Punarkrigane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hannibal si invasjonsrute under den andre punarkrigen.

Punarkrigane er namnet på tre krigar utkjempa mellom Den romerske republikken og Kartago mellom år 264 og 146 f.Kr. Dei vert kalla punarkrigane fordi det latinske uttrykket for kartagarane var punici (eldre poenici etter det fønikiske opphavet deira).

Hovudårsaka til punarkrigane var konfliktar mellom det eksisterande kartagiske riket og den ekspanderande Romerske republikken. Romarane ønskte å utvida riket sitt via Sicilia, som delvis var under kartagisk kontroll. Ved starten av den første punarkrigen var Kartago den dominerande makta i Middelhavsområdet, med eit omfattande herredøme på sjøen, medan Roma raskt fekk stadig meir makt i Italia. Mot slutten av den tredje krigen, etter meir enn hundre år og fleire hundretusen døde soldatar på begge sider, hadde Roma erobra Kartago og rasert byen, og vart slik den mektigaste staten vest i Middelhavet. Då makedonarkrigane — som pågjekk samstundes med punarkrigane— enda med nederlaget til den selevkidiske keisaren Antiochus III den store i den romersk-syriske krigen (Apameatraktaten i 188 f.Kr.) i det austlege havområdet, vart Roma den dominerande stormakta i heile Middelhavet og den mektigaste byen i den antikke verda.

Dette var vendepunktet som gjorde at sivilisasjonen i det antikke Middelhavet utvikla seg til den moderne verda via Europa i staden for Afrika. Den romerske sigeren over Kartago i desse krigane gav Roma den framtredande statusen han hadde fram til oppdelinga av Romarriket i Vest- og Austromarriket av Diocletian i 286 e.Kr.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kartago låg på kysten av det som i dag er Tunisia. Han vart grunnlagd av fønikarar på midten av 800-talet f.Kr. og var ein mektig bystat med eit stort og lukrativ handelsrike. Ved sidan av Roma var han den viktigaste stormakta vest i Middelhavet. Sjølv om Kartago hadde den klart største marinen, hadde han ikkje ein sterk hær. I staden var dei avhengig av leigesoldatar dei leigde med hjelp av den store rikdomen sin for å utkjempe krigane sine.[1]

Den første punarkrigen (264 til 241 f.Kr.)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Den første punarkrigen.

Den første punarkrigen (264 - 241 f.Kr.) vart delvis utkjempa på land på Sicilia og i den romerske provinsen Afrika og til sjøs. Kampane kosta mykje for begge sider, men etter 20 år med krig sigra Roma, erobra Sicilia og tvinga Kartago til å betale store summar. Den langvarige krigen destabiliserte Kartago så mykje at Roma kunne erobre Sardinia og Korsika eit par år etter då Kartago deltok i leigesoldatarkrigen.

Byrjinga[endre | endre wikiteksten]

Krigen byrja som ein lokal konflikt på Sicilia mellom Hiero II av Siracusa og mamertinarane av Messina. Mamertinarane viste dårleg dømekraft då dei bad den kartagiske marinen om hjelp, og så sveik kartagarane ved å trygle Det romerske senatet om hjelp mot Kartago. Romarane sende ein garnison for å sikre Messina og dei rasande kartagarane hjelpte så Siracusa. Dei to stormaktene vart trekt inn i ein lokal konflikt og konflikten auka raskt til full krig mellom Kartago og Roma om herredømet over Sicilia.

Sjøkrigen[endre | endre wikiteksten]

Etter stortap i slaget ved Agrigentum i 261 f.Kr. avgjorde dei kartagiske leiarane at dei ville unngå fleire samanstøyt på land med dei mektige romerske legionane og fokuserte i staden på havet, der dei meinte at dei hadde overtaket.

I starten sigra den erfarne kartagiske marinen mot den nyoppretta romerske marinen i slaget ved Dei eoliske øyane i 260 f.Kr. Roma svarte med å drastisk utvide marinen sin på svært kort tid. I løpet av to månader hadde romarane ein flåte på over 100 krigsskip. Sidan dei visste at dei ikkje kunne utmanøvrere kartagarane med den tradisjonelle taktikken der ein støtte inn i fienden sitt skip slik at det sokk, utvikla romarane ei «stormbru» på skipa sine, kalla corvus. Denne brua vart festa til fiendeskipet med ein fallås og dei romerske legionærane kunne borde skipet og erobre dei i nærkamp mann mot mann, som romarane var meir vande med. Denne nye romerske taktikken reduserte fordelen til kartagarane i samanstøyt skip mot skip og gjorde at det overlegne romerske infanteriet kunne nyttast i sjøslag. Men corvusen var òg tungvindt og farleg og vart til slutt gradvis avvikla då den romerske marinen vart meir erfarne og taktisk dyktig.

