Cumulus congestus pileus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Ein pileus (Latin for kappe) eller kappesky er ei horisontal sky som kan oppstå over godt utvikla cumulusskyer, vanlegvis cumulus congestus eller cumulonimbus calvus, og får det til å sjå ut som om cumulusskya har ei «hette» eller «kappe». Desse skyene endrar raskt form. Dei oppstår ved at kraftig vertikal luftstraum, gjerne 30-50 km/t, fører fuktig luft raskt oppover, og får lufta til å kondensere. Dermed er dei vanlegvis eit teikn på at cumulusskya er i ferd med å utvikle seg til ei fullt utvikla cumulonimbussky pga av dei kraftige vertikale rørslene i skya. Dei kan òg vere eit teikn på at torevêr er i vente.

Skyene som får desse kappeskyene over seg, blir gjerne kalla «-sky med kappe» eller «-sky med pileus», til dømes «ei cumulonimbussky med pileus».

Referansar[endre | endre wikiteksten]