Cumulus congestus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cumulus congestus
Cumulus congestus
Cumulus congestus
Høgd opp til 5000 m
Utsjånad Opptårna cumulus
Nedbørsky? Ja
Forkorting TCU


Cumulus congestus eller opptårna haugskyer oppstår i ustabile område av atmosfæren med mykje konveksjon. Dei har ofte skarpe og klåre konturar og kan av utsjånad minne om blomkål. Skyene har stor vertikal ustrekking, og pga kraftige vertikale luftrørsler blir dei som oftaste høgare enn dei er breie. Skytoppane kan nå høgder på 5000 m, men sidan skybasen er under 2500 m, høyrer dei til skygruppa «låge skyer». Cumulus congestus blir oftast vidareutvikla frå cumulus mediocris, men kan også bli danna frå altocumulus castellanus eller stratocumulus castellanus. Cumulus congestus kan produsere kraftige regn- eller snøbyer, og den kraftige konveksjonen i desse skyene kan føre til ein god del turbulens for flytrafikk. Det kan medføre ein del humping og risting, men er vanlegvis ufarleg.

Av og til kan ein sjå fleire «tårn» som reiser seg frå same skytopp, noko som indikerer kraftige, vertikale luftrørsler. Denne typen cumulusskyer vert kalla «cumulus castellanus». Visst atmosfæren er instabil nok vil skya fortsette å utvikle seg vertikalt til «cumulonimbus calvus», som er ei moderat høg cumulonimbussky som ikkje enno har utvikla seg til «cumulonimbus incus» (som har amboltforma topp). Denne overgangen kan ein sjå ved at dei skarpe konturane på toppen av skya blir meir slørete, fiberaktige og strimlete. Desse skyene kan føre til kraftigare regnbyer. Tida på dagen er derimot viktig for om cumulus congestus kan vidareutviklast vertikalt, fordi konveksjonen over land blir svekka når temperaturen minkar seint på ettermiddagen. Visst den høgaste skya på himmelen er congestus på ettermiddagen, er det tvilsamt at den vil utvikle seg vidare.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]