Dei olympiske ringane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei olympiske ringane

Dei olympiske ringane vart teikna i 1913 av grunnleggjaren til dei moderne olympiske leikane, den franske baron Pierre de Coubertin. Ringane vart det offisielle emblemet for dei olympiske leikane, og vart først brukt i samband med sommar-OL 1920 i Antwerpen.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Symbolet består av fem samanvovne ringar i fargane blå, gul, svart, grøn og raud, lagt på ein kvit bakgrunn. Coubertin presenterte det nye emblemet i augustutgåva av Revue Olympique i 1913. Her skildra han at ringane skulle symbolisere dei fem verdsdelane (Nord- og Sør-Amerika blir sett som eitt kontinent). Den blå ringen representerer Europa, gul er Asia, svart er Afrika, grøn er for Oseania, og raud for Amerika.[1]

Flagget[endre | endre wikiteksten]

Emblemet vart offisielt teke opp som symbolet til dei olympiske leikane i 1914, og var tenkt brukt på eit offisielt OL-flagg under sommar-OL 1916, men etter avlysinga av leikane på grunn av den første verdskrigen vart flagga for første gongen heist over stadion i Antwerpen i samband med sommer-OL 1920.

Referansar[endre | endre wikiteksten]