Countryblues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Countryblues (òg kalla folkblues, rural blues, backwoods blues eller downhome blues) referer til alle akustiske, hovudsakleg gitarbaserte former for blues. Etter at bluesen oppstod i det sørlege USA, spreidde han seg raskt rundt om i landet (og andre stader), og har vorte opphav til mange regionale stilar. Desse omfattar Memphis, Detroit, Chicago, Texas, Piedmont, Louisiana, West Coast, Atlanta, St. Louis, East Coast, Swamp, New Orleans, Delta og Kansas City-blues.

Stil[endre | endre wikiteksten]

I følgje Richard Middleton (1990, s. 142) oppstod folkblues som ein vidt omfattande musikalsk retning dei første tiåra av 1900-talet, hovudsakleg då plateselskapa for byfolket byrja å marknadsføre landleg folkemusikk frå Sørstatane som «gammaldags». Medverkande til dokumenteringa av sjangeren var òg John og Alan Lomax, Samuel Charters, Paul Oliver, David Evans, Peter B. Lowry, Jeff Todd Titon, Bruce Bastin og William Ferris (alle medlemmar av borgarskapet).

Countryblues vart skapt frå eit mykje «meir hetrogent, flytande musikalsk felt», som både svarte og kvite spelte, som ragtime, tidleg jazz, religiøse songar, Tin Pan Alley, minstrelshow og andre teatersongar (Oliver 1984 og Russell 1970). Blues vart definert funksjonelt - det var gladmusikk - eller ut frå ei kjensle og ikkje så mykje formelle kjenneteikn eller stereotypar.

Titon (1977, s.xvi) peikar på at sjølv om countryfolk ikkje høyrest ut som folkevisene til songarar som Leadbelly, så høver sjangeren likevel best inn under folkemusikk, sjølv om dette kan implisere at svarte amerikanarar er ei eiga folkegruppe. (Middleton 1990, s. 144)

Middleton skildrar countrybluesartisten som ein vandringsmann og sosial framand som syng songar med tema om einsemd, framandgjering og reiser.

Kjende countryblues-artistar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]