Den norske antarktisekspedisjonen 1956–1960

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den norske antarktisekspedisjonen 1956–1960 (NAX) var ein vitskapleg ekspedisjon til Antarktis som vart arrangert i samband med det internasjonale geofysiske året 1957-58. Norsk Polarinstitutt var ansvarleg for gjennomføringa av ekspedisjonen. Direktør på Polarinstituttet, Harald Ulrik Sverdrup, leia førebuingane til ekspedisjonen, medan Sigurd Helle var ekspedisjonsleiar. Det vart først planlagt med ein toårig overvintringsekspedisjon, men det vart seinare vedteke å utvide ekspedisjonen til tre år.

14 deltakarar og 42 grønlandshundar vart frakta til Kronprinsesse Märtha Kyst i Dronning Maud Land med seglskutene «Polarbjørn» og «Polarsirkel» i november 1956. Basen til ekspedisjonen vart lagt 35 km frå kysten og fekk namnet Norway Station, men av deltakarane kalla Fimbul.

Vitskapleg innhald[endre | endre wikiteksten]

Forskingsaktivitetane omfatta:

Resultat[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til at det vart samla inn store mengder forskingsdata, hadde ekspedisjonen stor politisk tyding. Det norske territorialkrav i Antarktis kunne berre oppretthaldast ved å vise at ein var til stades der. Ekspedisjonen sikra òg Noreg ein viktig posisjon i forhandlingane i forkant av Antarktistraktaten, som vart signert i desember 1959.

Kong Olav innstifta 3. februar 1960 Antarktismedaljen til minne om ekspedisjonen. Denne vart tildelt 37 personar som var knytt til ekspedisjonen på ulike måtar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]