Den tyske hausten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Den tyske hausten (tysk: Deutscher Herbst) viser til komplekset av hendingar som følgde med bortføringa av den tyske arbeidsgjevarpresidenten Hanns-Martin Schleyer og kapringa av Lufthansa-flyet «Landshut» hausten 1977. Hendingane markerte ein kulminasjon av fleire år med venstreekstrem terror. Det var den største krisa i Tyskland i etterkrigstida.

Frå bortføringa av Schleyer til den harde RAF-kjernen døyr i fengsel[endre | endre wikiteksten]

Den 5. september 1977 vart arbeidsgjevarpresident Hanns-Martin Schleyer overfallen på vegen i Köln av ei RAF-gruppe. Sjåføren hans, livvakt og to politimenn vart omgåande skotne og drepne, medan Schleyer vart bortført og skjult i eit høghus i Erftstadt-Liblar utanfor Köln. Han vart deretter tvunge til å appellere til den sosialliberale regjeringa under Helmut Schmidt om å utveksle den fengsla «første generasjonen» av RAF-medlemmar mot han.

Då regjeringa, i motsetnad til ved bortføringa av Peter Lorenz to år tidlegare, ikkje ville gå med ei utveksling, freista Rafs forbundsfellar i PFLP (Kommando Martyr Halimeh) å auke presset ved å kapre Lufthansa-flyet «Landshut». Etter ei lang ferd om Middelhavet og den arabiske verda og drapet på flykapteinen Jürgen Schumann, landa flyet på lufthamna i Mogadishu i Somalia, der det vart storma av tyske kommandosoldatar. Alle gisla vart sette frie, men av dei fire terroristane (Zohair Youssif Akache alias kaptein Mahmud, Souhaila Andrawes, Riza Abbasi, Nadia Duaibes alias Shanaz Holun) overlevde berre Souhaila Andrawes.

Som reaksjon på dette vart Hanns-Martin Schleyer, som i mellomtida hadde vorte frakta om Nederland til Belgia, skoten av kidnapparane sine. Liket hans vart funne om kvelden den 19. oktober i bagasjerommet i ein Audi 100 parkert i Ru Charles Peguy i grensebyen Mühlhausen i Alsace.

Samstundes døydde dei fengsla RAF-terroristane Andreas Baader, Gudrun Ensslin og Jan-Carl Raspe offisielt for eiga hand i Stuttgart-Stammheim-fengselet. Medfangen deira Irmgard Möller overlevde sjølvmordsforsøket. Tyske styresmakter har heile tida hevda at det dreidde seg om eit koordinert massesjølvmord. Konspirasjonsteoretikarar på den ekstreme venstresida har likevel påstått at fangane i røynda vart drepne av styresmaktene. For å støtte denne teorien viser dei til at RAF-fangane var sat avskilde og ikkje hadde kontakt seg i mellom, og difor vanskeleg kunne planleggje dette saman. Det er òg stilt spørsmål om korleis Baader fekk smugla ein pistol inn i høgtryggleiksfengselet og kvifor han berre brukte han på seg sjølv. Möller, som overlevde, nektar òg at det var snakk om sjølvmord, det er frå einskilde hald sådd tvil om korleis ho var i stand til å stikke seg sjølv tre gonger så nær hjartet. Blant dei fremste dåverande kritikarane av den offisielle forklaringa var RAF-advokat Otto Schily, som seinare vart sosialdemokratisk innanriksminister.

Som følgje av hendingane under «den tyske hausten» vedtok tyske styresmakter å aldri meir forhandle med terroristar.