Gravemaskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beltegravemaskin: Volvo EC290B

Gravemaskin er ei anleggsmaskin som vert nytta for å grava laus jord, sand, stein og anna masse. Planering, graving av tomter, grøfter og liknande er andre vanlege oppgåver. Ein nyttar gjerne gravemaskin på byggjeplassar, men òg til mudring, riving, gruvedrift og så bortetter.

Ei typisk moderne gravemaskin har ei undervogn med belte eller hjul og ei vendbar overvogn der graveaggregatet er montert. Gravemaskinar har som regel dieselmotor, men store frontskuffmaskinar brukt i overflategruver nyttar ofte elektrisk drift.

Dei fyrste gravemaskinene[endre | endre wikiteksten]

Mudring med skenegåande (øvst) og flytande (nedst) skuffkjedemaskinar.
Skjenegåande framskuffemaskinar i eit dagbrot i 1912.
Skjenegåande skuffkjedemaskinar i arbeid på Gaillard-skeringa på Panamakanalen i 1904.
Ei gamal framskuffmaskin.

Dei fyrste maskinene stammar frå før 1500, då flytande skuffkjedemaskinar vart nytta til mudring av elvar og hamner[1]. Giovanni Fontana arbeidde med å konstruera ei maskin for mudring alt i 1430 og i 1484 laga Francesco di Giorgio Martini skisser av ei skuffehjulmaskin, som var tenkt nytta for mudring[2]. Hamna i Amsterdam vart i 1734 mudra med ein mudderbåt, der graveaggregatet var ei skuffkjedegravemaskin. Ho vart driven ved hjelp av eit hestevandring. I 1804 vart eit dampskip nytta for mudring med ei slik maskin og i 1834 vart ei engelsk dampdrive skuffkjedegravemaskin nytta for mudring i hamna i Hamburg[3]. Dei tidlegaste maskinene var monterte på lekterar. Dei fyrste landbaserte maskinene stammar frå sist på 1820-talet; det er kjent at franskmannen Alfonse Couvreux fekk innvilga eit patent i 1827[3]. I den fyrste tida var landbaserte gravemaskinar skjenegåande skuffkjedegravemaskinar.

Den fyrste landbaserte framskuffemaskina (skuffa peika framover) vart bygd i USA av William Otis i 1835[3]; han fekk patent på oppfinninga si i 1839[4]. Den dampdrivne maskina hans var skjenegåande, så det var naudsynt å forlenga skjenene etter som maskina grov seg framover. Kjelen og dampmaskina var fastmonterte på ei jarnbanevogn. Graveaggregatet var montert på enden av vogn og svinga om lag 120° til kvar side. Maskina var av framskuffetypen og bommen vart løfta med kjetting. Skuffa vart tømt ved at botnen vart opne. Denne byggemåten med graveaggregat som ikkje svinga heilt rundt heldt seg heilt til inn på 1900-talet i Nord-Amerika.

Den fyrste europeiske gravemaskina av framskuffetypen vart bygd av Ruston & Proctor i Storbritannia i 1874. Den fyrste rundtsvingande maskina vart bygd av Whitaker & Sons, i Leeds i 1884[5], men det varte heilt til 1909 før nord-amerikanske produsentar gjekk over til denne byggemåten. Graveaggregatet på moderne framskuffemaskinar, som framleis er i drift i dagbrot, har ei utforming som liknar på desse tidlege maskinene.

Den fyrste tyske maskina av denne typen var bygd av Menck & Hambrock i 1900 og seld til Russland året etter [3]. Utover mot 1910 tok fleire tyske føretak til med å bygga liknande gravemaskinar, men i motsetnad til dei nord-amerikanske maskinene var dei tyske rundtsvingande.

Frå damp til elektrisk drift[endre | endre wikiteksten]

Ei utrangert dampdriven framskuffegravemaskin.
President Roosevelt på ei dampgravemaskin under bygginga av Panamakanalen.

Det var vanleg at dampdrivne gravemaskinar hadde ein kjele og tre til fire dampmaskinar: ei til vinsjen for hovudbommen, ei til vinsjen for utliggarbommen, ei til å svinga maskina og ei til drivverket. Nokre maskinar nytta same dampmaskin til sving og framdrift.

