Tanaro
| Tanaro | ||
|
|
||
| Utspring | Dei liguriske Alpane ved Monte Saccarello | |
| Munning | Po nær Bassignana | |
| Land i nedslagsfelt | Italia | |
| Lengd | 276 km | |
| Middelvassføring | 123 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 8 234 km² | |
Tanaro (i antikken Tanarus) er ei 276 km lang elv nordvest i Italia. Ho har sitt utspring i Dei liguriske Alpane, nær grensa til Frankrike og er den viktigaste sideelva til Po frå høgre ut i frå lengd, nedslagsfelt (som delvis dekkjer Alpane og delvis Appenninane) og vassføring.
Innhaldsliste |
Kjelde [endre]
Tanaro startar frå Liguria der to mindre elvar renn i saman, Tanarello og Nerone, som begge kjem frå Piemonte. Kjelda til Tanarello er i fjellsida til Monte Saccarello ovanfor Monesi, ein landsby i kommunen Triora (IM). Dette fjellet strekk seg inn i det Frankrike|franske departementet Alpes-Maritimes og dekkjer provinsen Cuneo (Piemonte) og provinsen Imperia (Liguria) i Italia. Fjellet markerer grensa mellom tre forskjellige nedslagsfelt: Tanaro sitt, Roya, som startat i Frankrike, men endar renn inn i Frankrike og Argentina som renn ut i Liguriahavet ved Taggia.
Kjelda til Negrone ligg 10 km lenger nord, svært nær den franske grensa og sør for Punta Marguereis.
Sideelvar [endre]
Dei største sideelvane til Tanaro er Stura di Demonte frå venstre og Bormida og Belbo frå høgre.
Elveleie [endre]
Tanaro renn forbi byane Ceva, Alba, Asti og Alessandria før ho munnar ut i Po nær Bassignana i provinsen Alessandria.
Vassføring [endre]
Vassføringa i elva varierer stort med årstidene. Sjølv om ho er den einaste av Po sine sideelvar frå høgre som har opphav i Alpane, er Dei liguriske Alpane for låge og for nær sjøen til at dei har mykje snø eller isbrear store nok til å gje ei jamn tilførsel av vatn om sommaren. Vassføringa i elva varierer derfor meir som ei elv frå Appenninane, lågast om sommaren og høgast om våren og hausten.
Flaum [endre]
Elva er ofte utsett for flaum. I løpet av 200 år frå 1801 til 2001 har delar av Tanarobassenget vore råka av flaum 136 gonger, den mest alvorlege i november 1994 då heile dalen vart hardt råka og særleg byen Alessandria.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Tanaro frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- SUL MONTE SACCARELLO Una camminata alla scoperta delle sorgenti del Tanaro
- F. Luino (2003) Palaeofloods, Historical Floods and Climatic Variability: Applications in Flood Risk Assessment (red. V.R.Thorndycraft, G. Benito, M. Barriendos og M.C. Llasat) – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.