Helmut Schmidt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helmut Schmidt

Kanslar i Tyskland
Periode16. mai 19741. oktober 1982
PartiSozialdemokratische Partei Deutschlands
Fødd23. desember 1918 i Hamburg
FødestadHamburg
Død11. november 2015 i Hamburg
DødsstadHamburg
MorLudovica Schmidt
FarGustav Ludwig Schmidt
Barn
MedlemAtlanterhavsbroen
Sozialistischer Deutscher Studentenbund
Den trilaterale kommisjonen
American Academy of Arts and Sciences
Marine-HJ
FøregangarWilly Brandt
EtterfølgjarHelmut Kohl

Helmut Schmidt (23. desember 191810. november 2015) var ein tysk politikar og statsmann (SPD) som var tysk kanslar frå 1974 til 1982.

Før han blei kanslar var han senator i Hamburg, formann for SPD-fraksjonen i Forbundsdagen, forsvarsminister og finansminister.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Helmut Schmidt blei fødd i Hamburg i ei protestantisk familie som son til to lærarar. Faren hans var fødd utanom ekteskap som son til ein jødisk forretningsmann. Dette vart halde skjult i familien, og blei først offentleg innrømma av Schmidt under press i 1984, etter at journalistar hadde fått greie på det frå vennen Valéry Giscard d'Estaing. I følgje Schmidt skjulte faren og han den jødiske bakgrunnen med dokumentfalsk for å unngå dei nazistiske jødeforfølgingane.

Studiar og militærteneste[endre | endre wikiteksten]

Schmidt tok artium i 1937, blei innrullert i hæren og gjorde teneste først ved luftskytset i Bremen. Etter ei kort tid ved Austfronten blei han send tilbake til Tyskland i 1942, og arbeidde deretter ved Riksluftfartsministeriet. Han gifta seg i 1942. I desember 1944 blei han premierløytnant og gjorde ved slutten av krigen teneste på vestfronten. Han blei tatt som krigsfange av britane i april 1945, og blei repatriert i august same året. Etter grunnlegginga av Bundeswehr blei han reserveoffiser. I 1958 deltok han på ei repetisjonsøving, og blei forfremma til kaptein i reserven. Ved ei seinare repetisjonsøving blei han forfremma til major i reserven.

Etter krigen studerte han økonomi og statsvitskap i Hamburg, og fullførte universitetsstudia i 1949 med hovudfag i sosialøkonomi.

Politisk karrière[endre | endre wikiteksten]

Helmut Schmidt blei medlem av SPD i 1946, og var leiar av partiet sin studentorganisasjon frå 1947-48.

Han arbeidde først i delstatsregjeringa i Hamburg, seinare for SPD si partigruppe i Forbundsdagen. Han blei sjølv vald inn i Forbundsdagen i 1953. Han blei medlem av SPD sitt sentralstyre i 1957. Frå 1958 markerte han seg som atomvåpenmotstandar; særleg var han motstandar av atomvåpen på tysk jord. Konservative politikarar ivra for at den tyske hæra skulle skaffe seg atomvåpen, og USA pressa på for å utstasjonere atommissil retta mot Sovjetunionen i Tyskland. I 1958 miste han setet i Forbundsdagen.

Frå 1961 til 1965 var han senator for innanrikssaker i Hamburg. Han fekk vellæte for den aktive rolla han tok under oversvømminga av byen i 1962. I 1965 blei han igjen innvald i Forbundsdagen, og blei leiar for SPD sin fraksjon i 1967 og viseformann i partiet i 1968. Han blei forsvarsminister i den nasjonale regjeringa i oktober 1969. Frå juli 1972 til november same året var han økonomi- og finansminister, og deretter fram til mai 1974 finansminister.

Schmidt under valnatta i 1976

Schmidt blei tysk kanslar den 16. mai 1974 etter at Willy Brandt måtte gå av som følgje av spionasjeskandalen.

I motsetning til Brandt blei Schmidt rekna for å høyre til høgrefløya i SPD. Økonomien var den viktigaste saka i hans regjering. Det vart også arbeidd med å betre forholdet til Frankrike og den franske presidenten Valéry Giscard d'Estaing. Økonomisk blei han rekna som tilhengar av Keynes sine teoriar. I 1975 var han ein av grunnleggjarane av Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa. Etter vala i 1976 regjerte han i koalisjon med FDP. Han gav GSG9 ordre om å stanse gisseltakinga av Lufthansaflyet «Landshut» med makt i Somalia. Han gjekk sterkt inn for NATO-ekspansjon etter den sovjetiske invasjonen i Afghanistan.

Helmut Schmidt blei attvald som kanslar i november 1980. I februar 1982 vann han eit konstruktivt mistillitsforslag, men i september forlét fire FDP-statsrådar regjeringa. Etter forsøk på å halde fram som mindretalsregjering, blei han til slutt tvinga til å gå av den 1. oktober, og blei etterfølgd av Helmut Kohl.

Schmidt blei rekna for å vere veltalande og intellektuell, og snakka mange språk.

Spire Denne historieartikkelen som har med Tyskland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.