Imperia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Imperia
Porto Maurizio i Imperia
Porto Maurizio i Imperia
Byvåpenet til Imperia
Byvåpenet til Imperia


Plassering
Imperia is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Liguria
Imperia
Grunnlagd 21. oktober 1923
Borgarmeister Luigi Sappa
Geografi
Flatevidd
 - By

45 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

40 440
  879/km²
Koordinatar 43°53′″N 8°2′″EKoordinatar: 43°53′″N 8°2′″E
Høgd over havet 10 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 18100
Telefon-retningsnummer 0183
Nettstad: www.comune.imperia.it

Imperia er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Imperia i regionen Liguria og har om lag 40 000 innbyggjarar. Han er den historiske hovudstaden i delen av Liguria kalla Intemelia.

Imperia er kjend for blomsterdyrking og olivenindustrien og er ein populærturistdestinasjon om somaren.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Imperia består av dei to historiske distrikta Porto Maurizio og Oneglia, som er delt av elva Impero, som har gjeve namn til byen.

Porto Maurizio ligg på ei halvøy vest for elva og strekkjer seg langs kysten. Dette er den mest velståande delen av byen og økonomien her er basert på turisme. Frå 1200-talet var området ein del av Republikken Genova.

Oneglia (tidlegare kalla Ineja) ligg på elvesletta like aust for Impero, og er den meir industrialisert delen av byen. I sentrum ligg Danteplassen, der alle hovudvegane i byen går ut frå.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gjennom krigar, avtalar og kjøp har Porto Maurizio og Oneglia vore inn under Genova, Frankrike, Spania, Savoie og Piemonte, før det vart ein del av det nye Kongedømet Italia i 1861.

Byen Imperia vart grunnlagd 21. oktober 1923 då dei to delane Porto Maurizio og Oneglia og dei omliggande landsbykommunane Piani, Caramagna Ligure, Castelvecchio di Santa Maria Maggiore, Borgo Sant'Agata, Costa d'Oneglia, Poggi, Torrazza, Moltedo og Montegrazie vart slått saman.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]