Beck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Beck

Beck Hansen (fødd Bek David Campbell, (fødd 8. juli 1970) er ein amerikansk musikar, låtskrivar og multi-instrumentalist. Han er gift med Marissa Ribisi, og saman fekk dei i 2004 sonen Cosimo Henri Hansen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Beck Hansen blei fødd i Los Angeles, California. Foreldra var musikaren David Campbell og biletkunstnaren Bibbe Hansen. Mora var av norsk, svensk og jødisk opphav, og begge foreldra var scientologar. Då foreldra blei separert blei Beck buande med mor si og bror sin i Los Angeles. Der blei han inspirert av byens musikalske mangfald - alt frå hip-hop til latinomusikk - og mora sitt kunstnarmiljø. Denne inspirasjonen syntest godt i musikken hans seinare. Han hadde ikkje mange vener som barn, noko som gav han god tid til å utvikle det musikalske talentet sitt.

Beck sin musikk er ein kollasj av musikkstilar, med ironiske tekstar og eit postmoderne arrangement med sampling, trommemaskiner, live-instrumentering og bruk av lydeffektar. Han eksperimenterer gjerne med sjangrar og har ein til tider absurd, frittflytande lyrisk stil. Musikken hans kan vanskeleg setjast i båsar, og han blei gjerne skildra som totalt original då musikken hans blei sluppen laus på publikum på midten av 1990-talet. Trass i individualiteten må Beck sin musikk seiast å vere eit produkt av 1990-talet, innverknaden frå både hip-hop, indie- og undergrunnsrock samt elektronisk musikk skin ofte gjennom.

Etter å ha hoppa av high school på midten av 1980-talet reiste han rundt i verda. Han heldt fram med å utvikle talentet sitt, blant anna ved å prøve seg som gatemusikant. Han var også ein periode i Tyskland med morfaren sin, fluxuskunstnaren Al Hansen.

Beck reiste attende til Los Angeles på byrjinga av 90-talet, blakk, men motivert. For å klare seg tok han forskjellige strøjobbar, og i ein periode budde han til og med i eit skur. Han heldt likevel fram med å utvikle musikken sin.

Etter ein del minneverdige opptredenar på ymse småklubbar blei han oppdaga av Bong Load Custom Records. Da "Loser" blei gitt ut på ein 12" vinyl i 1993 blei han berre utgjeven i 500 eksemplar. Sensasjonen han skapte på alternative radiostasjonar førte til ein vill bodrunde blant plateselskap som ville sikre seg Beck. Han valte til slutt Geffen Records, som ville tillate han utgjevingar på uavhengige plateselskap sjølv medan han var under kontrakt med dei.

I 1994 kom den offisielle debuten på Geffen Records med albumet Mellow Gold. Det blei straks ein kommersiell suksess. Beck gav samtidig ut Stereopathetic Soulmanure på Flipside og One Foot in the Grave på det uavhengige K Records. Så, i 1995, la han ut på turné med sin Lollapalooza tour. Nokre kritikarar stempla han enno som ein "one-hit wonder", noko som vart stadfesta av eit publikum som som ikkje viste spesielt stor interesse for anna enn slageren "Loser".

I 1996 blei dette stemplet fjerna med utgjevinga av Odelay. Den første singelen, Where It's At, fekk mykje speletid på radio, og videoen blei spelt mykje på MTV. Albumet fekk toppkritikkar i blad som Rolling Stone og vann fleire bransjeprisar, blant anna to Grammyar. Odelay selde til dobbel platina.

Etter dette har Beck følgt opp med fleire glimrande album (sjå liste nedanfor).

Beck og Scientologien[endre | endre wikiteksten]

Beck har vore involvert i scientologi heile livet, men det er først nyleg han har stadfesta det offentleg. Det er uvisst korleis engasjementet hans var på 90-talet, men det kan verke som han distanserte seg noko.

Namnet hans dukka opp i scientologisk litteratur i 2003. Han var då medlem og støtta rørsla økonomisk. I april 2004 gifta han seg med Marissa Ribisi, som også hadde scientologar til foreldre.

Beck erkjente offentleg tilknytninga si til scientologikyrkja for første gong i eit intervju med New York Times Magazine 6. mars 2005. Ytterlegare stadfesting kom i eit intervju i Irish Sunday Tribune i juni 2005, der han skal vere sitert slik: "Ja, eg er scientolog. Far har vore scientolog i 35 år, så eg voks opp i og rundt det." Når han blei spurt om scientologikyrkja si kjernetru svarar han heller vagt om området.

Plateutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Mellow Gold, mars 1994
  • Stereopathetic Soulmanure, april 1994
  • One Foot in the Grave, juni 1994
  • Odelay, juni 1996
  • Mutations, november 1998
  • Midnite Vultures, november 1999
  • Sea Change, september 2002
  • Guero, mars 2005
  • Guerolito, desember 2005
  • The Information 2006
  • Modern Guilt 2008

EPar[endre | endre wikiteksten]

  • Stray Blues (B-Sides) - 2000 (Berre i Japan)
  • Beck (Beck.com B-Sides) - Februar 2001
  • Game Boy Variations - Februar 2005

Singlar[endre | endre wikiteksten]

(med plasseringar på ymse hitlister)

År Song U.S. Billboard Hot 100 U.S. Modern Rock U.S. Main- stream Rock UK singles Album
1994 "Loser" 10 1 39 15 Mellow Gold
1994 "Pay No Mind (Snoozer)" - - - - Mellow Gold
1994 "Beercan" - 27 - - Mellow Gold
1996 "Where It's At" 61 5 - 35 Odelay
1996 "Devil's Haircut" 94 23 - 22 Odelay
1997 "The New Pollution" 78 9 - 14 Odelay
1997 "Sissyneck" - - - 30 Odelay
1997 "Jack-Ass" 73 15 - - Odelay
1997 "Deadweight" - 16 - 23 A Life Less Ordinary Soundtrack
1998 "Tropicalia" - 21 - 39 Mutations
1999 "Cold Brains" - - - - Mutations
1999 "Nobody's Fault But My Own" - - - - Mutations
1999 "Sexx Laws" - 21 - 27 Midnite Vultures
2000 "Mixed Bizness" - 36 - 34 Midnite Vultures
2000 "Nicotine & Gravy" - - - - Midnite Vultures
2003 "Lost Cause" - 36 - 13 Sea Change
2005 "E-Pro" 65 1 31 38 Guero
2005 "Girl" 100 8 - 45 Guero
2005 "Hell Yes" - - - - Guero
2006 "Nausea" - 13 - - The Information
2006 "Cellphone's Dead" - - - - The Information
2007 "Think I'm In Love" - 22 - - The Information
2007 "Timebomb" - - - - N/A

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Beck