Dei liguriske Alpane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei liguriske Alpane
Dei liguriske Alpane -
Høgd over havet Punta Marguareis - 2 651 moh
Ligg i/på Italia
Fjellkjede Alpane
Koordinatar 44°10′N 8°05′EKoordinatar: 44°10′N 8°05′E

Dei liguriske Alpane er ei fjellkjede i Italia. Dei utgjer den sørvestlegaste delen av Alpane, og sør for Colle di Cadibona ligg Apenninane. Vest for Col de Tende ligg Dei maritime Alpane. Fjellkjeda dannar grensa mellom regionane Piemonte i nord og Liguria i sør.

Dei liguriske Alpane vert drenert via Tanaro og andre sideelvar til Po på Piemonte-sida og av fleire mindre elvar som renn direkte ut i Middelhavet på den liguriske sida.

Dei høgaste toppane i Dei liguriske Alpane er Punta Marguareis (2651 moh) og Monte Mongioie (2630 moh). Det er fleire andre toppar over 2000 meter.

Fjellovergangar i Dei liguriske Alpane:

Namn Stad Type Høgd (m)
Colle di Cadibona Savona til Ceva motorveg 436
Colle di Melogno Finale Ligure til Ceva veg 1028
Colle San Bernardo Albenga til Garessio veg 957
Colle di Nava Imperia til Ormea veg 934
Col de Tende Tende til Cuneo veg 1870


Kjelde[endre | endre wikiteksten]