Coutances

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Coutances
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Basse-Normandie
Manche
Geografi
Flatevidd
 - By

12,51 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

9 546
  763/km²
Koordinatar 49°03′″N 01°27′″WKoordinatar: 49°03′″N 01°27′″W
Høgd over havet 12 m - 150 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 50200
Heimeside: www.ville-coutances.fr

Coutances er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Manche i regionen Basse-Normandie og har om lag 9 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd som hovudstad for Unelli, ei gallisk stamme. Byen tok namnet Constantia i 298 under styret til den romerske keisaren Constantius Chlorus. Det omliggande området, på latinsk kalla pagus Constantinus, vart seinare kalla halvøya Cotentin.

Byen vart erobra og øydelagd av normannarar i 866, som seinare oppretta busetnadar i området og etter kvart innlemma heile halvøya i Hertugdømet Normandie i 933.

I 17. juli 1944 vart det nytta napalm på byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Coutances