Debian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Debian GNU/Linux)
Debian


Utviklar(ar)The Debian Project
Utgjeve16. august 1993
Nyaste versjon12.5 (10. februar 2024)[1]
Plattformx86_64, ARM, MIPS, System/390, ppc64, ARMv8-A, x86
Bygger påGNU, Linux-kjernen
Oppdateringsmetodedpkg
Avleidde systemMX Linux, Proxmox VE, Ubuntu, Kali Linux, PureOS, Astra Linux, SteamOS, Raspberry Pi OS, The Amnesic Incognito Live System, AntiX, Bharat Operating System Solutions, Deepin, Devuan, gNewSense, HandyLinux, Knoppix, Parrot Security OS, SparkyLinux, SolydXK, Unity Operating System, Linux mint, Q4OS
LisensGNU General Public License
Nettstadhttps://www.debian.org/

Debian er ein mykje brukt distribusjon av fri programvare og er utvikla av friviljuge frå heile verda. Den mest kjende varianten av Debian er Debian GNU/Linux som er basert på linuxkjernen og med mange av dei grunnleggjande verktøya i eit operativsystem frå GNU prosjektet.

Debian vart stifta i 1993 av Ian Murdoc som var student ved Purdue University på den tida. Han skreiv Debian Manifesto der han oppfordra til å utvikle ein linuxdistribusjon som skulle bli vedlikehelde på eit ope vis, i ånd av Linux og GNU. Han laga namnet ved å kombinere den fyrste delen av namnet til kjærasten sin Debra (no kona hans) med sitt eige førenamn «Ian».

Sidan lanseringa av dei fyrste versjonane i 1994 og 1995 har Debian vokse voldsomt. I den nyaste versjonen inneheld Debian over 8500 programpakkar og er tilpassa elleve ulike datamaskinarkitekturar. Det er også utvikla versjonar basert på operativsystemkjernene GNU Hurd, FreeBSD og NetBSD.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Updated Debian 12: 12.5 released». 10. februar 2024. Henta 13. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Linux-distribusjonar
ALT Linux | Ark Linux | Caldera | CentOS | Debian | Damn Small Linux | Fedora | Fox Linux | Gentoo | Gnoppix | IPCop | Knoppix | Kubuntu | Linspire | Lycoris | Mandriva | Mepis | Mint | Puppy Linux | Red Hat Enterprise Linux | Skolelinux | Slackware | openSUSE | Tango Studio | Trustix | Ubuntu | Ubuntu Studio | Xandros | Yellow dog Linux | Yggdrasil Linux | YOPER  | Zenwalk  | 64 Studio
Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.