Dei sibirske trappene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dei sibirske trappene (russisk Сибирские траппы, Sibirskije trappy) er eit stort vulkansk område i Sibir i Russland. Det massive utbrotet som fann stad her skjedde i overgangen mellom permtida og trias, for om lag 251 til 250 millionar år sidan og oppstod samstundes med perm-trias-utryddinga. Utbrotet er eit av dei største kjende vulkanutbrota som har skjedd på jorda dei siste 500 millionar åra. Ordet trappene referer til det trappeliknande åslandskapet i regionen.

Geografisk utstrekking[endre | endre wikiteksten]

Enorme mengder basaltisk lava strøymde ut over store område av Sibir i ei flaumbasalt-hending. I dag dekkjer området to millionar kvadratkilometer og ein har estimert at det opphavleg kan ha dekt så mykje som sju millionar kvadratkilometer. Det tilsvarer eit volum på 1 til 4 millionar kubikkkilometer.

Området som vart dekt ligg mellom 50 og 75 grader nord og 60 til 120 grader aust. Den vulkanske aktiviteten varte ein million år og strekte seg på begge sider av grensa mellom perm og trias. Det er ingen handfaste bevis på at utbrotet førte til eller var medverkande til perm-trias-utryddinga, men at dei oppstod samstundes er ein indikator på at det i det minste kan ha vore ei medverkande årsak.

Årsak[endre | endre wikiteksten]

Kjelda til Dei sibirske trappen reknar ein med er ein mantelplum som pressa seg opp mot jordskorpa og gjennom den sibirske kratonen. Indikatorar på dette er heliumisotopar i basalten. Dette er derimot eit område som i dag vert forska på.[1] Den andre vanlege teorien er at trappene vart skapt av eit særs stort asteroidenedslag.

Nikkel[endre | endre wikiteksten]

Ein reknar med at det har vore mange ventilar i Dei sibirske trappene over ein periode på om lag ein million år eller meir, truleg aust og sør for Norilsk i Sibir. Individuelle utbrot kan ha spydd ut meir enn 2000 km³ basaltisk lava. Dei store førekomstane av nikkel, kopar og palladium i Norilsk-Talnakh oppstod i magmakanalane i hovuddelen av Dei sibiriske trappene. Store mengder tuff og pyroklastiske avsetjingar tyder på at det var mange store eksplosive utbrot under eller før flaumbasaltane starta. Kiselhaldige vulkanske bergartar som rhyolitt indikerer òg eksplosive utbrot.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Czamanske, Gerald K.; Fedorenko, Valeri A. The Demise of the Siberian Plume, Januar 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]