalacrocorax carbo». Ardea 83: 27–36. 
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 7. januar 2012 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skarvfamilien