Delhisultanatet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørasiatisk historie

Mohenjo-daroAsokanpillar-crop.jpgJinnah og GandhiAkash-missil

Steinalder 70 000–3300 f.Kr.
Mehrgarhkulturen • 7000–3300 f.Kr.
Induskulturen 3300–1700 f.Kr.
Sein harappakultur 1700–1300 f.Kr.
Vedisk tid 1500–500 f.Kr.
Jernalder 1200–300 f.Kr.
Mahadjanapada • 700–300 f.Kr.
Magadhariket • 545–320 f.Kr.
Mauryariket • 321–184 f.Kr.
Mellomrika 230 f.Kr.–1279
Satavahanariket • 230 f.Kr.–199 e.Kr.
Kusjanriket • 60–240
Guptariket •280–550
Palariket • 750–1174
Tsjolariket • 848–1070
Muslimske rike 1206–1596
Delhi-sultanatet • 1206–1526
Dekkan-sultanat • 1490–1596
Hoysalariket 1040–1346
Kakatiyariket 1083–1323
Vidjayanagarariket 1336–1565
Marathariket 1674–1818
Mughalriket 1526–1707
Sikh-samveldet 1716–1849
Britisk India 1858–1947
Delinga 1947 og vidare

Delhisultanatet viser til fem kortvarige dynasti som styrte rike eller sultanat som no er delar av India frå Delhi. Rika var hovudsakleg av tyrkisk og pastjunsk opphav, og herska frå 1206 til 1526, då det blei teke opp i Mogulriket. Delhisultantatet grunnla ein indo-muslimsk kultur som fekk stor tyding for landet.

Qutb Minar blei reist under Mamluk-dynastiet og er rekna som verdsarv.

Dei fem dynastia av Mamluk-dynastiet (1206–90), Khilji-dynastiet (1290–1320), Tughlaq-dynastiet (1320–1414), Sayyid-dynastiet (1414–51) og Lodi-dynastiet (1451–1526). Mamluk-dynastiet blei grunnlagd av Muhammad av Ghor (Muhammad Ghori), som erobra store delar av dagens Afghanistan, Pakistan og Nord-India. Etter at Muhammad døydde utropte Qutb ud-Din seg til ny herskar av Delhi. Qutb ud-Din var general og administrator for Muhammad Ghori. Han var mamelukk, det vil seia ein slave som hadde konvertert til islam, og dynastiet han grunnla er derfor blitt kalla Mamluk- eller Slavedynastiet. Det var prega av mange kortlivde herskarar, men også den einaste kvinnelege herskaren av Delhisultanatet, Raziyya ad-Din. Khalji- eller Khilji-dynastiet utvida sultanatet med Gujarat og Malwa. Tughlaq-dynastiet herska over store delar av dagens Pakistan og India, men såg også uro og opprør og måtte kjempa mot mongolleiaren Timur Lenk. Sayyid-dynastiet blei grunnlagd av ein av hans guvernørar, Khizr Khan. Det siste dynastiet, Lodi-dynastiet, blei grunnlagd då den siste Sayyid-herskaren abdiserte. Lodi-dynastiet blei overvunne av mogulherskaren Babur ved Panipat i 1526.

Nokre kjende byggverk frå Delhi-sultanatet er Qutb Minar og Quwwat-ul-Islam-moskeen i Delhi.

Utbreiinga til Delhi-sultanatet under ulike herskarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Delhisultanatet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]