Al Jackson jr.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al Jackson Jr.

Fødd27. november 1935(1935-11-27)
FødestadMemphis
Død1. oktober 1975
DødsstadMemphis
FødenamnAlan Jackson
OpphavUSA
Aktiv1940–1975
SjangerR&B, funk, soul, Memphis soul
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarBooker T. & the M.G.'s
PlateselskapStax

Al Jackson Jr. (27. november 19351. oktober 1975) var ein trommeslagar, produsent og låtskrivar. Han er mest kjend som medlem av Booker T. & the M.G.'s, ei gruppe studiomusikarar som arbeidde for Stax Records og som produserte sine eigne instrumentalar. Jackson fekk kallenamnet «The Human Timekeeper» (den menneskelege tidtakaren) fordi han var så dugande på trommer. Han vart innlemma i Memphis Music Hall of Fame i 2015.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Far til Jackson, Al Jackson sr., leia eit jazz/swing-band i Memphis i Tennessee. Den unge Jackson byrja å tromme i tidleg alder og byrja å spele på scenen med bandet til faren i 1940, berre fem år gammal. Han spelte seinare i produsenten og trompetisten Willie Mitchell sitt band, samstundes som han spelte i det populære Ben Branch Band.

I eit intervju med magasinet Drum! sa Mitchell,

«Al Junior var kring 14 år gamma då. Eg sa til far hans, 'Hei, la oss få nytte sonen dinen. Han sa, 'Åh, nei, han kan ikkje spele dette greiene her!'. Men han klarte det. Han sette opp settet sitt - ein cymbal, ei skarptromme og ei basstromme - og sparka det i gang. Og, hjelpe meg, det gjekk avstad i 20 tempo! Men det var kl. 1900. Då Al Senior kom ein time seinare, kl. 20, svinga Al Jackson jr. det bandet som ein profesjonell».[1]

Dei framtidige bandkollegaene Steve Cropper og Donald «Duck» Dunn høyrde først Jackson spele i bandet til Mitchell i Flamingo Room, og den heilt kvite Manhattan Clib. Mitchell hadde òg med seg Booker T. Jones i bandet sitt. Det var Jonees som føreslo Jackson for Stax. Ha sa, «Dykk treng å bli kjent med Al.» Dunn sa at Jackson nesten fekk han skild frå kona si, fordi då han var ferdig med sin eigen konsert kl. 0100, stoppa han ved ein klubb for å høyre på Jackson, og kom først heim kl. 04 eller 05 om morgonen. «Han var så god!», sa Dunn. Det tok berre ei prøvespeleing med Jackson for å overtyde Dunn og Cropper at dei måtte få han med seg.[2] Jackson var først nølande. Han følte han kunne tene betre på å spele konsertar enn å arbeide i studio. Han vart garantert ei fast løn om han kom til Stax (men fortsette å spele på innspelingar produsert av Mitchell for Hi Records). Og han vart dermed den første studiomusikaren til Stax som fekk ei fast vekesløn.[3]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Jackson vart ein av dei viktigaste trommeslagarane i musikkhistoria hos Stax og skapte ein lett gjenkjenneleg rytme bak artistane på selskapet, som Rufus Thomas, Carla Thomas, Eddie Floyd, Sam & Dave, Otis Redding og bluesgitaristen Albert King (som Jackson òg var produsent for). Han var medlåtskrivar på «Respect» og mange andre hittar på Stax. I 1970-åra var han medlåtskrivar og spelte på mange av hittane til Al Green, inkludert «Let's Stay Together» og «I'm Still in Love with You» på Hi, og han var òg studiomusikar for mange andre artistar, som Tina Turner, Bill Withers, Leon Russell, Albert King, Jerry Lee Lewis, Eric Clapton, Jean Knight, Major Lance, Ann Peebles, Rod Stewart, Shirley Brown, Donny Hathaway og Herbie Mann.

I 1975, fire år etter dei gav ut det siste albumet sitt, Melting Pot, valde medlemmane i Booker T. & the M.G.'s å kome saman att og bruke dei neste tre åra på å spele i lag. Jackson vart myrda før denne planen kom i gang.

Død[endre | endre wikiteksten]

Den 30. september 1975 skulle Jackson fly frå Memphis til Detroit for å produsere ei innspeling med Major Lance, då han visstnok høyrde ei påminning på radio om ein boksekamp mellom Joe Frazier og Muhammad Ali den kvelden. Jackson ringde Detroit for å få utsett innspelinga, og sa at han skulle sjå kampen, som vart kalla «Thrilla in Manila», på storskjerm på Mid-South Coliseum.

Jackson var framleis teknisk sett gift med kona Barbara Jackson, men dei var gått frå kvarandre. I juli 1975 hadde kona hans skote han i brystet, men han valde å ikkje melde det til politiet. Han var i ferd med å søkje om skilsmisse og flytte til Atlanta, der han kunne arbeide med Stax-songaren og låtskrivaren William Bell.[4]

Jackson såg kampen med Eddie Floyd og Terry Manning. Etter kampen kom han heim og fann inntrengjarar i huset sitt. Visstnok vart han tvungen ned på kne, og så skoten fem gonger i ryggen. Kring 0300 på natta den 1. oktober sprang Barbara Jackson ut i gata og ropte om hjelp. Ho fortalte politiet at ranarar hadde bunde ho fast og skote ektemannen då han kom heim. Politiet fann ikkje noko som mangla i huset, og både lommeboka og smykka til Jackson var framleis på han.

Mannen ein trur skaut Jackson skal ha kjend nokon i Memphis. Etter å ha rana ein bank i Florida skal denne personen ha bede personen som visst nok skal ha skote om å møte han heime hos Al Jackson. Den mistenkte mordaren var kjærasten til venen til Barbara Jackson, Denise LaSalle, og vart drepen av ein politimann den 15. juli 1976, men dette hadde ikkje samband med mordet på Jackson.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]