Når lasta til ei dampmaskin auka gjekk turtalet ned og dreiemomentet opp. Dampmaskinar fungerte difor godt som drivkjelde for gravemaskinar. Ulempa var alt arbeidet med å frakta kol og vatn fram til maskina. Dette var arbeidskrevjande når det var dårlege vegar og lange avstandar. Det var òg vanleg med eit par mann til å fyra og etterfylla vatn på kjelen (om kjelen koka tørr kunne han eksplodera).

Rundt 1890 var utviklinga av elektromotorar komen så langt at det vart gjort forsøk på å nytta dei som drivkjelde for gravemaskinar. Elektromotorane var små og kravde ikkje meir plass enn dampmaskinene. Maskinene kunne difor byggast på same måte som før og det var lett å gå tilbake til dampdrift om gravemaskina vart flytta til ein plass der elektrisk energi ikkje var tilgjengeleg.

Dei fyrste maskinene med elektrisk drift nytta seriemotstandar for å regulera turtalet på motorane, noko som førte til store effekttap (på eldre sporvogner vart det òg «fyra for kråka» med seriemotstandar). For å bøta på dette vart det etter kvart installert Ward-Leonard-drift på somme maskinar. Dette systemet har ein elektromotor og ein generator på sama aksling; den eine motoren dreg generatoren, som i sin tur leverer energi til vinsj-, snu- og framdriftsmotorane. Føremonen med dette systemet er at effekta, og dermed turtalet, kan regulerast ved å endra feltstyrken i generatoren (kraftverkgeneratorar vert og regulerte ved å endra feltstyrken). Ward-Leonard-drift (òg kalla Krämer-drift) sløsar ikkje bort energi i seriemotstandar, men ein ekstra elektromotor og ein ekstra generator var ei kostbar løysing. Med Ward-Leonard-drift trong ein ikkje å bytta ut motorane for vinsjane, sving og framdrift om maskina vart nytta der det ikkje var elektrisk energi; det heldt å bytta ut den fyrste motoren med ei dampmaskin. Med damp-elektrisk drift kunne kjelen, dampmaskina og generatoren plasserast på ei separat vogn, som gjerne kunne plasserast i god avstand frå gravemaskina. Denne typen damp-elektrisk drift var føregangaren for diesel-elektrisk drift.

Frå damp til dieseldrift[endre | endre wikiteksten]

Døme på drivverk frå 1951 [6].
Lasting av bauksitt i Surinam medan det var kolonisert av Nederland.

Den fyrste gravemaskina med bensinmotor var ei skuffkjedegravemaskin, bygd i 1910 av Mohnighan i USA. Fleire av dei mindre nordamerikanske gravemaskinene som var produserte i USA fram til 1930 hadde bensinmotor. I Europa fekk ikkje bensinmotoren noko særleg betydning som drivkjelde for gravemaskinar. I Tyskland var det til dømes berre bygd ei maskin med bensinmotor. Grunnen til dette ligg delvis i at 1. verdskrig bremsa utviklinga av sivile produkt og etter verdskrigen var utviklinga av dieselmotoren komen så langt at det ikkje var nokon grunn til å nytta bensinmotorar.

Den fyrste gravemaskina med dieselmotor var bygd i 1925 av Menck & Hambrock[3] og i 1927 fylgde Orenstein & Koppel etter. Overgangen til dieselmotor var meir komplisert enn å gå frå dampdrift til elektrisk drift. Dieselmotorane var store og tunge og vart plasserte bak på maskinene, slik at dei kunne fungera som motvekt. Det var difor naudsynt å laga overføringsakslingar til vinsjane, svingmekanisme og framdrift, så maskinene måtte byggast noko annleis enn dampdrive maskinar. Føremonane med dieseldrift var likevel så store at alle produsentane gradvis gjekk over til dieseldrift utover 1930-talet. Dei siste dampdrivene gravmaskinar vart bygde rundt 1940.

Universalmaskinar[endre | endre wikiteksten]

Gravemaskinskuffe.

Framskuffmaskinene høvde ikkje så godt til å grave djupt med. Grøftegraving var spesielt vanskeleg når skuffa snudde framover, ettersom maskina måtte køyra med eit belte på kvar side av grøfta. Rundt 1930 kom dei fyrste maskinene med skuffa vendt mot maskina og grøftegraving vart mykje enklare. Dei høvde òg betre til anna djupgraving.

