Chişinău

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chişinău
Horisonten til Chişinău
Flagget til Chişinău Byvåpenet til Chişinău
Flagget til Chişinău Byvåpenet til Chişinău
Styresmakter
Land
Moldova
Grunnlagd 1436
Borgarmeister Dorin Chirtoacă
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Urbant

120 km²
635 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

593 800
  4 938/km²
717 900
907 674
Koordinatar 47°01′″N 28°50′″EKoordinatar: 47°01′″N 28°50′″E
Høgd over havet 85 m
Tidssone EET (UTC+2)
Diverse anna
Postnummer MD-20xx
Telefon-retningsnummer +373 22
Heimeside: www.chisinau.md
Plassering
Chişinău is located in Moldova
Plasseringa til Chişinău i Moldova

Chişinău eller Kisjinjov (russisk Кишинёв/Kisjinjov) er hovudstaden, den største byen og industrielt og kommersielt sentrum i Moldova. Han ligg om lag midt i landet ved elva Bîc. Økonomisk er byen den mest velståande i Moldova og eit trafikknutepunkt for regionen. Som den viktigaste byen i Moldova har Chişinău ei rekkje utdanningsinstitusjonar. Chişinău er ein av dei byane i Europa med flest grøntareal.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Chişinău vart grunnlagd som ein klosterby i 1436 og vart ein del av fyrstedømet Moldavia, som på byrjinga av 1500-talet vart underlagt Det osmanske riket. På byrjinga av 1800-talet var han ein liten landsby med rundt 7 000 innbyggjarar. I 1812 vart han ein del av Det russiske keisardømet, som gjorde han til hovudstad i det nyleg annekterte Bessarabia gubernija. Folketalet voks til 92 000 i 1862 og til 125 787 i 1900.

Industrialderen[endre | endre wikiteksten]

Chişinău i 1889.

Frå 1834 vart byen bygd ut av keisardømet med vide, lange gater og ein nyutvikla byplan som delte byen i to delar, den eldre delen av byen, med uregelmessig bygningsstruktur og eit nyare bysentrum. Mellom 26. mai 1830 og 13. oktober 1836 bygde arkitekt Avraam Melnikov 'Catedrala Naşterea Domnului' (ei ortodoks domkyrkje) med eit flott klokketårn. I 1840 stod triumfbogen ferdig, teikna av arkitekt Luca Zauşkevici. Etter dette vart det bygd mange bygg og landemerke. Byen spelte òg ei viktig rolle i krigen mellom Russland og Tyrkia (1877–1878) som hovudkvarteret for den russiske invasjonen.

Jødeforfølging og tida før revolusjonen[endre | endre wikiteksten]

Seint på 1800-talet, særleg på grunn av aukande antisemittisme i Russland og betre økonomiske tilhøve, slo mange jødar seg ned i Chişinău. I 1900 var 43 % av innbyggjarane i Chişinău jødiske, det høgaste talet i heile Europa.

6. og 7. april 1903 fann derimot ein stor antisemittisk pogrom stad, som seinare vart kjent som jødeforfølginga i Kisjinjov. 47-49 jødar mista livet, 92 vart alvorleg skadde og om lag 500 mindre råka.[1] I tillegg vart fleire hundre hus og butikkar plyndra og øydelagde. Ein meiner at jødeforfølginga starta på grunn av antijødisk propaganda i den einaste offisielle avisa i byen på denne tida, Bessarabets (Бессарабецъ). Reaksjonane på hendinga inkluderte ein protest til tsar Nikolaj II av Russland på vegner av det amerikanske folket frå den USA-amerikanske presidenten Theodore Roosevelt i juli 1905.

22. august 1905 fann ei anna blodig hending stad då politiet opna eld mot om lag 3 000 demonstrerande bønder. Berre få månader seinare, 19.-20. oktober 1905, oppstod ein anna protest[1] som var med på å tvinge fram Oktobermanifestet frå tsar Nikolaj II. Desse demonstrasjonane snudde brått om til eit åtak på dei jødane ein kunne finne og 19 jødar mista livet.

Den første verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Etter den russiske Oktoberrevolusjonen erklærte landet seg sjølvstendig frå det falne riket, før det vart ein del av Kongedømet Romania. I denne perioden var Chişinău i bakgrunnen og vart ikkje sett på som noko anna enn ein stor provinsby. Berre då moderne teknologi og industri kom til byen vart han gradvis viktigare.

Mellom 1918 og 1940 vart sentrum av byen kraftig renovert. I 1927 vart det reist eit monument av den kjende fyrsten Stefan III av Moldavia, laga av skulptøren Alexandru Plămădeală.

