Dalarna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dalarna sitt våpen
Kart over Dalarna

Dalarna er eit landskap nordvest i landsdelen Svealand i Sverige. Landskapet dekkjer det same området som Dalarnas län med nokre unnatak. Sokna Idre og Serna nord i landskapet høyrde til Noreg og var reikna som ein del av Østerdalen før Torstensonkrigen. I laupet av krigen vart sokna hærtekne av dalakarar og vart med Freden i Brömsebro i 1645 ein lut av Dalarna.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Lik dei andre svenske landskapa er ikkje landskapet Dalarna ei eiga administrativ eining. Landskapet utgjorde hovuddelen av det som i 1647 vart oppretta som Kopparbergs län. I 1998 bytte det namn till Dalarnas län. Grunnen til namnebytet var at skilnaden mellom landskap og län var ganske liten (landskapet 29 086 km² mot lenets 28 193 km²) og at det oppstod ei misoppfatning av at byen Kopparberg i Örebro län skulle ha gitt namn til lenet. Namnet Kopparbergs län kom i røynda av Stora Kopparberg, eit anna namn på Falu koppargruva. Dei største avvika mellom landskap og län er at nordre delen av Orsa finnmark høyrer til Gävleborgs län og at søre delen av Äppelbo finnmark høyrer til Värmlands län.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dalarnas eldste segl, frå 1435.

Den eldste omtalen av Dalarna er frå Sverresoga der landskapet vert kalla Järnbäraland, og blir omtalt som eit heidensk land, høyrande under sveakongen sidan 1177. På 1500-talet flykta Gustav Vasa til Dalarna frå Christian II.

Kulturhistorisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt og kulturhistorisk blir Dalarna delt inn i:

Større byar[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar frå Dalarna[endre | endre wikiteksten]