Mange maskinar kunne leverast både med framskuffe- og med bakskuffeaggregat. Slike maskinar vart ofte kalla «universalmaskinar». I tillegg utvikla produsentane eit stort utval med tilleggsutstyr, som ekstra smale skuffer for grøfting, breie skuffer for planering, grabbar, stolpedrivarar, osb.

Frå vinsj til hydraulikk[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste gravemaskinene nytta kjetting for til å løfta bommane. Då ståltau vart tilgjengeleg rundt 1870 vart nye maskinar utstyrte med vinsjar.

Dei fyrste eksperimenta med hydrauliske gravemaskinar tok til på slutten av 1940-talet. Dei fyrste tyske patenta stammar frå 1945, med då Tyskland tapte 2. verdskrig stagnerte utviklinga der dei fyrste etterkrigsåra. Dei italienske brørne Brunieri var òg tidleg ute og i 1948 fekk dei patent på ei heilhydraulisk gravemaskin[3]. Poclain og Tractem i Frankrike, Bucher-Guyer i Sveits og Gradel and Hopto i USA arbeidde òg med hydrauliske tidleg på 1950-talet. Det tyske føretaket Atlas-Weyhausen tok til å produsera hydrauliske gravemaskinar frå 1954. I Noreg var Brødrene SøylandJæren tidleg ute og i 1956 marknadsførte dei den heilhydrauliske hjulmaskina Brøyt X2.

Hydrauliske gravemaskinar hadde mange føremoner, men fleire produsentar hadde problem med driftsikkerheita i starten. Men etter som kvaliteten og utvalet av hydraulisk komponentar auka forsvann problema. Hydrauliske komponentar, spesielt stempelpumper og ventilar, er sårbare for forureiningar. I starten var ikkje filtera alltid like effektive og entreprenørar og førarar hadde ikkje alltid kunnskap om kor viktig det var at hydraulikkolja var rein. Mange entreprenørar var òg skeptiske til den nye teknologien og det var fyrst på 1960-talet at hydrauliske maskinar fekk eit gjennombrot.

Etter at produsentane hadde vunne over barnesjukdommane viste det seg at dei hydrauliske gravemaskinene arbeidde raskare, smidigare og var meir robuste enn dei gamle linjemaskinene med vinsjar. I dag er det berre dei aller største framskuffemaskinene som framleis nyttar vinsjar og ståltau.

Førarkomfort[endre | endre wikiteksten]

Moderne førarhus: Zeppelin ZRH 16.

Då dei fyrste gravemaskinene vart bygde var det ingen som tenkte på arbeidstilhøva til mannskapet. Arbeidet til maskinføraren var tungt og han måtte tola å arbeida i røyk og stim frå dampmaskina. Fyrbøtarane måtte passa dampmaskina og fylla etter vatn og kol. Om sumaren var det for varmt og om vinteren var det både kaldt og varmt. Å handtera inn- og utkopling av vinsjar og drivverk var tungt arbeid og det hende at mannskapet skifta på å køyra og vera fyrbøtarar.

Tannhjul, kjeder og vinsjar var ikkje innkapsla, så å utføra reparasjonar og vedlikehald kunne vara farleg. Om dei ikkje passa på nivået i kjelen ville han koka tom og eksplodera. Kjeleeksplosjonar kunne vera kraftige og enda ofte med tap av liv.

Då dampmaskinene vert bytta ut med elektriske motorar eller dieselmotorar vart det slutt på å skuffa kol og fylla vatn, men på dieseldrivne maskinar var det berre ein motor og fleire gir og akslar å passa seg for. Dei vart etter kvart innkapsla, men under vedlikehald måtte kapslinga av og til fjernast. Innføringa av hydraulikk førte til at dei mange akslingane og vinsjane forsvann og føraren fekk ein sikrare arbeidsplass.

Betjeninga av hydrauliske maskinar var mykje lettare enn å styra vinsjar og mekanisk drivverk. For å konkurrera med hydraulikkmaskinene innførte mange produsentar trykkluftstyring av vinsjar og drivverk på 1960-talet. Seinare fekk hydrauliske maskinar òg servoassistert betjening, men på desse var servoen ein eigen lågtrykkskrins. Moderne maskinar har elektro-hydrauliske servosystem og føraren styrer maskina med joystikker.