Bortsett frå eit katastrofalt nederlag i slaget ved Tunis i Afrika og to sjøslag vann romarane dei andre kampane i den første punarkrigen. I 241 f.Kr. signerte Kartago ein fredsavtale der dei avstod Sicilia til Roma.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen var den romerske marinen mektig nok til å hindre ein invasjon av Italia frå sjøen, dei kontrollerte viktige og rike handelsruter og kunne invadere andre kystområde.

I 238 f.Kr. gjorde leigesoldatane til Kartago opprør (sjå leigesoldatarkrigen) og Roma nytta sjansen til å ta øyane Korsika og Sardinia frå Kartago i tillegg. Frå no av kontrollerte romarane effektivt Middelhavet, som dei kalla «Mare Nostrum» («vårt hav»).

Kartago nytta åra etter den første punarkrigen til å betre økonomien og utvide koloniriket sitt i Hispania (Den iberiske halvøya, det som i dag er Spania og Portugal), under Barcid-familien. Roma var stort sett fokusert på illyrarkrigane. I 219 f.Kr. gjekk Hannibal, son til Hamilcar Barca, til åtak på Saguntum i Hispania, ein by som var Roma sin alliert, og starta med det den andre punarkrigen.

Den andre punarkrigen (218 til 201 f.Kr.)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Den andre punarkrigen.

Den andre punarkrigen (218201 f.Kr) er mest kjend for at Hannibal kryssa Alpane. Han og hæren hans invaderte Italia frå nord og slo den romerske hæren i mange slag, men nådde aldri det endelege målet sitt med å bryte dei politiske banda mellom Roma og deira allierte.

Medan Hannibal kriga i Italia, Spania og Sicila var Roma samstundes i krig i Hellas mot Makedonia i den første makedonarkrigen. Til slutt vart krigen flytta til Afrika der Kartago vart slått i slaget ved Zama av Scipio Africanus. Mot slutten av krigen hadde Kartago berre kontroll over sjølve byen.

Hannibal kryssa Alpane med elefantar. Ei freske frå 1510 i Capitolinemuseuma i Roma

Det var tre krigsskodeplassar i denne krigen: Italia, der Hannibal fleire gonger slo dei romerske legionane, Spania, der Hasdrubal, ein yngre bror av Hannibal, forsvarte dei kartagiske kolonibyane med blanda suksess fram til han trekte seg inn i Italia og Sicilia der romarane var militært overlegne.

Hannibal[endre | endre wikiteksten]

Hannibal var ein stor strateg som visste at det romerske kavaleriet vanlegvis var svakt og sårbart. Han verva derfor betre kavaleri til hærane sine, noko som fekk katastrofale følgjer for dei romerske legionane.

Etter å ha gått til åtak på Saguntum overraska Hannibal romarane i 218 f.Kr. ved å direkte invadere Italia. Han førte ein stor hær av leigesoldatar, hovudsakleg gallarar, spanjolar, numidarar, og mest kjend, to dusin afrikanske krigselefantar, over Alpane. Dette trekket hadde ein dobbeleffekt. Sjølv om Hannibal overraska romarane og grundig slo dei på slagmarkene i Italia, mista han dei einaste omleiringsmaskinane sine og ein del elefantar i kulden over fjellet. Dette gjorde at han berre kunne slå romarane på krigsmarkene, men ikkje ta sjølve Roma og derfor heller ikkje avgjere krigen.

Hannibal slo dei romerske legionane i fleire store slag, inkludert slaget ved Trebia, slaget ved Trasimenesjøen og mest kjend slaget ved Cannae, men langtidsstrategien hans slo feil. Utan omleiringsmaskinar og for få soldatar kunne han ikkje ta sjølve Roma. Han hadde planlagt å få dei italienske allierte til å vende seg mot Roma og svelte ut byen ved hjelp av ei omleiring. Bortsett frå eit par av bystatane i sør var derimot dei fleste romerske allierte lojale til Roma og kjempa på deira side trass i Hannibal sin nær uovervinnelege hær på den italienske landsbygda. Roma hadde òg ein imponerande evne til å kalle inn hær etter hær med vernepliktige etter kvart knusande nederlag mot Hannibal. Dermed klarte dei å kome seg på fote att etter nederlaget ved Cannae og andre stader og hindre at Hannibal fekk hjelp utanfrå.

Det viktigaste var at Hannibal aldri fekk viktige forsterkingar frå Kartago. Trass i mange bøner klarte berre Kartago å sende forsterkingar til Spania. Mangelen på forsterkingar gjorde at Hannibal hadde for få folk til å erobre Roma.

Den romerske hæren under Quintus Fabius Maximus unngjekk med vilje open kamp mot Hannibal og gjorde det i staden vanskeleg for Hannibal å ta imot forsterkingar. Likevel klarte ikkje Roma å avgjere konflikten i Italia. Dei var ikkje berre i kamp mot Hannibal i Italia, men òg samstundes med broren Hasdrubal i Spania og den første makedonarkrigen mot Kartago sin allierte, Filip V.

