Chicago XI

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chicago XI
Studioalbum av Chicago
Utgjeve 12. september 1977
Innspelt April – juni 1977 på Caribou Ranch i Nederland i Colorado
Sjanger Rock
Lengd 44:33
Selskap Columbia
Produsent James William Guercio
Chicago-kronologi 
Chicago X
(1976)
Chicago XI Hot Streets
(1978)
Singlar frå Chicago XI
  1. «Baby, What a Big Surprise»
    Utgjeve: september 1977
  2. «Little One»
    Utgjeve: januar 1978
  3. «Take Me Back to Chicago»
    Utgjeve: mai 1978
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Chicago XI er det niande studioalbumet (det 11. i alt) av det amerikanske bandet Chicago, gjeve ut i 1977. Som oppfølgjaren til Chicago X markerte albumet slutten på ein æra for Chicago på meir enn ein måte. Det var det siste Chicago-albumet med gitaristen og det opphavlege medlemmet Terry Kath før han skaut seg sjølv i ei ulukke berre fire månader seinare, og det var det siste Chicago-albumet som vart produsert av James William Guercio.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Chicago XI vert sagt å verke meir som ei samling av solosongar enn eit arbeid av eit ensemble, slik Chicago hadde laga tidlegare i 1970-åra. Peter Cetera prøvde å gjenta suksessen med den store hitsingelen «If You Leave Me Now» med «Baby, What A Big Surprise», som vart den største hitten på albumet med ein fjerdeplass i USA. Dette var den einaste songen han skreiv for albumet, og ganske uvanleg, den einaste songen med han på solovokal. Terry Kath henta inn den gamle konsertfavoritten sin, «Mississippi Delta City Blues», for albumet, medan Danny Seraphine song vokal på «Little One». Seraphine var òg medlåtskrivar på «Take Me Back to Chicago», som nådde 63. plassen på singellista i USA. James Pankow song solovokal på sin eigen «Till The End Of Time», og det same gjorde Lee Loughnane på originalen hans, «This Time». Den ein gong så produktive Robert Lamm, bidrog berre med to songar, «Policeman» og «Vote For Me».

Under innspelinga av Chicago XI, nådde den kunstnariske kontrollen til den langvarige produsenten deira James William Guercio smertepunktet for bandet, som ønskte større kontroll sjølv og enda samarbeidet med han då albumet var over.

Den 23. januar 1978, nokre månader etter Chicago XI, skaut Terry Kath seg sjølv i ei ulukke under ein fest heime hos scenearbeidaren Don Johnson. Kath vart av mange rekna som «sjela» i Chicago. Kath, som var ein våpenentusiast, tok fram pistolen sin for å vise han til dei andre festdeltakarane. Dei andre bad han legge bort pistolen, men for å vise at pistolen ikkje var ladd, sette Kath pistolen mot hovudet og trykte av. Det var ei kule i kammeret og Kath omkom der og då. Dei andre medlemmane i Chicago var i sjokk over dødsfallet til Kath, og vurderte å legge ned bandet. Etter nokre veker i sorg, avgjorde dei å fortsette, og byrja slik ein ny æra i bandhistoria. Dei henta inn songaren og gitaristen Donnie Dacus for oppfølgjaren, Hot Streets.

Chicago XI (Columbia 34860) kom ut i september 1977, nådde det sjetteplassen i USA, og låg inne på lista i 20 veker, og selde til platina. Det gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.

I 2002 vart Chicago XI remastra og gjeve ut på ny av Rhino Records med øvingsinnspelingar av Pankow sin «Wish I Could Fly» og Lamm sin «Paris» som bonusspor.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)vokalLengd
1.«Mississippi Delta City Blues»KathKath4:39
2.«Baby, What a Big Surprise»CeteraCetera3:04
3.«Till the End of Time»PankowPankow4:49[2]
4.«Policeman»LammLamm4:02
5.«Take Me Back to Chicago»Seraphine/WolinskiLamm5:17
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)vokalLengd
6.«Vote for Me»LammLamm3:47
7.«Takin' It on Uptown»Fred Kagan/KathKath4:45
8.«This Time»LoughnaneLoughnane4:44
9.«The Inner Struggles of a Man»Frontiereinstrumental2:44
10.«Prelude (Little One)»Seraphine/WolinskiKath0:52
11.«Little One»Seraphine/WolinskiKath5:40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bandet[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • David «Hawk» WolinskiARP-synthesizer på «Take Me Back to Chicago»; Fender Rhodes på «Little One»
  • James William Guercio – akustisk gitar og bass på «Baby, What a Big Surprise»
  • Tim Cetera – korvokal på «Baby, What a Big Surprise»
  • Carl Wilson – korvokal på «Baby, What a Big Surprise»
  • Chaka Khan – korvokal og tale mot slutten av «Take Me Back To Chicago»
  • Dominic Frontiere – orkestrering på «Baby, What A Big Surprise» og «The Inner Struggles of a Man», stryke- og orkesterarrangement på «Little One»
  • The Voices of Inspiration – kor på «Vote for Me»

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsert av James William Guercio
  • Lydteknikar: Wayne Tarnowski
  • Assiternade lydteknikar – Tom Likes
  • Strykarar innspelt av Armin Steiner ved Sound Labs (Hollywood, CA)
  • Mastra av Mike Reese
  • Plateomslag – John Berg
  • Logodesign – Nick Fasciano
  • Fotografi – Reid Miles

Album[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1977 Billboard Pop Album 6

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Plassering
1977 «Baby, What a Big Surprise» Billboard Pop Singles 4
1978 «Little One» Billboard Pop Singles 44
1978 «Take Me Back to Chicago» Billboard Pop Singles 63

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.allmusic.com/album/r3854/review
  2. Merk: Alle CD-versjonar tonar ut noko tidlegare enn LP-versjonen.