Sjølv om tidlege gravemaskinar hadde tak var dette meir for å beskytta maskineriet enn føraren. Det var fyrst etter 2. verdskrig at gravemaskinene vart utstyrte med førarhus som var skilde frå maskinrommet. Førarhusa vart òg utstyrte med vindaugo og tetta mot ver og vind. Utpå 1970-talet vart dei òg oppvarma og lydisolerte. På moderne maskinar er førarhuset opphengt i vibrasjonsdempande element, støydempa og utstyrte med lufthandsamingsanlegg.

Traktorgravarar[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Traktorgravar
Traktorgravar: Case.

Traktorgravarar er gravemaskinar bygd rundt ein traktor. Opphavleg vart eit graveaggregat montert på vanlege landbrukstraktorar. Seinare vart graveaggregatet meir integrert med traktoren og moderne traktorgravarar er spesialkonstruerte maskinar. Gravemaskina er bakmontert og traktorane er vanlegvis utstyrte med frontlastar.

Ein av føremonane med traktorgravarar er kombinasjonen av gravemaskin og frontlastar. Denne kombinasjonen gjer at maskina kan utføra arbeid som elles ville krevja to maskinar: gravemaskin og hjullastar.

Bilmonterte gravemaskinar[endre | endre wikiteksten]

Unimog med graveaggregat og frontlastar

Lastebilar vert av og til utstyrte med graveaggregat. Ofte er det fire- eller sekshjulsdrivne terrenglastebilar som vert påmonterte eit rundtsvingande graveaggregat, men av og til vert mindre terrengbilar, som Unimogen på biletet, utstyrte med traktorgraveaggregat og frontlastar. Bilmonterte graveaggregat vert fyrst og fremst nytta når det er viktig at maskina kan flyttast snøgt.

Rundtsvingande maskinar[endre | endre wikiteksten]

Rundtsvingande maskinar er den vanlegaste gravemaskintypen. Dei har ei undervogn med hjul- eller beltedrift og ei overvogn med motor, graveaggregat og førarhus. Overvogna kan svinga rundt 360°. Førarhuset peikar alltid i same retning som graveaggregatet, noko som gjer at føraren har svært godt utsyn under arbeidet. At overvogna svingar heilt rundt er òg ein stor føremon når den utgravne massen skal lastast på ein dumpar eller lastebil.

Hjulmaskinar[endre | endre wikiteksten]

Hjulmaskinar har den føremonen at dei kan flyttast på offentleg veg utan å gjera skade på vegen. Dei vert difor nytta til vedlikehald av veg og gater, på byggeplassar og så bortetter. Hjulmaskinar har firehjulsdrift og har ofte hydrostatisk kraftoverføring. Storleiken på hjulmaskinar er frå rundt fem tonn til 30 tonn.

Hjulmaskinar er ofte utstyrte med eit sjaktblad, som er nyttig for planeringarbeid, attfylling av grøfter osb. Hjulmaskinar står ikkje fullt så stødig som beltemaskinar, så mange har hydrauliske støttelabbar som vert lagt ned under graving. Hjulmaskinene konkurrerer med traktorgravarar, men dei to maskintypane har noko ulike bruksområde og utfyller kvarandre.

Dei fyrste hjulmaskinene vart bygde tidleg på 1900-talet. Menck & Hambrock laga ei dampdriven maskin med to stor drivhjul og ein brei styrerulle i 1908 og i 1912 bygde dei ei firehjulsmaskin med elektrisk drift. Desse tidlege maskinene hadde jarnhjul og kunne berre nyttast på fast underlag. Då beltedrift vart vanleg på 1920-talet forsvann hjulmaskinene frå marknaden og kom ikkje tilbake for rundt 1950, men då hadde dei gummihjul.

Brøyt gravemaskin.

I 1956 kom Brødrene SøylandJæren på marknaden med hjulmaskina Brøyt X2[7]. Brøyt X2 var ei av dei fyrste hydrauliske gravemaskinene. Fråværet av vinsjar og ståltau gjorde at ho var enklare enn konkurrerande maskinar. Maskina hadde ikkje drift på hjula, men drog seg fram med skuffa. For å betra flytevna på blaut myr kunne det verta montert ei plate under maskina. Maskina viste seg å høva godt for nydyrking og etterspurnaden var stor både i Noreg og i utlandet[7][8]. At maskina ikkje hadde framdrift på hjula reduserte prisen, men når maskina skulle flyttast var det ein ulempe.

Beltemaskinar[endre | endre wikiteksten]

Komatsu 210 beltegravemaskin.

