Oseania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Oseania er den minste av dei sju verdsdelane, og består hovudsakleg av øyar. Han er òg den av dei permanent busette verdsdelane med lågast folketal.

Øyområda Polynesia, Melanesia og Mikronesia og kontinente Australia høyrer med til verdsdelen.

Land i Oseania[endre | endre wikiteksten]

Oceania-map 1-41000000.jpg

Territorie i Oseania som høyrer til andre land[endre | endre wikiteksten]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Australia og New Zealand med nærliggande øyar, og til dels òg Ny-Guinea, har klimatilhøve som til ein viss grad er prega av kontinentalitet og av at store fjellområde påverkar nedbørfordelinga i stor grad. Resten av Oseania har eit maritimt tropeklima med høg luftfukt, mykje nedbør og stabile temperaturar året gjennom.

Sjøtemperaturen er ein dominerande faktor og er stort sett over 27 °C, til dels over 28 °C gjennom mesteparten av året. Han aukar stort sett frå aust mot vest og når dei høgaste verdiane lengst vest. Passatvinden er det rådande vindsystemet både sør og nord for ekvator og driv den sørlege og den nordlege ekvatorialstraumen som fører varmt vatn mot Australia og Ny-Guinea og mot eit tilsvarande område nord for ekvator. Nedbøren kjem stort sett som regnbyer som oppstår over det varme havet og vert forsterka av heving mot høgare terreng. Dei større og fjellrike øyane får mest nedbør. Nedbøren er fordelt over heile året, men er gjerne størst i sommarhalvåret på den vedkomande halvkula.

Dei monotone vêrtilhøva vert stundom brotne av tropiske syklonar (syklonar, orkanar eller tyfonar) som følgjer baner frå aust mot vest. Dei syklonutsette områda ligg 5-10 grader eller meir frå ekvator. Lågtrykka oppstår oftast når det er ettersommar eller haust på kvar halvkule. Dei fleste av øyane har lokale vindforhold som er prega av terrenget og den daglege temperaturvariasjonen over land (solgangsbris). Ein kan ofte sjå øyane på lang avstand i form av skyer, såkalla «atollskyer», som tårnar seg opp over det varme landet.

I periodar på 5 til 10 år skjer det ei omlegging av passat- og straumsystemet under El Niño. Passaten vert då svekka, og det vert til dels vestavind i tropesonen, noko som heng saman med høgare lufttrykk enn normalt i vest. Det varme havvatnet vert då driven mot aust og fører til omfattande klimaforstyrringar i Sør-Amerika.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]