Cordilleras Béticas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Cordilleras Béticas

Cordilleras Béticas er eit fjellsystem sør og aust i Spania. Dei vert òg kalla Sistema Penibético eller Penibética og består av fleire fjellkjeder som går frå vestlege område av Andalucia til Murcia og Valencia, hovudsakleg frå sørvest til nordaust. Sierra Nevada og Aljibefjella i Andalucia er ein del av fjellsystemet.

Det finst fleire forskjellige plantesamfunn i Cordilleras Béticas, som krattskogar, eikeskogar, lauvskog og barskog, som varierer med høgda, jordsmonn og topografi. Fjellkjeda, i lag med Riffjella i Marokko, som vender mot Cordilleras Béticas på andre sida av Alboranhavet, er eit av dei ti områda rundt Middelhavet med høgast biologisk mangfald. Biologar kallar området Betica-Riff-komplekset. Cordilleras Béticas har mange middelhavsplanter, mellom anna fleire artar frå eldgamle laurbærskogar, som dekte mykje av Middelhavsområdet for millionar av år sidan då det var fuktigare her.

Gibraltar vert òg rekna som ein del av Cordilleras Béticas[1]. Dei fleste fjellkjedene i systemet er som regel meir kjend med sine individuelle namn. Cordilleras Béticas er ein del av ein stor boge (Gibraltarbogen) som følgjer den marokkanske kysten frå Oujda i aust til Tanger i vest, og kryssar Gibraltarsundet og går austover igjen frå Cádiz til Valencia og Balearane.

I nord er Cordilleras Béticas skild frå Meseta Central (her Sierra Morena) av bekkenet Guadalquivir.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Cordilleras Béticas høyrer geologisk til ein større orogen som vanlegvis vert kalla Gibraltarbogen, som representerer den vestlege kanten av Den alpine orogenesen. Dei geodynamiske mekanismane som har danna fjellsystemet er enno relativt ukjend.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Cordilleras Béticas er delt inn i følgjande fjellkjeder:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Guide til det Upper Rock naturreservat