Den tredje punarkrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den tredje punarkrigen
Del av Punarkrigane

Plasseringa til Kartago
Dato 149146 f.Kr.
Stad Kartago (nær Tunis i dag)
Krigsårsak For Kartago Numidia sine åtak med romerske støtte i 151 f.Kr. For Roma Kartago sin krig mot Numida som var alliert med Roma.
Resultat Romersk siger. Kartago jamna med jorda for alltid og riket vart fullstendig oppløyst.
Partar
Den romerske republikken Kartago
Kommandantar
Scipio Aemilianus Hasdrubal Boeotarken
Styrkar
40 000 90 000
Tap
17 000 62 000


Den tredje punarkrigen vart utkjempa mellom Kartago og Roma frå 149 f.Kr. til 146 f.Kr. Det var den tredje av tre viktige krigar mellom den tidlegare fønikiske kolonien Kartago og Den romerske republikken. Konfliktane vart kalla «punarkrigane» på grunn av at romarane sitt namn for kartagarane var Punici (eldre Poenici, på grunn av deira fønikiske opphav).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I åra mellom den andre og tredje punarkrigen var Roma opptatt med erobringa av dei hellenistiske imperia i aust, og med å nådelaust undertrykke dei iberiske folka i vest, sjølv om dei hadde vore essensielle i Roma sin suksess i den andre puniske krigen. Kartago var strippa for allierte og territorium (Sicilia, Sardinia og Hispania) og leid under ein krigserstatning på 200 sølv-talentar som skulle betalast kvart år i 50 år.

Romarane hadde framleis eit bittert hat mot Kartago som nesten hadde øydelagd dei i den andre punarkrigen. Kjenslene sat så djupt at den mektige statsmannen Cato alltid avslutta talane sine, uansett tema, med ceterum censeo Carthaginem delendam esse, som tyder «dessutan meiner eg at Kartago må øydeleggjast». Samstundes hadde Kartago fått tilbake mykje av velstanden sin gjennom handel, noko som alarmerte Roma om at eit gjenoppstått Kartago kunne igjen truge dei med krig.

Fredsavtalen frå slutten av den andre punarkrigen kravde at alle grensetvistar som involverte Kartago skulle handsamast av senatet og kravde at Kartago skulle få Roma sin eksplisitte godkjenning før det væpna innbyggjarane sine eller leigde soldatar. Resultatet var at Kartago måtte ta alle grensedisputtane sine med Roma sin allierte, Numidia, til senatet der det nesten alltid vart tatt avgjersler i Numidia sin favør.

Krigens gang[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg: Slaget ved Kartago

I 151 f.Kr. var kartagarane si gjeld til Roma heilt tilbakebetalt, noko som i hellenistisk tankegang tydde at traktaten no var utgått, sjølv om han i romarane sine auge ikkje var det. Romarane så i staden på traktaten som ein permanent deklarasjon over kartagisk underordning til Roma, på same måte som dei romerske traktatane med hennar italiske allierte. Numdia sette i gang nok eit åtak på kartagisk jord, og i respons sette Kartago umiddelbart i gang ein ekspedisjon for å slå tilbake den numidiske invasjonsstyrken.

Resultatet var at Kartago leid eit audmjukande militært nederlag og vart pålagt nye femti år med gjeld til Numidia. Etterpå viste Roma misnøye med Kartago si avgjersle om å føre krig mot naboen utan Roma sitt samtykke, og fortalte Kartago at for å unngå krig måtte dei «blidgjere det romerske folket». Det romerske senatet byrja så å samle ein armé. Etter Utica deserterte til Roma i 149 f.Kr., erklærte Roma krig mot Kartago. Kartagarane gjorde ei rekkje forsøk på å forhandle med Roma, fekk eit løfte om at dersom tre hundre adelsborn vart send som gislar til Roma, skulle kartagarane få halde på rettane til landet sitt og sjølvstyre. Men sjølv etter at dette var gjort, sette romarane i land ein armé ved Utica der konsulane kravde at Kartago skulle overlevere alle våpen og rustningar. Etter at dei vart overlevert, kravde romarane i tillegg at kartagarane skulle flytte minst 16 km inn i landet, medan sjølve Kartago vart brend ned. Da kartagarane høyrte dette trekte dei seg frå vidare forhandlingar og byen vart umiddelbart omleira, noko som starta den tredje punarkrigen. Kartagarane heldt ut omleiringa frå 149 f.Kr. til 146 f.Kr., då Scipio Aemilianus tok byen med storm.

Etterspel[endre | endre wikiteksten]

Mange kartagarar døydde av svolt i den siste tida av omleiringa, medan mange andre døydde i dei siste seks dagane av kampane. Då krigen var over vart dei siste 50 000 kartagarane, ein liten del av den opphavlege folkesetnaden, seld som slavar.

Byen vart systematisk brend i 10 til 17 dagar. Så vart bymurane, bygningane og hamna jamna med jorda og det omkringliggande området vart visstnok salta for å sikre at ingenting kunne gro der igjen. Saltinga kan ha vore ei symbolsk forbanning mot Roma sin oversigra fiende, eller forteljingar som er dikta opp. Det er ikkje nemnd i forteljingane om krigen og historikarar i dag tviler på at det faktisk skjedde.

Resten av Kartago sine område vart annektert av Roma og grunnlagd som den romerske provinsen Afrika.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]