Sidan Hannibal ikkje klarte å ta strategisk viktige byar i Italia, den generelle lojaliteten dei italienske allierte viste til Roma og at Roma ikkje kunne møte Hannibal på slagmarka, varte Hannibal sitt felttog i Italia seksten år.

Hasdrubal sitt felttog for å hjelpe Hannibal[endre | endre wikiteksten]

I Spania klarte den unge romerske kommandøren Publius Cornelius Scipio (seinare gjeve tilnamnet Africanus på grunn av dådane hans under krigen) til slutt å slå den kartagiske hæren til Hasdrubal. Hasdrubal forlet Hispania og tok hæren med leigesoldatar til Italia for å hjelpe Hannibal.

Hasdrubal førte den kartagiske hæren over Alpane og inn Italia, som bror hans før han, og klarte å nå Posletta. Tanken på enno ein kartagisk hær i Italia var skremmande og romarane visste at dei måtte avskjere styrkane til Hasdrubal uansett pris. I slaget ved Metaurus i 207 f.Kr. fekk den romerske kommandøren Gaius Claudius Nero 700 av sine beste soldatar til å distrahere Hasdrubal medan han sjølv runda elva for å gå til åtak på baksida av Hasrubal sin hær. Hasrubal skjønte at han var dødsdømd og kasta seg ut i kamp mot dei romerske styrkane for å verte drepen i staden for fanga. Hovudet til Hasrubal vart på triumferande vis kasta inn i leiren til Hannibal og han og hæren hans trekte seg tilbake til fjella for ein kort periode.

Slutten av krigen[endre | endre wikiteksten]

Samstundes i Hispania hadde Scipio erobra dei lokale kartagiske byane og danna alliansar med dei lokale herskarane. Med fred i Hispania vende Scipio seg mot sjølve Afrika.

Sidan Kartago no var direkte truga returnerte Hannibal i 203 f.Kr. tilbake til Afrika for å møte Scipio. Under det siste slaget ved Zama i 202 f.Kr. klarte romarane til slutt å slå Hannibal i open kamp. Karatago bad om fred og Roma godtok, men berre under strenge vilkår der Kartago mista alle koloniane sine og måtte betale høge summar. Dei hadde heller ikkje lov å danne hærar eller marine igjen.

Den tredje punarkrigen (149 til 146 f.Kr.)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Den tredje punarkrigen.

Den tredje punarkrigen (149 - 146 f.Kr) involverte ei omfattande omleiring av Kartago som enda med at byen vart jamna med jorda. Oppblussinga av krigen skjedde som følgje av aukande sinne mot romarane i Hispania og Hellas og den betra kartagiske økonomien og militærmakta i dei femti åra etter den andre krigen.

Utan soldatar vart Kartago stadig utsett for plyndringar frå naboane Numidia. Som følgje av avtalen med Roma vart slike konfliktar avgjort i Det romerske senatet. Sidan Numidia var ein godt likt vasallstat under Roma gjekk avgjerslene til romarane som regel i numidianarane sin favør. Etter femti år under slike tilhøve klarte Kartago til slutt å betale krigserstatninga si til Roma og rekna avtalen som fullført, medan Roma tenkte det annleis. Kartago mønstra ein hær for å slå tilbake dei numidianske styrkane. Dei tapte krigen mot Numidia og sette seg sjølv i gjeld igjen, denne gong til Numidia.

Den aukande militære aktiviteten i Kartago alarmerte mange romarar, inkludert Cato den eldre som etter ei reise til Kartago enda alle talane sine, uansett emne, med: «Ceterum censeo Carthaginem esse delendam.» - «Dessutan meiner eg at Kartago må øydeleggjast».

I eit forsøk på å trekke Kartago ut i krig i 149 f.Kr. gjorde Roma fleire og fleire krav, eit av dei var at Kartago skulle overgje tre hundre adelsborn som gislar til romarane, og til slutt nesten urimelege krav om at byen skulle jamnast med jorda og byggast opp igjen borte frå kysten, lenger inn i Afrika. Då kartagarane nekta å utføre dette siste kravet erklærte Roma krig og den tredje punarkrigen var i gang. Kartagarane måtte no forsvare byen sin på eiga hand, der dei tidlegare hadde vore avhengig av leigesoldatar. Dei lagde tusenvis av våpen av det dei kunne finne i løpet av kort tid og nytta til og med kvinnehår som strenger for katapultane. Med dette klarte dei å stå imot det første åtaket til romarane. Eit nytt åtak under Scipio Aemilianus sin kommando resulterte i ei tre år lang omleiring før han klarte å bryte gjennom bymurane, plyndre byen og systematisk brenne Kartago til grunne.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]