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Chişinău er ein av dei grønaste byane i Europa.

I kaoset under den andre verdskrigen vart Chişinău nesten totalt øydelagd. Dette byrja med at den raude arméen og Sovjetunionen okkuperte byen og landet frå 28. juni 1940. Då byen var i ferd med å kome seg etter sovjetarane sin innmarsj råka eit kraftig jordskjelv byen 10. november 1940. Episenteret for skjelvet, som vart målt til 7,3 på richterskalaen, låg aust i Romania og førte til store øydeleggingar i byen.

Etter om lag eitt år gjekk Tyskland og Romania til åtak på det nyoppretta Moldovsk SSR. Frå juli 1941 leid byen under storskala skotvekslingar og omfattande bombeåtak frå tyske fly. Den raude arméen heldt ut fram til Chişinău til slutt fall den 17. juli 1941.

Tyskarane utførte masseutryddingar av den jødiske folkesetnaden i byen, som dei fleste andre stader i Europa. Jødane vart transportert til utkanten av byen der dei vart skotne og slengde i store massegraver. Talet på omkomne jødar under okkupasjonen av byen er estimert til om lag 10 000.[2]

Etter kvart som krigen gjekk mot slutten vart byen igjen utsett for kraftige åtak då dei tyske troppane trekte seg tilbake. Etter nesten seks månader med kamphandlingar fall Chişinău til slutt den 24. august 1944 til den raude arméen. På dette tidspunktet hadde byen mista om lag 70 % av alle bygningar, hovudsakleg på grunn av jordskjelvet i 1940 og bombeåtaka til tyskarane.

Etter krigen vart Bessarabia innlemma i Sovjetunionen. Det meste av Bessarabia vart ein del av Moldovsk SSR med Chişinău som hovudstad. Mindre delar av Bessarabia vart ein del av Ukrainsk SSR.

Sovjetunionen[endre | endre wikiteksten]

I åra 1947 til 1949 utvikla arkitekten Alexej Sjtsjusev ein plan for å gradvis rekonstruere byen med eit lag av arkitektar.

På byrjinga av 1950-talet auka folketalet raskt og dei sovjetiske styresmaktene svarte med å byggje store blokker i stalinistisk arkitektur. Denne prosessen heldt fram under Nikita Khrusjtsjov, som bad om konstruksjon med mottoet «godt, billigare og bygd raskare». Den nye arkitektoniske stilen førte til dramatiske endringar og danna stilen som dominerer bybilete i dag med store blokkleilegheiter over store område.

Perioden med størst utvikling var frå 1971, då den sovjetiske regjeringa gav meir enn ein milliard rublar for å utvikle byen, og fram til 1991Moldova fekk sjølvstende.

Mange gater i Chişinău er kalla opp etter historiske personar, stader eller hendingar. Sjølvstendet frå Sovjetunionen førte til omfattande omdøyping av gatenamna og stader i byen frå kommunistiske tema til nasjonale tema.

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

Chişinău er delt inn i fem administrative bydelar: Centru, Rascani, Botanica, Buiucani og Ciocana. I tillegg til desse bydelane brukar dei lokale innbyggjarane namn som til dømes «Telecentru» og «Posta Veche» (Gamle posten) for å skildre geografiske område innanfor bygrensa.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Som hovudstad i landet er Chişinău rik på kulturliv både innanfor nasjonal folklore og klassiske uttrykksformer. Byen er arena for festivalar og markeringar av nasjonale høgtidsdagar, men har òg sin eigen «Bydag» den 14. oktober. Denne dagen vert heile hovudgata Stefan cel Mare fylt med kulturelle aktivitetar.

Byen har mange gode konsertlokale, eigen opera og ballett, museum og ei rekkje teater – mellom anna Nasjonalteateret: Mihai Eminescu som mellom anna sette opp stykke av Henrik Ibsen i Ibsenåret 2006.

Offentleg transport[endre | endre wikiteksten]

Byen har eit godt utbygd offentleg transportnett som består av trolleybussar (billettpris per 2012 = 2 lei = 1,00 kr), vanlege bussar (3 lei = 1,50 kr) eller minibussar som følgjer ei fast marsj-rute og dermed vert kalla «Marsrutka» (3 lei = 1,50 kr) – sistnemnde kan du stoppe for av og påstiging når det måtte passe deg. Det er stadig fleire taxi-selskap i byen og prisen er ca. 4 lei per km (2 kr)

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chişinău

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Chişinău frå Wikivoyage

Kart[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]