Siberia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Siberia er ein kraton som ligg i hjarte av Sibir. Siberia eller Angaraland (eller berre Angara) er i det det sentrale sibirske platået. Det er ein særs gammal kraton som var eit sjølvstendig kontinent før permtida.

Historie[endre | endre wikiteksten]

  • for 2,5 milliardar år sidan (siderium) var Siberia ein del av kontinent Arktika i lag med det kanadiske skjoldet.
  • for 1,1 milliardar år sidan (stenium) vart Siberia ein del av det store superkontinent Rodinia.
  • for 750 millionar år sidan (kryogenium) braut Rodinia opp og Siberia vart ein del av det mindre superkontinentet Protolaurasia.
  • for 600 millionar år sidan (ediacara) vart Protolaurasia ein del av det store sørlege superkontinentet Pannotia.
  • for 550 millionar år sidan (ediacara) braut Pannotia og Protolaurasia opp og vart kontinenta Laurentia, Baltica og Siberia.
  • i kambrium vart Siberia eit sjølvstendig kontinent.
  • i karbontida kolliderte Siberia med det mindre kontinentet Kasakhstania.
  • i permtida kolliderte Siberia og Kasakhstania med Baltica og superkontinentet Pangaea oppstod.
  • i juratida braut Pangaea opp i dei to mindre superkontinenteta Gondwana og Laurasia.
  • i krittida vart Laurasia gradvis delt opp i dei to kontinenta Nord-Amerika og Eurasia.
  • i eosen kolliderte det mindre kontinentet India med Asia og skapte Himalaya.
  • i dag er Siberia ein del av Asia, som igjen er ein del av Eurasia.
  • om 250 millionar år kan Siberia vere i subtropiske område og ein del av det nye superkontinentet Pangaea Ultima.
  • om 400 millionar år kan Pangaea Ultima bryte opp, men Siberia kan framleis vere ein del av Eurasia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]