Den afghanske borgarkrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ruinar i Kabul etter 30 år med krig.
Amerikansk marinesoldat ser på øydelegginga av våpen i ein snødekt dal.

Den afghanske borgarkrigen er ein konflikt som har gått føre seg i Afghanistan sidan 1978 fram til våre dagar, med visse avbrekk. Konflikten har vore ein borgarkrig mellom ulike grupper i landet, men har også hatt aktørar frå ulike andre land.

Krigen kan delast inn i periodar som Den afghansk-sovjetiske krigen frå 1978 til 1989, som utspelte seg som del av Den kalde krigen, borgarkrisperiodane 1989-1992, 1992-1996 og 1996-2001, som enda med at Taliban tok makta i landet, og krigen i Afghanistan frå 2001, då allierte styrkar leia av USA invaderte Afghanistan og hjelpte den afghanske Nordalliansen med å styrta Taliban.

Borgarkrigen byrja med Saur-revolusjonen den 27. april 1978, då Afghanistans folkedemokratiske parti tok makta i landet gjennom eit militærkupp. I desember 1979 gjekk Sovjetunionen inn i Afghanistan for å setja inn si eiga kommunistiske regjering. Afghanske motstandsgrupper, kjend som mujahedin, kjempa imot. Nokre av desse gruppene fekk støtte frå USA, via den pakistanske etterretningstenesta ISI, og Saudi-Arabia. I februar 1989 trekte dei sovjetiske styrken seg ut. Den sovjet-støtta regjeringa blei sitjande i tre år før Kabul fall i 1992, og Afghanistan blei erklært som ein muslimsk stat.

Ulike fraksjonar fortsette likevel å kjempa om makta, ofte med utanlandsk støtte. I 1994 byrja den islamistiske Taliban-rørsla å vinna land, og i løpet av to år hadde dei teke kontroll over størsteparten av Afghanistan, og erklærte det som eit muslimsk emirat.

I 2001 gjekk NATO-land leia av USA inn i Afghanistan for å styrta Taliban og enda støtta deira til den internasjonale terroristgruppa al-Qaida. Samstundes med forsøk på nasjonsbygging fortsette Taliban og tilknytte grupperingar å kjempa mot okkupasjonsmakta og det nye regimet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den afghanske borgarkrigen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne militærartikkelen som har med historie og Afghanistan å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.