Christopher Polhem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christopher Polhem dekorert med Nordstjärneorden. Portrett frå 1741 av Johan Henrik Scheffel.
Minnemerke over Christopher Polhem i Göteborg oppført i 1951).

Christopher Polhem, (sannsynlegvis 18. desember 166130. august 1751) var ein svensk oppfinnar og industrimann. Han var verksam i den svenske gruvenæringa og stod bak ei rekkje oppfinningar og utbetringar, til dømes heisetransportsystem, gravemaskinar, gruvepumper og bruer.

Christopher Polhem, som opphavleg heitte Polhammar, vart fødd i bygda Tingstäde på Gotland. Faren døydde tidleg og Polhem måtte alt som ung klare seg sjølv. Han arbeidde som gardsgut i Uppland. Han vart immatrikulert ved Uppsala universitet 16 år gamal i 1687. Dei tre fyrste åra studerte han matematikk for professor Anders Spole.

Polhem vart namngjeten då han klarte å reparere det gamle urverket til domkyrkja i universitetsbyen. Polhem vart deretter kalla til Bergskollegium i Stockholm. Han vart spandert på, drog på studietur til utlandet åra 1694–1696. Polheim reiste i lag med Samuel Buschenfelt, titulert markscheider. Dei reiste til kontinentet og til England.

Polhem grunnla i 1697 instituttet Laboratorium mechanicum, som var meint å utdanne ingeniørar, men skulen stengde etter nokre få år. I utviklingsarbeidet laga Polhem massevis av konstruksjonmodellar av tre. Desse vart i 1756 samla til ei eige utstilling: Kongliga modellkammaren. Nokre få tremodellar vert i dag synte fram på Teknisk museum i Stockholm.

I 1699 starta Polhem industrianlegget Stjärnsunds bruk i Dalarna. Formålet var å starte masseproduksjon av forbruksvarer med hjelp av maskinar drivne med vasskraft. Stjärnsunds bruk produserte mellom anna urverk, tallerkar og lås.

Åra 1710-1716 arbeidde Polhem som teknisk direktør for kopargruva i Falun. Polhem vart i 1714 utnemnd til leiar for Kommerskollegium. I 1716 fekk han tittelen kommerseråd samt vart adla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]