Dactylorhiza elata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dactylorhiza elata

Status i verda: NT Nær truga

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. elata
Vitskapleg namn
Dactylorhiza elata
(Poir.) Soó
Økologi
Utbreiing: Sørvestlege og vestlege Europa og nordvestlege Afrika

Dactylorhiza elata er ei plante i med omdiskutert gyldigheit i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Ho veks ikkje i Noreg.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

I Plants of the World Online er D. elata definert som ein eigen art utan underartar.[1] Det same gjeld WFO – The World Flora Online.[2] Tidlegare har ein operert med dei to underartane:

  • Dactylorhiza elata ssp. elata - Spania og Nord-Afrika
  • Dactylorhiza elata ssp. sesquipedalis (Willd.) Soó - Frankrike, Spania, Portugal og Sardinia

I Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean (2019) har ein gått bort frå å definere denne som ein eigen art, men reknar han til kongsmarihand-gruppa D. majalis som underarten D. majalis ssp. sesquipedalis.[3] Heile denne gruppa er tetraploid og har truleg kome til ved hybridisering mellom dei to diploide plantene engmarihand (D. incarnata) og skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii), kopla med dobling av kromosomtalet.[4]

I Nederland er han framleis rekna som ein eigen art, lokalt representert ved underarten D. elata ssp. sesquipedalis (nederlandsk namn grote rietorchis).[5]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Hovudutbreiinga for arten er dei vestlege Middelhavslanda i Europa og Afrika. Arten er registrert i Nederland med eit funn på 1980-talet heilt sør på kysten.[5] Han er ikkje raudlistevurdert der.

Hybridar[endre | endre wikiteksten]

I Nederland er det òg registrert eit funn frå 1980-talet av ein hybrid med stormarihand (Dactylorhiza elata ssp. sesquipedalis × praetermissa eller Dactylorhiza ×paridaeniana).[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «PoWO: Dactylorhiza elata». Plants of the World Online. Henta 19. januar 2024. 
  2. «Dactylorhiza elata», World Flora Online, henta 29. februar 2024 
  3. Rolf Kühn, Henrik Æ. Pedersen, Philip Cribb (2019). Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean. London: Kew Publishing. ISBN 978-1-84246-669-8. 
  4. Mikael Hedrén mfl. (2012). «Systematisk position av några norska Dactylorhiza-former» (PDF). Blyttia 70 (3): 139–155. ISSN 0006-5269. 
  5. 5,0 5,1 «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza elata subsp. sesquipedalis». FLORON. Henta 19. januar 2024. 
  6. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza × paridaeniana». FLORON. Henta 18. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]