Beltegåande gravemaskinar har mykje lågare marktrykk enn hjulmaskinar og kan nyttast på underlag med dårleg bereevne. Dei tek seg òg godt fram i ulendt terreng.

Ettersom beltemaskinar er saktegåande og på grunn av at belta kan gjera skade på vegane må dei verta transportert med bil. Store maskinar vert transporterte på lågbygde svanehalstilhengarar.

Storleiken på beltemaskinar varierer frå minimaskinar på under eit tonn til stormaskinar på opp til fleire tusen tonn. Mange små og middelstore maskinar kan leverast med ulik lengde og bredde på belta, slik at dei kan tilpassast bruksområdet.

Framgravarar[endre | endre wikiteksten]

P&H beltegravemaskin.

Framskuffemaskinar skil seg ut ved at skuffa er vendt framover. Dei vert nytta for å grava ut og lasta masse i steinbrot og i dagbrot. I motsetnad til hjullastarar treng dei ikkje å køyra fram og tilbake. Til arbeid der dei kan stå på same staden i lang tid er dei meir økonomiske enn hjullastarar. Dei største maskinene av denne typen nyttar framleis vinsjar og ståltau i staden for hydraulikk.

Framgravarar som vert nytta i dagbrot er ofte svært store og kan ha ein masse på opp til 200000 tonn. Dei er beltegåande, men på grunn av storleiken kan dei ikkje verta transportert over lange avstandar. Maskinene vert difor monterte der dei skal arbeida og vert som oftast verande levetida ut. Den største av dei var Marion 6360, på 15 000 tonn og ein skuffekapasitet på 138 m³. Ho vart bygd 1965 i Captain Mine, i delstaten Illinois i USA og skal vera det største beltekøyretøyet som nokon gong er bygd. Slike stormaskinar har framovervendt skuffe som på ein hjullaster og nyttar vinsjar og kraftige ståltau i staden for hydrauliske sylindrar.

Langarmmaskinar[endre | endre wikiteksten]

Gravemaskin med stor rekkevidd: Liebherr R 914 Litronic 101

Maskinar med ekstra lang arm vert nytta til arbeid som til dømes mudring, riving og anna arbeid der det er naudsynt med stor rekkevidd. Utstyrt med brei skuffe høver dei òg godt for landskapsplanering av vegskråningar, parkar og liknande. Slike maskinar kan òg utføra nokre oppgåver som elles ville krevja bruk av mobilkran.

På grunn av den lange arma er ikkje slike maskinar like kraftige som normale gravemaskinar og vert berre nytta til lett arbeid. Stabiliteten er heller ikkje like god som for andre maskinar, så det er naudsynt å visa ekstra varsemd.

Langarmmaskinene utfører same type oppgåver som teleskopmaskinene som vart produsert på 1960-talet og 1970-talet, men er meir fleksible. Langarmmaskinar utgjer berre ein liten del av den totale gravemaskinmarknaden og ikkje alle produsentane leverer denne typen.

Minigravemaskinar[endre | endre wikiteksten]

Kubota minigravemaskin.

Minigravemaskinar vert nytta til småarbeid og på stader det større maskinar ikkje kjem til. Dei minste minigravarane er under eit tonn og den øvre grensa varierer frå fem til åtte tonn, avhengig av produsent. Dei minste minigravarane er så små at dei kan flyttast på ein stor biltilhengar. Så godt som alle minigravemaskinar har beltedrift.

Minigravemaskinar vert no nytta til oppgåver som tidlegare vart utført av traktorgravarar. På grunn av at dei er svært små kjem dei til på stadar der det er for trongt for traktorgravarar, som til dømes på byggeplassar. På slike stadar er det òg ofte ein føremon at maskina er rundtsvingande. Minigravemaskinar vert òg nytta til forfallande arbeid i parkar og anna liknande arbeid.

Utrangert grabbmaskin.

Grabbmaskinar[endre | endre wikiteksten]

Moderne grabbmaskin: Atlas Weyhausen.

Manuelle grabbmaskinar har vore i bruk sidan 1700-talet. Dampdrivne maskinar var fyrst bygd av engelskmannen William Dent Priestmann i 1875[3]. Fleire andre føretak tok til å laga liknande maskinar, fyrst med kjetting og seinare med vinsjar og ståltau. Ved å nytta to ståltau var det mogleg å opna grabben uavhengig av høgda. Utviklinga av desse maskinene føregjekk parallelt med andre typar. Produsentane nytta ofte same chassis for grabbmaskinar, kraner og påledrivarar.

