Norilsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Norilsk
Норильск
Flagget til Norilsk Byvåpenet til Norilsk
Flagget til Norilsk Byvåpenet til Norilsk


Plassering
Norilsk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Krasnojarsk kraj
Grunnlagd
Bystatus
1935
1953
Borgarmeister Sergej Sjmakov
Geografi
Flatevidd
 - By

4 500 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

209 300
  46,5 /km²
Koordinatar 69°20′″N 88°13′″EKoordinatar: 69°20′″N 88°13′″E
Høgd over havet 90 moh
Tidssone
- Ved sommartid
KRAT (UTC+7)
KRAST (UTC+8)
Diverse annan informasjon
Postnummer 6633xx
Retningsnummer (tlf) (+7)3919
Nettstad: norilsk.net

Norilsk (russisk Норильск) er ein by i Krasnojarsk kraj i Russland med om lag 210 000 innbyggjarar (2007). Han er den nordlegaste byen i verda med meir enn 100 000 innbyggjarar. Byen har òg ein av dei største førekomstane av nikkel i verda og vart grunnlagd i 1935.

Det første huset bygt i Norilsk

MMC Norilsk Nikel er eigarane av nikkelførekomstane, og ei hjørnesteinsbedrift i byen. Dette er det same firmaet som eig smelteverket i Nikel ved grensa til Noreg. På grunn av at malmen frå Norilskgruvene er særs urein, har dette ført til at byen er rekna som ein av dei mest forureina i verda.[1] I følgje enkelte estimat kan så mykje som 1 % av all utslepp av svoveldioksid kome frå denne byen. Jordsmonnet ved byen er så forureina at det er økonomisk forsvarleg å vinne ut førekomstane av platina og palladium frå jorda.[2]

Tundra nær Norilsk

Norilsk er ein lukka by for utlendingar (bortsett frå kviterussarar).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Norilsk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. World's Worst Polluted Places 2007. The Blacksmith Institute.
  2. Andrew E. Kramer (12. juli 2007). For One Business, Polluted Clouds Have Silvery Linings. The New York Times. (krever innlogging).