Tom Dowd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tom Dowd
Fødd20. oktober 1925(1925-10-20)
FødestadManhattan
Død27. oktober 2002 (77 år)
DødsstadAventura i Florida
OpphavUSA
Aktiv1947–2002
PlateselskapAtlantic Records, Apex Studios, Criteria Studios
Verka somLydteknikar, plateprodusent
PrisarGrammy Trustees Award, Technical Grammy Award, Rock and Roll Hall of Fame

Thomas John «Tom» Dowd (20. oktober 192527. oktober 2002) var ein amerikansk lydteknikar og produsent for Atlantic Records. Han har fått æra for å finne opp fleirsporsinnspelinga. Dowd har arbeidd med særs mange kjende artistar innan blues, jazz, pop, rock og soul.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Dowd var fødd i Manhattan og spelte piano, tuba, fiolin og kontrabass då han var ung. Mora hans var operasongarinne og faren var konsertmeister.

Dowd var ferdig å studere ved Stuyvesant High School i juni 1942, 16 år gammal.[1] Han heldt fram musikkopplæringa si ved City College of New York. Dowd spelte òg i eit band på Columbia University i New York, der han vart dirigent. Han var òg tilsett ved fysikklaboratoriet ved Columbia University.

Militæret[endre | endre wikiteksten]

18 år gammal vart Dowd innkalla i militæret som sersjant. Han heldt fram arbeidet sitt i fysikk ved Columbia University. Han arbeidde på Manhattanprosjektet som medverka til atombomba. Kva prosjektet dreidde seg om var uklårt fram til 1945.[2] Dowd planla å ta ein doktorgrad i kjernefysikk då han var ferdig med Manhattanprosjektet, men sidan dette arbeidet var topphemmeleg, anerkjende ikkje universitet arbeidet, og Dowd valde å gje seg.[2]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Dowd fekk seg jobb ved eit platestudio for klassisk musikk, før han vart tilsett ved Atlantic Records. Den første hitten hans var Eileen Barton sin «If I Knew You Were Comin' I'd've Baked a Cake». Han vart raskt ein av dei øvste lydteknikarane der og spelte inn populære artistar som Ray Charles, the Drifters, the Coasters, Ruth Brown og Bobby Darin, inkludert Darin sin kjende versjon av Kurt Weill/Bertolt Brecht sin «Mack the Knife». Han spelte inn jazzmeisterverk av John Coltrane, Ornette Coleman, Thelonious Monk og Charlie Parker. Det var Dowd sin ide å dele Ray Charles si innspeling av «What'd I Say» i to delar og gje dei ut som A- og B-side av same singel.

Dowd arbeidde som lydteknikar og produsent frå 1940-åra og fram til byrjinga av 2000-talet. Han spelte inn album for mange artistar, som Eric Clapton, Lynyrd Skynyrd, Derek and the Dominos, Rod Stewart, Wishbone Ash, New Model Army, Cream, Lulu, Chicago, the Allman Brothers Band, Joe Bonamassa, the J. Geils Band, Meat Loaf, Sonny & Cher, the Rascals, Willie Nelson, Diana Ross, the Eagles, The Four Seasons, Kenny Loggins, James Gang, Dusty Springfield, Eddie Harris, Charles Mingus, Herbie Mann, Booker T. and the MGs, Otis Redding, Aretha Franklin, Joe Castro og Primal Scream.[3] Han var òg tilsett i Apex Studios i 1950-åra.[4]

Han døydde av emfysem den 27. oktober 2002 i Florida, der han hadde budd og arbeidd ved Criteria Studios i mange år.[5]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Tom Dowd var med på å forme artistane han arbeidde med, og fordi han arbeidde med så mange artistar på somme av dei mest kjende innspelingane i verda, var Dowd medverkande til å forme musikkstilane på andre halvdelen av 1900-talet. Det var han som oppfordra Jerry Wexler i Atlantic Records å få sett inn ein Ampex åttesporsopptakar, slik at Atlantic vart det første plateselskapet som nytta fleirsporsopptakar.[6]

Dowd er kjend som lydteknikaren som populariserte bruken av åttesporsopptakar for kommersiell musikk og populariserte bruken av stereofonisk lyd. Han var òg den første til å bruke lineære knottar i staden for skruknottar på miksepultar. Han brukte mange metodar for å endre lyden på innspelingar han gjorde.[1]

Tom Dowd vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Daley, Dan (October 2004). «The Engineers Who Changed Recording». Sound on Sound. Henta 25. januar 2015. 
  2. 2,0 2,1 «Biography». Tom Dowd and the Language of Music. Arkivert frå originalen 28. september 2007. Henta 25. januar 2015. 
  3. «Tom Dowd - Credits». Allmusic. Henta 25. januar 2015. 
  4. Billboard. Nielsen Business Media, Inc. 9. november 2002. s. 6. ISSN 0006-2510. Henta 20. desember 2012. 
  5. Norman, Forrest (16. januar 2003). «Soundman God». New Times (Miami). Arkivert frå originalen 8. desember 2013. Henta 25. januar 2015. 
  6. Dobkin, Matt (2004). I Never Loved a Man the Way I Loved You: Aretha Franklin, Respect, and the Making of a Soul Music Masterpiece. New York: St. Martin's Press. s. 142–143. ISBN 0-312-31828-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]