Cristiano Ronaldo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cristiano Ronaldo

Cristiano Ronaldo dos Santos Aveiro (fødd 5. februar 1985 i FunchalMadeira i Portugal) er ein portugisisk fotballspelar. Han spelar for den engelske klubben Manchester united, og har tidlegare spela for Sporting Lisboa og Manchester United og Real Madrid.

Han vart ligameister med Sporting Lisboa i 2003, og i august same år skreiv han under for United. Mange frykta at presset vart stort for den dåverande 18-åringen sidan han fekk den legendariske trøya nr. 7. Ronaldo meistra forventningspresset fint, og var med på å vinne FA-cupen i den fyrste sesongen sin. Han vart toppskårar i Premier League i 2007/08-sesongen med 31 seriemål, og var Manchester United sin toppskårar i Premier League også i 2006/07- og 2008/09-sesongen.

Cristiano Ronaldo vert rekna som ein av dei mest talentfulle spelarane i Europa, og har fast plass på det portugisiske herrelandslaget i fotball. Han debuterte på landslaget i august 2003, og var ein av dei beste spelarane på laget under EM i 2004, der han scora to mål. Mest kjend er C. Ronaldo for dei vanvittige fintene og finessane sine i tillegg til ein svært god basisteknikk. Skot- og pasningsfoten hans er også i orden og alt i alt er han ein av dei klart mest talentfulle spelarane i verda på sin alder. 01.08.13 ble han klar for sin andre periode i Manchester United FC

Den portugisiske driblefanten vert sponsa av sportsutstyrprodusenten Nike, og skorne han brukar er av typen Mercurial Vapor.

Karriere som spelar (alle turneringar)[endre | endre wikiteksten]

Per 21. januar 2008

Klubb Kampar Mål Periode
Portugal Sporting Lisboa 25 3 1999-2003
Flag of England.svg Manchester United 196 84 2003-2009
Spania Real Madrid 150 185 2009-
Flag of England.svg Manchester United 0 0 2013