Giovanni Gabrieli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Giovanni Gabrieli
Giovanni Gabrieli.jpg
Giovanni Gabrieli
Fødd ca. 1555, Venezia i Italia
Død 12. august 1612, Venezia i Italia
Sjanger Renessansemusikk, barokkmusikk
Yrke Komponist og organist

Giovanni Gabrieli (fødd mellom 1554 og 1557, død 12. august 1612 i Venezia) var ein italiensk organist og komponist. Han var ein av dei viktigaste musikarane på si tid og representant for den venetianske skulen i overgangen mellom renessansen og barokkmusikken.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Gabrieli vart mest truleg fødd i Venezia. Faren kom frå byen Carnia og reiste til Venezia kort tid før Giovanni vart fødd. Giovanni studerte hos onkelen sin, komponisten Andrea Gabrieli, som òg kan ha oppfostra nevøen sin. Giovanni var ein periode i München for å studere hos Orlando di Lasso ved hoffet til Albert V av Bayern, truleg var han her til 1579. I 1584 eller 1585 vart han andreorganist i Markuskyrkja i Venezia, og etter onkelen døydde i 1586 overtok han onkelen sin posisjon som komponist og førsteorganist.

Etter at onkelen døydde byrja Giovanni å gje ut mykje av musikken hans. Andrea publiserte lite sjølv, men Giovanni meinte tydelegvis at musikken hans var god nok til å gjevast ut, og har derfor æra for at mykje av musikken til Andrea er bevart.

Karrieren til Gabrieli skaut fart etter at han tok ein tilleggspost ved Scuola Grande di San Rocco. Som med postane ved San Marco heldt han òg denne livet ut. San Rocco var det mest prestisjefylte og velståande av alle venetianske brorskapa, og hadde nest etter Markuskyrkja det største musikalske miljøet. Mykje av musikken til Gabrieli vart skriven for San Rocco, men det meste skreiv han nok for San Marco.

Markuskyrkja var ein av dei leiande musikalske institusjonane på denne tida og virket til Gabrieli der gjorde han til ein av dei viktigaste komponistane i Europa. Sacrae symphoniae (1597) var ei stor inspirasjonskjelde og skapte slik furore at det kom komponistar frå heile Europa til Venezia for å studere. Han fekk tydelegvis elevane sine til å studere madrigalar med det same, for i tillegg til den grandiose venetianske fleirkorsstilen tok dei òg med seg den meir intime madrigalstilen. Heinrich Schütz og andre hjelpte til å overføre impuls frå den tidlege barokkmusikken til Tyskland, ein trend som fekk stor tyding for musikkhistoria framover. Den tyske barokken som kulminerte med musikken til Johann Sebastian Bach var grunnlagt på denne sterke venetianske tradisjonen.

Etter om lag 1606 vart Gabrieli stadig sjukare og ein starta å utnemne assistentar til oppgåver han ikkje lengre kunne utføre. I 1612 døydde han av komplikasjonar etter nyrestein.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Gabrieli komponerte i mange av stilartane frå denne tida, men bortsett frå tidleg i karrieren skreiv han berre vokal og instrumental kyrkjemusikk.

Som andre komponistar før han nytta han den spesielle arkitekturen i Markuskyrkja med motståande balkongar til å skape uvanlege romverknader. Ein sette opp to kor som stod fråskilte på kvar sin balkong og song saman i fleirstemt polyfoni. Slik oppstod ein stereofonisk verknad der akustikken og ekkoet var ein del av effektane. På den tida var det vanleg å fylle ut eller erstatte vokalstemmer med instrument, og etterkvart starta Gabriel å skrive reine instrumentale satsar der han tok omsyn til særpreget til instrumenta.

Mesteparten av musikken er skriven slik at eit kor eller ei instrumentalgruppe først vert høyrt til venstre og så svarar musikarane til høgre (antifon). Gabrieli var den første som laga nøye anvisingar til samansetnad av instrument- og songargrupper. Akustikken i Markuskyrkja - og den har endra seg lite på fire hundre år - var slik at rett plasserte instrument kunne høyrast klårt og tydeleg langt unna. Dermed kan instrumentering som ser pussig ut på papiret lyde perfekt balansert i San Marco.

Eit av dei mest kjende stykka hans, In Ecclesiis, er eit krondøme på fleirkors-stil med fire separate instrumentalgrupper og songarar som vert støtta av ein stødig generalbass.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Gabrieli vert rekna som den viktigaste musikalske figuren i overgangen mellom renessanse- og barokkmusikken. Han brukte generalbass alt tidleg i karrieren, og han var ein av dei første i musikkhistoria som brukte dynamiske markeringar (i Sonata pian e forte).

Namngjetne komponistar som Michael Praetorius og spesielt Heinrich Schütz var elevar av Gabrieli.

Dei første publiserte verka hans vart gjevne ut i ei samling som kom ut i Venezia i 1575. I 1587 gav han ut ei samling av onkelen Andreas sine songar.

Dei viktigaste samlingane til Gabrieli er

  • Ei samling kalla Concerti di A. eit di G. Gabrieli (1587),
  • Ecclesiasticae cantiones (1589, for 4‒6 stemmer)
  • Madrigalar for 5 stemmer (1589)
  • Sacrae symphoniae I (1597, for 6‒16 stemmer for song og orkester)
  • Symphoniae sacrae II (1615, for 6‒19 stemmer), posthumt
  • Canzoni e sonate (1615, for 3‒22 stemmer), posthumt

Påverknad[endre | endre wikiteksten]

Arne Nordheim var ein beundrar av Gabrieli, og i Nordheims første orkesterverk, Canzona per Orchestra (1960), bruker han den venetianske skule sin ide med å sette saman forskjellige kontrastar og slektande klangblokker - sjølvsagt i sitt eige tonespråk[1].

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Richard Charteris: Giovanni Gabrieli (ca. 1555–1612): a Thematic Catalogue of his Music with a Guide to the Source Materials and Translations of his Vocal Texts. New York, 1996.
  • Egon Kenton: Life and Works of Giovanni Gabrieli. American Institute of Musicology, 1967 (Armen Carapetyen).
  • Eleanor Selfridge-Field: Venetian Instrumental Music, from Gabrieli to Vivaldi. New York, Dover Publications, 1994. ISBN 0-486-28151-5
  • Denis Arnold: Giovanni Gabrieli and the Music of the Venetian High Renaissance. London: Oxford University Press, 1979. ISBN 0-19-315247-9
  • Denis Arnold: Monteverdi. London, J.M. Dent & Sons Ltd, 1975. ISBN 0-460-03155-4
  • Artikkelen «Giovanni Gabrieli» i The New Grove Dictionary of Music and Musicians, ed. Stanley Sadie. 20 vol. London, Macmillan Publishers Ltd., 1980. ISBN 1-56159-174-2
  • Gustave Reese: Music in the Renaissance. New York, W.W. Norton & Co., 1954. ISBN 0-393-09530-4
  • Manfred Bukofzer: Music in the Baroque Era. New York, W.W. Norton & Co., 1947. ISBN 0-393-09745-5
  • Carl von Winterfeld: Johannes Gabrieli und sein Zeitalter, Berlin 1834, pdf med del 1
  • S. Kunze: Die Instrumentalmusik Giovanni Gabrielis. Tutzing 1963
  • S. Schmalzriedt: Heinrich Schütz und andere zeitgenössische Musiker in der Lehre Giovanni Gabrielis. Neuhausen 1972
  • R. Wiesenthal: Die Sacrae Symphoniae Giovanni Gabrielis. Diss. Jena 1954

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grinde 1989: s 386

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Notar