Pyrocumulus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pyrocumulus

Pyrocumulus er ei tett cumulusforma sky som oppstår i samband med store brannar eller vulkansk aktivitet. Skyene oppstår grunna intens oppvarming av lufta nær overflata som fører til konveksjon, vanlegvis i samband med mykje fuktig luft. Fenomen som vulkanutbrot, skogbrannar og til somme tider industriell aktivitet kan skape desse skyene. Fukt frå den omliggande lufta, og fukt som har fordampa frå brent vegetasjon eller vulkanske gassar, kan lett kondensere på oskepartiklar. Skyene er ofte grå eller brune, pga av røyk og oske frå brannen.

Pyrocumulus varierer kraftig i storleik, frå cumulus humilis til cumulonimbus. Av og til kan skyene produsere regnbyer som dempar eller til og med sløkkjer brannen. Men pyrocumulusskyer inneheld kraftig turbulens som kan føre til kraftige vindkast ved bakken, og dermed òg forverre ein skogbrann. Store pyrocumulusskyer, særleg dei som er danna i samband med vulkanutbrot, kan produsere torevêr. Ein er ikkje sikker på kva som årsakar lyn i desse skyene, men det har truleg samband med den kraftige turbulensen og oskepartiklane i skya. Store pyrocumulusskyer kan strekke seg langt over frysepunktet, og dei elektrostatiske eigenskapane til is kan også spele ei rolle. Ei pyrocumulussky som kan produsere torevêr har sannsynlegvis utvikla seg til ei cumulonimbussky. Dette kan igjen føre til fleire lynnedslag som forverrar brannen.

Pyrocumulus er på mange måtar dynamisk lik ein eldstorm, og dei to fenomena oppstår gjerne i lag. Begge to kan likevel oppstå uavhengig av den andre.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]