Altostratus undulatus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Altostratus undulatus
Altostratus undulatus undder cirrusskyer
Altostratus undulatus undder cirrusskyer
Høgd 2500-6000 m
Utsjånad Bølgjeforma
Nedbørsky? Sjeldan
Forkorting As

Altostratus undulatus eller bølgjeskyer er ei låg altostratussky med bølgjer på undersida. Desse bølgjene er vanlegvis vanskeleg å få auge på. Bølgjene oppstår som regel i samband med vindskjer i skybasen. Dette skjer når eit luftlag strøymer over eit anna luftlag med forskjellig fart eller retning (eller begge delar), og er eit eksempel på Kelvin-Helmholtz instabilitet. Der bølgja stig vil det bli danna skyer, og der bølgja søkk vil skya løysast opp. Visst det er forholdsvis lite fukt i luftlaget kan det av og til berre bli danna skyer på bølgjetoppane. Bølgjene går som regel parallelt, men kan også blande seg saman om dei kjem frå forskjellige retningar (kalla biundulatus). Desse skyene er som regel for tynne til å danne nedbør, men er eit teikn på turbulent luft. Vanlegvis er ikkje denne turbulensen til stor hinder for flytrafikken.