Denne typen gravemaskin høver best for lausmasse og vart opphavleg nytta for mudring og lasting av sand om bord på sandbåtar. Hjulmaskinar var utvikla seinare. I dag vert hjul- og beltegåande universalmaskinar påmontert grabb når det er bruk for denne type maskin.

Tilleggsutstyr[endre | endre wikiteksten]

Sollskuffe.

Det har etter kvart vorte utvikla mykje forskjellig tilleggsutstyr for gravemaskinar:

  • Breie skuffer for planering av lausmasse.
  • Smale skuffer for grøfting.
  • Rototilt for å vri og skråstilla skuffa i høve til graveaggregatet.
  • Sollskuffer for å sila ut vatn frå sand eller jord.
  • Grabbar for flytting eller lessing av sand og anna lausmasse.
  • Hydrauliske steinklyper for å handtera stein, røter, og liknande.
  • Sakser for å klippa av armeringsjarn, ståltau, kabel, og liknande.
  • Hydraulisk drivne hammarar for å bryta laus stein og betong, riva gamle bygningar, bryta opp vegbanen, osb.
  • Hydraulisk driven komprimeringsplater.
  • Hydrauliske stolpedrivarar.

Slepskuffemaskinar[endre | endre wikiteksten]

Trekklinjegravemaskin.
Skuffe til trekklinjemaskin.
Trekklinjegravemaskin i dagbrot.

Denne gravemaskintypen har ein lang bom som skuffa er festa i. Under arbeid vert bommen nytta til å plassera skuffa eit stykke frå maskina. Skuffa vert så trekt inn mot maskina etter eit kraftig ståltau. Ved å trekkja skuffa inn til maskina og plutseleg sleppa kan ho kastast framover for å auka rekkevidda. Trekklinjemaskinar er mest effektive når dei hentar masse som ligg lågare enn maskina. Slike maskinar vert nytta i dagbrot eller andre plassar der mykje masse skal fjernast. Dei høver òg godt for mudring i elver og kanalar. Trekklinjemaskinar har nokre ulemper, som at dei er vanskelege å flytta, men dei er driftsikre og økonomiske i bruk.

Dei vert drivne av elektriske motorar. Trekklinjemaskinar kan ha ei masse på over 13 000 tonn[9][10]. Skuffevolumet på desse maskinene varierer frå frå 30 til opp mot 170 m², tilsvarande opp mot 450 tonn med kol. På grunn av storleiken må dei monterast på staden. Store slepskuffemaskinar nyttar ikkje beltedrift, men flyttar seg ved å «gå» på kraftige føter. Om dei arbeider med mudring flyt dei som oftast på store pontongar.

Den fyrste slepskuffemaskina var kunstruert i 1904 av by John W. Page, i samband med gravinga av Chicagokanalen.

Kontinuerleg massestraum[endre | endre wikiteksten]

Gravemaskinar som kontinuerleg grev ut ein massestraum kan delast i to hovudtypar: skuffkjedegrøftemaskinar og skuffhjulgrøftemaskinar. I tillegg finst det sokalla skuffkjedegrøftemaskinar, som vert nytta til grøfting.

Skuffkjedegravemaskinar[endre | endre wikiteksten]

Skuffkjedegravemaskin.

Skuffkjedegravemaskinar er den eldste typen gravemaskin og har vore nytta for mudring av hamner, kanalgraving, for å grava ut kol i dagbrot osb. Skuffkjedegravemaskinar er framleis i bruk i koldagbrot og nokre av dei er svært store.

Frå dei fyrste landbaserte skuffkjedegravemaskinene kom på 1820-talet og fram til 1920-talet var dei skjenegåande. Det var difor naudsynt å legga skjener etter som maskina flytta seg framover. I 1919 bygde Lübecker Machinenbau-Gesselschaft (LMG) ei skuffkjedegravemaskin som gjekk på belte. Denne maskina var meir fleksibel enn dei skjenegåande maskinene. Likevel var det ikkje før på 1930-talet at beltedrift var vanleg på denne maskintypen. Orenstein & Koppel, til dømes, produserte tidlegare ei beltegåande maskin som svinga 360°.

Skuffkjedegrøftemaskinar[endre | endre wikiteksten]

Legging av plastrøyr med skuffkjedegrøftemaskin.

Skuffkjedegrøftemaskinar vert nytta for grøftegraving. Føremonen med slike maskinar er at breidda på grøfta ikkje treng å vera så mykje større enn røyret som skal leggast. Det er vanleg at legging av røyrer vert utført i same operasjon som gravinga. Ein kveil med plastrøyrer er da plassert på gravemaskina, eller på eit køyretøy som følgjer gravemaskina.

Spesialbygde maskinar har som oftast beltedrift. Denne maskintypen har mellom anna vore nytta for drenering av myr. På grunn av den dårlege bereevna til myra har lette maskinar monterte på landbrukstraktorar, utstyrte med belte, vore nytta til dette arbeidet. Dei kan òg nyttast til legging av kabel, men det er ein føresetnad at det er lite stein i jorda.

Skuffhjulgravemaskinar[endre | endre wikiteksten]

Skuffhjulgravemaskin.
Eit skuffehjul.

Skuffhjulgravemaskinar har ein lang arm med eit roterande hjul med fleire skuffer, som kontinuerleg matar masse inn på eit tranportband som ligg langsmed armen. Massen vert så transportert vidare med stor dumparar eller med eit transportband. Skuffhjulgravemaskinar vert drivne av elektriske motorar.

Slike maskinar vert ofte nytta i dagbrot, for å fjerna jord som ligg over eit lag med kol. Dei kan òg nyttast for å grava ut kollaget. Dette er oppgåver som òg vert utførte av store framskuffmaskinar. På grunn av at skuffhjulgravemaskinar grev ut ein kontinuerleg straum med masse høver dei betre når massen vert frakta bort med transportband.

Skuffhjulgravemaskinar er ofte store[11]. Dei største av dei er Krupp Bagger 285 på 13 000 tonn[12] og 293 på 13 500 tonn. Desse maskinene er mellom dei største beltekøyretøya i verda. Kapasiteten til Bagger 295, som er i drift ved Tagebau Garzweilerer i Nordrhein-Westfalen i Tyskland, er på 240 000 m² om dagen. Men det vert òg produsert hydraulisk drivne skuffehjulmaskinar, i storleikar frå 500 til 5000 m² per time.

Dei fyrste forsøka med skuffehjulmaskinar tok til 1916, då Humbolt-Deutzmotoren bygde ei sik maskin i eit brunkoldagbrot ved Wittenberg i Tyskland. Men det var fyrst mot slutten av 1920-talet og utover 1930-talet at desse maskinene fekk eit gjennombrot. At skuffene er monterte på eit stabilt hjul gjer at skuffhjulgravemaskinar er kraftigare og lettare å manøvrera enn skuffkjedegravemaskinar og erstatta etter kvart desse. Skuffhjulgravemaskinene hadde glansperioden sin på under og etter oljekrisa på 1970-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Transport av gravemaskin på svanehalshengar.
  1. Cohrs, H.-H., Die etwas anderen Bagger - Kontinuerlich arbeitende Abbau- und Ledemaskinen, Verlag Podszun-Motorbücher GmbH, 2004.
  2. The Archimedes Project.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Böge, U., Heintzsch, S., Bagger - Die große Chronik aller deutschen Hersteller. Verlag Podszun-Motorbücher GmbH, 2002.
  4. Otis, W.S., Crane-excavator for excavating and removing earth, US Patent No. 1089, Feb. 24 1939.
  5. Manktelow, P., Steam showels, Shire Publications, 2004.
  6. Davidson, T.O. et al., Winch for convertible draglines and shovels, United States Patent 2,543,765, 5/2-1947
  7. 7,0 7,1 Pedersen, S.A.B., Brøyt-gründer Kristian Søyland, Rogaren, nr 23, des. 2003.
  8. Jøssang, L.G., Industrieventyret på Jæren 1800-2000, Det Norske Samlaget, 2004.
  9. Malkamaki, B., Something big in southeast Ohio and she's in big trouble (vitja 18/3-2008)
  10. Big Muskie, Roadside Amerika.com (vitja 18/3-2008)
  11. Bagger 1452, Verein Bergbaulicher Zeitzeugen Berzdorf-Oberlausitz e.V.
  12. Brixius. H., Die grössten Bagger der Welt Arkivert 2012-07-17 ved Wayback Machine..

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]